Russland eksponerer den ukrainske biolab-operatøren Metabiota og deira samband til Pentagon, Hunter Biden, EcoHealth Alliance og WEF

Av Lance D Johnson, Natural News. Omsett av saksyndig.

Som del av deira spesialmilitæroperasjon i Ukraina har det russiske forsvarsministeriet fått tak i over 20 000 dokument tilknytt eit amerikanske biolab-prosjekt i Ukraina ved namn Metabiota. Ukrainas president Volodymyr Zelensky gav ordre om at alle dokument relatert til Metabiota skulle destruerast rett før russarane sette i verk sin spesialmilitæroperasjon i Ukraina. Verdas helseorganisasjon – organet som installerte ein global medisinsk politistat – bad Zelensky om å øydeleggje alle dokument relatert til biolaboratorium i Ukraina, med det føremål å hindre innsyn i mistenkt biovåpenforsking. Den amerikanske ambassaden i Ukraina fjerna òg alle sine Ukraina-biovåpenlab-dokument frå nettet.

Derimot hevda Det russiske ministeriet for utanriksaffærar (MFA) måndag 20.januar 2023 at dei sat på inkriminerande dokument. MFA fastslo: «Materiala bekreftar at Pentagon hadde som mål å skape element av eit biologisk våpen, og teste det på befolkninga i Ukraina.» Dette er sjokkerande påstandar som involverer Hunter Biden, Joe Biden og Pentagon, i tillegg til å implisere Peter Daszak [uttala ‘daysack’] i EcoHealth Alliance og medlemmer av World Economic Forum.

Biolab-aktivitet i Ukraina har samband til Hunter Biden, Peter Daszak og Pentagon

Denne ukrainske biolab-operatøren – Metabiota – er leia av Nathan Wolfe, ein framtredande Stanford-virolog som tidlegare har arbeidd med gain-of-function koronavirus-forsking med Peter Daszak i EcoHealth Alliance. Dr. Daszak er den berykta vitskapsmannen som tok midlar frå dr. Anthony Fauci ved National Institutes for Allergy and Infectious Disease (NIAID) til utanlandsk, ulovleg gain-of-function-forsking ved Wuhan institutt for virologi i Kina. Nathan Wolfe var med i styret i EcoHealth Alliance og er medlem i DARPA sitt Defense Science Research Council [«forskingsråd for forsvarsvitskap»]. Wolfe og Daszak skreiv ein artikkel saman i 2017 som handla om «globale mønster i koronavirus-mangfald».

Den uetiske virologiforskinga som fann stad i Kina kunne svært lett bli utført og utbrodert i Ukraina, sidan Daszak og Wolfe delte forskinga si og koordinerte nye forretningsføretak som involverte biovåpenproduksjon og utvikling av rovdyrvaksinar [engelsk predatory vaccine development].

Naturlegvis burde ukrainske biolaboratorium ha blitt fullstendig tekne ut av teneste etter at amerikanske politikarar lovde å gjere dette med Nunn-Lugar Cooperative Threat Reduction Act i 2005. Desse biolaboratoria vart tidlegare operert av Sovjetunionen, men vart tekne ut av teneste etter at Sovjetunionen vart oppløyst. USA lovde å øydeleggje alle biologiske og kjemiske våpen på desse stadene, men det viser seg at der ligg meir bak historia.

Faktisk investerte Hunter Biden sitt selskap – Rosemont Seneca Technology Partners (RSTP) – ein halv million dollar i den ukrainske biolab-operatøren Metabiota, medan han brukte påverknadskrafta til familien sin på Det kvite hus for å sikre seg forretningsavtalar med ukrainske oligarkar. Biden fekk òg Goldman Sachs og Morgan Stanley involvert i investeringane (ifølgje e-postar som vart skaffa frå Hunter Biden-laptopen). Pentagon slutta seg omsider til Metabiota òg, og investerte 23,9 millionar dollar i ein kontrakt for bioforsking. Tilbake i 2014 kommuniserte Metabiota sin visepresident Mary Guttieri direkte med Hunter Biden, og lovde å «bruke vårt team, våre nettverk og konsept til å sikre Ukraina si kulturelle og økonomiske uavhengigheit frå Russland, og framhaldande integrering i det vestlege samfunnet.»

Òg i 2014 vart Hunter Biden kontakta av Burisma-sjef Vadym Pozharshki, som ønskte å gjere ein avtale med Metabiota i Ukraina. Hunter inviterte Burisma-sjefen til eit møte med seg og faren sin, dåverande visepresident Joe Biden. Dei tre møttest i Washington DC 16.april 2015 (ifølgje e-postar frå Hunter Biden-laptopen). Mindre enn ein månad seinare, 12.mai 2014, vart Hunter med i direktørstyret i Burisma Holdings, og byrja å tene ein million dollar i året. Som del av den korrupte avtalen vart to av Hunter Biden sine tilsette i Rosemont Seneca Partners – Neil Callahan og John DeLoche – utpeikte til styret i Metabiota. Innan oktober det året skreiv John DeLoche, managing director i RSTP til sjefen sin, Hunter Biden, at selskapet kom til å «auke investeringa vår i Metabiota med 250 000.»

9.oktober 2014 skreiv John DeLoche til Hunter Biden, Devon Archer og RSTP-sjef Rob Walker: «Er der nokon vi kan ringje til i DC for å få ei formeining om kor lovleg Metabiota blir rekna for å vere innan dei ymse statlege byråa? Vi ønskjer å sikre oss at vi gjer vår plikt her, spesielt sidan Goldman og no Morgan Stanley vil gjere si plikt i fondet og Metabiota på veg mot å investere i begge. I tillegg, kven har vi introdusert dei til i DC? Kan du vere vennleg å kome med ei liste av dei ymse folka i Cornerstone so vel som utanfor firmaet der vi har gjort introar? Desse dataa vil bli del av investeringsmemoet vårt som vi prøver å fullføre og sende til potensielle LP-ar [limited partnership; forretningspartnarskap med minst éin generell partner og ein partner med avgrensa ansvar; oms.komm.] innan tysdag.»

9.oktober 2014 svarte Rob Walker: «Eg kjem til å få ein venn til å ta kontakt med Forsvarsdepartementet uoffisielt.» Ikkje lenge etter gav Forsvarsdepartementet 23,9 millionar dollar til Metabiota, og vidareførde den amerikanske regjeringa si involvering i korrupt biovåpenutvikling, og førde Metabiota ut i internasjonalt søkjelys.

Det russiske militæret eksponerer korrupte biolaboratorium i Ukraina som Biden-regimet ønskjer å skjule

I 2021 valde World Economic Forum Metabiota som sin WEF tech-pioner og fremja det korrupte føretaket som framtida for å kontrollere pandemiar. Medlemmer av WEF jobbar med å innføre vaksinepass globalt medan dei byggjer infrastrukturen for å handheve ein biotryggleiksstat der sivile fridommar og menneskerettar høyrer til fortida.

Den russiske ambassadøren for USA, Anatoly Antonov, sa at den noverande amerikanske administrasjonen «mislykkast i å undertrykkje offentleg diskusjon» og må svare for løgnene sine. «I sjølve USA har ymse etterforskingar blitt sett i gang når det gjeld føderale bioprosjekt, inkludert på gain-of-function-forsking, og biverknader av vaksinasjon,» sa den russiske ambassadøren til FN. «Same kor mykje Washington prøver å vri seg unna, vil dei før eller seinare måtte svare på spørsmål som vart stilt av Den russiske føderasjonen. Ein burde hugse: alle løgner har ein utløpsdato.»

Antonov skulda den amerikanske regjeringa for å «seie imot seg sjølve» ved å prøve å gøyme biolab-programma sine. Pentagon kallar arbeidet sitt «fredelege biologiske forskingsprosjekt» og gav ut eit faktaark i 2021 der dei hevda at arbeidet deira er «forsøk på å redusere masseøydeleggingsvåpen». Antonov påstod at den amerikanske regjeringa no «aktivt omplasserer dei uferdige prosjekta frå Ukraina til land i Sentral-Asia og Aust-Europa» og flyttar program over til «sivile strukturar» slik som HHS [det amerikanske helse- og omsorgsdepartementet] og USAID [byrå for internasjonal utvikling]. «Dei håper openbert at det vil hjelpe dei til å unngå kritikk og avfeie ståket frå Pentagon,» påstod Antonov.

Antonov fastslår: «Dersom amerikansk biologisk forsking i Ukraina var reint fredeleg, kvifor vart aktivitetane so brått redusert? Kvifor blir desse temaa handtert av militæret? Svaret er openbert: Washington hadde og har noko å skjule!»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s