Oppdatering i Iris Frohe-saka: Anken er sendt og svaret kjem i midten av april

Norsk hjelpefond melder at Iris Frohe har valt å anke dommen frå Hamar tingrett. Dommen blir anka i sin heilskap, og det er ifølgje Norsk hjelpefond avgjerande at retten tek stilling til dei faktiske forholda i saka. Som dei skriv:

«Hamar kommune hadde store mengder informasjon tilgjengelig da de fattet beslutning om oppsigelse av Iris. Etter vår mening peker denne informasjonen på at verken testing eller vaksine var effektive tiltak. Men det er i till[e]gg gjort mange formelle feil i prosessen som førte til oppsigelse.»

Kort fortalt vart sjukepleiaren Iris sagt opp fordi ho ikkje følgde arbeidsgjevars pålegg om testing to gonger i veka fordi ho var uvaksinert. Iris bad arbeidsgjevar om medisinskfaglege grunngjevingar og dokumentasjon på formelle prosessar i forkant av tiltaka, men fekk det ikkje på noko tidspunkt. I tillegg må arbeidsgjevar ha gjort ei «grunding nødvendighetsvurdering» før dei går til det steget å innhente vaksinasjonsstatus frå tilsette, noko som er private helseopplysningar. Hamar kommune ser ikkje ut til å ha gjort ei slik vurdering, og prøvde seg med at det var «friviljug» for dei tilsette å opplyse om vaksinasjonsstatus. Tilsette som kryssa av på «ønsker ikke å oppgi vaksinasjonsstatus» vart kategoriserte som uvaksinerte. Ja, du las riktig. Dei som ikkje ønskte å opplyse om vaksinasjonsstatus, vart rekna som uvaksinerte.

Etter denne «kartlegginga» av vaksinasjonsstatus hjå dei tilsette, gjekk kommunen dermed vidare med kontrolltiltak retta mot uvaksinerte. Slikt opnar arbeidsgjevars styringsrett for, men det må drøftast med dei tillitsvalde, jf. Arbeidsmiljølova §9-2. Kommunen er ute av stand til å leggje fram signerte protokollar frå desse drøftingane, av den enkle grunn at det ifølgje dei tillitsvalde frå sjukepleiarforbundet aldri fann stad. Dei var jo einige med kommunen og følgde nasjonale anbefalingar. Kvifor drøfte når ein allereie er einig? Og kvifor gidde å faktisk følgje arbeidsmiljølova sitt krav om drøfting og risikovurdering?

På bakgrunn av dette var kontrolltiltaka retta mot uvaksinerte dermed ugyldige, og Iris var i sin fulle rett til å ikkje «etterfølge» dei. Kommunen reagerte på denne «ulydigheita» med å tilby omplassering. Dette krev at det i forkant blir gjort ei «konkret risikovurdering». Dette har ikkje Hamar kommune greidd å finne dokumentasjon på, mest sannsynleg fordi ei slik vurdering aldri vart gjort. Dei såg ut til å omplassere Iris berre fordi dei hadde lyst.

Som Norsk hjelpefond avslutningsvis skriv:

«Det er all grunn til å tro at kommunen har hatt de beste intensjoner med sine metoder. Dessverre er Hamar kommune i likhet med et flertall av norske kommuner, helt ute av stand til å forholde seg til lovens krav i pressede situasjoner. Det kan virke som dei rett og slett ikke har lest alle brevene frå Helsedirektoratet og er kjent med arbeidsmiljøloven.»

Vi håper at Iris vil få svar på kvifor alle desse formelle saksbehandlingsfeila er gjort no når saka skal opp i lagmannsretten. Dei som ønskjer å hjelpe ho, kan donere pengar til spleisen som er oppretta. Per dags dato er det samla inn 126 750 kroner frå 437 gjevarar.

Dommen frå Hamar tingrett, som no altso blir anka, kan lesast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s