Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News og Brighteon. Omsett av saksyndig.
Eg trur at Trump sin tiltale frå maktgalne Demokratar er nok eit naudsynt steg for eldrettssaka som vil føre til at USA reiser seg mot tyranni, sensur, valfusk og den demoniske infestasjonen av den venstresida som har produsert barne-grooming, transkjønnsideologi, transterrorisme og utbreidde psykologiske traume.
Verda trong å sjå galskapen til Demokratane sidan dei ikkje berre fuska med valet mot Trump (og USA), men til og med prøver å få han fengsla i skrivande stund… akkurat som Demokratane sjølve aldri blir strafferettsleg forfølgde for alvorlege brotsverk, inkludert bestikkelse, menneskesmugling og landssvik.
Som du vil høyre i dag i min Brighteon Broadcast News-episode (under) [det nye namnet på Adams’ Situation Update-podcast; oms.an], trur eg òg at Trump sjølv må kome seg heilskinna gjennom denne rettssaka for å oppnå ei personleg forvandling til det betre.
Trump har vore tonedauv overfor den systematiske undertrykkinga og dei målretta åtaka mot hans eigne støttespelarar
Etter mitt syn har Trump vore for sjølvsentrert og tonedauv overfor den systematiske undertrykkinga av hans eigne støttespelarar. I fleire år av hans fyrste administrasjon såg Trump ut til å vere fullstendig uoppmerksam på at hans eigne støttespelarar vart sensurerte, av-plattformiserte og miste pengar gjennom nesten alle teknologi-plattformer. Sjølv i dag forstår Trump framleis ikkje at hans Operasjon Warp Speed har resultert i drapet på og lemlestinga av millionar av uskuldige amerikanrar. Somme av dei offera følgde Trumps vaksineråd, noko som førde til deira eigen undergang.
For at Trump skal vere den leiaren som USA treng, må han vere viljug til å late seg korsfeste (biletleg tala), og vise at han er viljug til å stikke fram hovudet for å markere ståstaden til USA. Trump må òg lære å avvise forrædarar frå etablissementet og djupstatsskurkar som karakteriserte hans fyrste administrasjon. Kanskje no, med denne tiltalen, vil Donald J. Trump omsider få oppleve det resten av oss har gått gjennom dei siste 7-8 åra, og Trump sjølv vil lide akkurat nok til å innsjå at dette handlar om mykje meir enn Trump sjølv: Det handlar om USA er i stand til eller ikkje i stand til å kaste frå seg autoritarianismens lenkjer og gjenopprette sin konstitusjonelle, ærefulle republikk.
For å gjenopprette USA må Trump fullstendig avvise etablissementet og krevje den fullstendige fråplukkinga av djupstaten og alle deira institusjonar, inkludert FBI, Justisdepartementet, FDA, CDC, Helse- og omsorgsdepartementet og fleire. Dei er alle uoppretteleg korrupte og blir brukte som våpen mot det amerikanske folket.
Eg trur at Trumps arrestasjon og straffeforfølging faktisk kan vere oppvekkjaren som Trump treng for å endeleg byrje kampen om å drenere sumpen og bruke makta si til å arrestere og fengsle forrædarane, agentane og dei svikefulle aktørane som har erklært krig mot denne nasjonen.
Dette kan vere Guds plan, likevel kan berre Trump sjølv avgjere om han vil gjennomgå «heltereise»-forvandlinga som er naudsynt for å bli den revolusjonære leiaren som USA treng.
I praksis må Trump overgå Trump om han skal bli ein sann leiar for gjenopprettinga av USA. (George Washington overgjekk Washington, forresten, og vart ein Guds tenar for å oppnå Guds plan for USA som ein nasjon grunnlagt på kristendommen).
Personleg kjem eg ikkje til å stemme på mannen Donald Trump. Eg vil berre stemme for Donald Trump som ein tenar for Guds plan for USA. Det er opp til Trump sjølv å avgjere kva for ein Trump han ønskjer å vere.
Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Brighteon Broadcast News-episode frå 31.mars 2023.