Mike Adams: Force majeure kan bli sett i verk som del av den konstruerte Great Reset

Av Belle Carter, NewsTarget. NewsTarget er systersida til Natural News. Omsett av saksyndig.

Tilbake i september i fjor kom Mike Adams, The Health Ranger, med eit scenario der alt kunne ende i ein global force majeure. Dette er sakte i ferd med å bli ein realitet no når finansielle institusjonar byrjar å falle i frå kvarandre.

Finansnettsida Investopedia definerer force majeure som ein klausul inkludert i kontraktar som fritek for ansvar og plikter når det finn stad uføresette og uunngåelege katastrofar som avbryt den forventa gangen i hendingar og hindrar partane i å oppfylle vilkåra i kontrakten.

[Store norske leksikon definerer force majeure som «en uforutsett hending som ikkje kan avverges, for eksempel brann, krigsutbrudd, naturkatastrofe, streik og lignende. Force majeure kan etter omstendighetene frita for oppfyllelse av kontraktforpliktelser»; oms.komm.]

Døma som blir lista opp er naturkatastrofar slik som orkanar, tornadoar og jordskjelv, so vel som menneskelege handlingar slik som væpna konfliktar og menneskeskapte sjukdommar.

«Det tydar at mange finansielle forpliktingar – som potensielt inkluderer trygdeytingar, statsgjeld, pensjonar, derivat, varekontraktar, industrielle leveringsprodukt, utbetaling av forsikringsobligasjonar, etc. – kjem til å bli erklært juridisk ikkje-gjeldande,» sa Adams under 12.september 2022-episoden av «Health Ranger Report» [Situation Update-podcasten].

«Dette ser ut til å vere del av ‘Great Reset’-planen om å slette amerikansk statsgjeld ved å ‘erklære seg insolvente utan å vere det’ [i originalartikkelen defaulting without defaulting] – altso skulde på ei eller anna stor krise for kanselleringa av finansielle forpliktingar og storskala-tilbakestillinga av det globale pengelerretet.» (Relatert: Global force majeure er på veg etter erklæring av Tredje verdskrig – mange finansielle forpliktingar, kontraktar og pensjonar vil bli annullerte.)

Aksjeanalytikar Marshall Hargrave peikte òg på at force majeure, i eigenskap av å ikkje alltid vere 100% tydeleg og transparent, generelt favoriserer dei store karane. «Digre, mektige forsikringsfirma kan bruke desse klausulane som ei orsaking for å vri seg unna pliktene sine. Omvendt, dersom mannen i gata kan dra nytte av eit force majeure-unntak, kan dei som regel ikkje ha dei finansielle musklane til å bevise at gjeldande hending kvalifiserer,» kommenterte finanseksperten.

No når det globale banksystemet held på å falle saman, blir bank runs stadig vanlegare [at folk i panikk tek ut alle sparepengane sine slik at banken går konkurs; oms.an.], og den amerikanske dollaren har byrja å sjå sin eigen undergang. Folk som fryktar det ukjende går no over til å kjøpe edelmetall, spesielt gull for tryggleiken sin del.

Men ifølgje DakotaDepository.com vil eit meir sannsynleg scenario vere at staten forbyr det å eige gull. Dei sa at dersom den amerikanske sentralbanken (the Fed) ønskjer å gjenopprette ein gull-støtta dollar, burde dei bli toppkjøparen av gull i USA.

«Til dømes, dersom the Fed trudde at dollaren burde bli støtta av gull til ein rate av 15 000 dollar per ounce [ein ounce 28,35 gram, 15 000 dollar er om lag 156 100 kroner; oms.an.], kunne dei ha byrja med å by 3000 dollar per ounce for å sjå kor mykje dei kan få folk til å selje for til den raten,» stod det på nettsida. «Dei kunne deretter byrje å heve den prisen over tid for å få meir og meir gull til å strøyme inn, heilt til dei når målet sitt for gullbehaldning som er naudsynt for å støtte kva enn slags vekslingsrate dei prøver å oppnå. I dette scenarioet vil mange bli freista til å selje gullet sitt, og dermed ville ingen dyre og innføringsumoglege konfiskeringstiltak vere naudsynte.»

Investopedia: Covid-19-pandemien kunne kvalifisere som force majeure

Ifølgje Investopedia kunne Wuhan koronavirus (Covid-19)-pandemien kvalifisere som force majeure.

Federal Reserve Bank of Chicago bekrefta dette i eit nyheitsbrev med tittelen «What’s the Potential Impact of Force Majeure Claims on Financial Stability?», publisert på deira offisielle nettside. Dei sa at force majeure-problem dukka opp då pandemien utfalda seg tidleg i 2020. I byrjinga dukka krav opp på den huslån-støtta marknaden i mars same året etter ein periode med ekstrem ustabilitet i rentesatsane.

«Force majeure vart òg erklært på oljemarknadene, etter at West Texas Intermediate råolje vart handla til nær negative 40 dollar per fat 20.april 2020. Eit anna prominent døme fann stad nesten eit år seinare i februar 2021, då oljeprodusentar og kjemiselskap, som stod overfor ekstremt vintervêr i Texas, erklærte force majeure på sine salskontraktar,» stod det i reportasjen.

I denne videoen snakkar dei om Great Reset og hemmelege samfunn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s