Kjelde i Forsvaret bekreftar: «Dødsing i tunnelane mellom Bergen og Os er ein PsyOp frå djupstaten!»

Denne artikkelen er meint som satire, og publisert på sjølve narredagen, 1.april.

31.oktober 2022 opna motorvegstrekninga Svegatjørn-Rådal mellom Bergen og Os, der sistnemnde ligg i nabokommunen Bjørnafjorden sør for vestlandshovudstaden. Prosjektet omfatta totalt 18 000 meter med ny veg, der 16 250 av desse er motorveg. Mesteparten av vegen går i tunnel, deriblant den 9,3 kilometer lange Lyshorntunnelen, som no er Noregs lengste motorvegtunnel. I tunnelen er fartsgrensa 100 km/t, noko som er historisk unikt på Vestlandet, som er mest kjent for smale, kronglete vegar som trassig et seg gjennom stupbratt, uvegsamt terreng. Strekninga er sett på som ein transportmilepæl, som har vesentleg forkorta reisetida mellom metropolen Bergen og den vesle kystbygda Osøyro.

Diverre likar ikkje somme at denne vegstrekninga har blitt skapt. I november 2022 meldte NRK at ein mann i 80-åra køyrde i feil køyreretning i Lyshorntunnelen. Han køyrde heile fire kilometer feil veg før han snudde inne i tunnelen. Det er heldigvis eit alarmsystem i tunnelen, som automatisk stengjer den i begge retningar om eit køyretøy forvillar seg inn i feil løp. Politiet stansa mannen på utsida av tunnelen på Os-sida, og kom med lovnader om å «etterforske» saka.

Dette er diverre ikkje eit unikt tilfelle. Det ser ut som mange har gjort det til ein sport å køyre mot køyreretninga på den nye motorvegen. Slik åtferd blir vanlegvis karakterisert som sjølvmordsforsøk sidan skadepotensialet er enormt – front mot front i 100 km/t er det vel ingen som overlever, med mindre den andre køyrer lastebil eller buss. Enkelte synest livet er so uuthaldeleg keisamt at dei treng utfordringar. Aktiviteten «dødsing» har vore eit velkjent fenomen iallfall sidan 2011, då NRK byrja å dekkje det sokalla «VM i Døds». Året etter var dei òg på plass for å dokumentere desse sjokkerande sjølvmordsforsøka, som i hovudsak er gjort av unge menneske som ønskjer å utfordre Gud med sitt usunne hybris. Somme kan til og med smykke seg med tittelen «verdsrekordhaldar i dødsing», slik som Ken Stornes. Vinteren 2022 såg han ut til å tilbringe med å stupe ned i snøen frå høge tre og master. Om han synest livet er keisamt no, vil han nok synest det blir endå meir keisamt når han i ei nær framtid kanskje sit i rullestol lamma frå halsen og ned og må puste med maskin, slik som mange andre «våghalsar» risikerer.

På same tid som den forvirra 80-åringen køyrde i feil retning i den lange Lyshorntunnelen, dreiv nokre bilar og snudde med vilje på den same motorvegen. Dei såg ut til å opptre i flokk, nett som løver som førebudde seg på å gå til åtak på eit bytte. Politiet vart varsla om hendinga, men «gløymde» å rykkje ut. Utifrå desse observasjonane, kan det sjå ut som om denne ekstremt risikofylde åtferda kan vere ei form for «vegdødsing», akkurat som Ken Stornes sine kringkasta sjølvmordsforsøk er ei form for «snødødsing».

Offiser og politibetjent Josefine Bru var denne gongen viljug til å gjere nokre undersøkingar for meg. Førre gong eg spurde ho om råd, hadde ho nærast bite hovudet av meg. Ho skulda på «mensen og ein dårleg dag», sjølv om eg hadde mistankar om at ho berre greip denne orsakinga ut av tomme lufta (ho er altfor profesjonell til å late seg affektere av biologi!). Etter å ha teke nokre telefonar og sleikt nokre ræver, fann ho ei kjelde i det norske Forsvaret, som har ei høg grad som av tryggleiksomsyn her er uspesifisert.

Kjelda bekrefta mine og Josefine sine mistankar: Dødsing er ein PsyOp, ein psykologisk operasjon, som vart sett i verk av den norske djupstaten rundt 2010, og planta i det kollektive minnet på den norske saueflokken ved hjelp av det nemnde «VM i Døds» i 2011. NRK, som er propagandaorganet til CIA, MI5/6 og representantar frå kabalen og den supranasjonale djupstaten, vart valt som formidlar av dette 100% konstruerte fenomenet. Kjelda viste til topphemmelege dokument frå 2010 som vedkomande på mystisk vis hadde kjennskap til og hadde teke kopiar av og gøymt vekk på eit loft langt ute i periferien.

Målet med «Prosjekt Døds», som kjelda sjølv kalla det, er å oppmuntre unge menneske med litt for mykje mot i brystet å ofre seg på dumskapens alter som ei slags norsk utgåve av «Darwin Awards». Som den observante lesar veit, refererer Darwin Awards til både Charles Darwin sine teoriar om «survival of the fittest» og til individ som på grunn av toskete og lite gjennomtenkte handlingar fjernar seg sjølv frå genbassenget ved å døy før dei har ført slekta vidare. I ei bisetning nemnde denne kjelda òg at «Prosjekt Korona» òg hadde som mål å luke ut dei dummaste av oss, i og med at dei lét seg lure til å ta ein eksperimentell genterapi som på ingen måte kan klassifiserast som vaksine.

Det er altso den norske djupstaten som står bak vegdødsinga mellom Bergen og Os. Slik som koronaprosjektet, handlar denne PsyOp-en om å redusere folketalet so mykje som mogleg. Unge, virile menn som utfordrar lagnaden er som regel dei som damer vel å få ungar med, sjølv om det frå eit foreldresynspunkt kanskje ikkje er so lurt å late seg smelle på tjukken av ein upåliteleg rundbrennar som sannsynlegvis vil døy eller hamne i rullestol lamma frå halsen og ned neste dag. Men, som kjelda understrekar, i og med at alle som har teke mRNA-«vaksinane» no er steriliserte eller har fått dramatisk redusert forplantingsevne, er dette å sjå på som ei form for heilgardering. Det er eit skuleeksempel på uvit, vanvit og aktløyse å late seg injisere med eit eksperimentelt legemiddel, akkurat som å stupe frå høge master ned i snø, eller å køyre i feil retning i 100-sona djupt inne i Lyshorntunnelen.

Det kjem ikkje som noko sjokk for Josefine og meg. Vi har lenge visst at djupstaten og deira herrar og meistrar i den hemmelege kabalen ønskjer oss døde. For ein kvar pris ønskjer dei å oppfylle punktet i det no destruerte Georgia Guidestones som krev ein reduksjon av folketalet i verda til 500 millionar.

Dei super-duper-observante lesarane vil kanskje spørje seg om slik ei framtvinga «naturleg utveljing» som luker ut dei dummaste av oss, eigentleg er i elitens interesse. Dersom alle idiotane forsvinn og berre vi smarte folk blir igjen, burde ikkje då eliten ha større grunn til å frykte opprør og oppgjer? Dei ser ikkje ut til å bry seg om det er smarte eller dumme folk som stryk med. So lenge flest mogleg av oss blir utrydda, som dei skadedyra vi av dei blir oppfatta å vere. No når dei er avslørt, handlar dei i panikk for å få fortgang i sin nedrige Agenda 2030.

Vegdødsinga mellom Bergen og Os kjem aldri til å bli oppklart av politiet. Dei tener Statens (og dermed djupstatens) interesser og kunne ikkje ha brydd seg mindre om ein familie på fem døyr momentant etter å ha krasja med hjernevaska, suicidale ungdommar i Lyshorntunnelen i 100 km/t. Dei stengde tunnelen då den mogleg demente 80-åringen forvilla seg inn i tunnelen, men det gjorde han jo i vanvare. Ungdommane som, etter å ha blitt offer for propaganda om dødsing, med forsett køyrer inn i tunnelen vil nok verken bli stoppa eller «etterforska»; ei heller vil det på noko som helst vis bli vurdert som noko anna enn eit hendeleg uhell. Shit happens, og folk vel jo sjølv om dei vil køyre tunnelane til Os eller gamlevegen. Alle veit at det er farleg å køyre bil, spesielt privatbilar.

Dette livsfarlege fenomenet ser ut til å halde seg til nyevegen sørover mot Os. Liknande dødsing har per dags dato enno ikkje funne stad i tunnelane rundt Bergen sentrum (Fløyfjelltunnelen, Damsgårdtunnelen, Løvstakktunnelen og Nygårdstunnelen, som alle er lange tunnelar og som med unntak av Løvstakktunnelen har to eller fleire felt i same køyreretning). I Bergen sentrum har jo vår lokale elite sin maktbase, og det er i deira interesser å kome seg trygt til arbeid frå sine overdådige gods ute i forstadene. Os… Kven pokker reiser dit?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s