Kristenskuleskyttaren i Nashville blir den andre «transkjønna» biologisk kvinnelege drapspersonen i seinare år

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Personen som utførde skytinga på kristenskulen i Nashville måndag [27.mars 2023] vart identifisert som Audrey Elizabeth Hale, ein 28 år gammal transkjønna mann, der dei valdelege handlingane hans markerte andre gong sidan 2019 at ei trans-biologisk kvinne har utført eit åtak på ein skule.

I 2019 deltok Alec McKinney, som identifiserte seg som transkjønna, i ei skuleskyting i Colorado i ein alder av 17, noko som resulterte i ein tenårings død, rapporterte Breitbart News.

Medan kvinnelege masseskyttarar ikkje er so vanlege, viste ein studie frå 2011 av 133 kvinner som gjekk gjennom maskuliniseringsbehandling i Sverige at «kvinner som vart menn hadde høgare brotsverksratar enn den kvinnelege kontrollgruppa… [og] skilde seg ikkje ut frå den mannlege kontrollgruppa. Dette indikerer… at kjønnsskifte er tilknytt auka brotsverksratar hjå kvinner som blir menn. Det same var sant når det gjaldt valdelege brotsverk.»

Hale etterlét seg ifølgje politiet eit manifest, men det har enno ikkje blitt offentleggjort. Det er ikkje tydeleg i det heile om dette var eit hatbrotsverk sidan ho gjekk til åtak på ei kristen kyrkje – ei ho gjekk i då ho var lita – men det er vanskeleg å avskrive det på overflata.

Senator J.D. Vance (Republikanar, delstaten Ohio), har oppmoda transrørsle-venstre om å revurdere si støtte til ideen om at kvinner kan forvandle seg til menn ved å innta mannlege hormon, spesifikt testosteron, som er kjent for å auke aggresjonen.

«Vi høyrer stadig nye ting om den skrekkelege skyteepisoden i Nashville. Men dersom tidlegare rapportar er sannferdige om at ein trans-skyttar hadde ein kristenskule som mål, må det skje mykje sjelesøking på den venstreekstreme sida. Å overgje seg til desse ideane er ikkje medkjensle, det er farleg,» skreiv han på Twitter denne veka. «I mellomtida, be ei bønn for kvart barn som miste livet og kvar forelder som sørgjer over eit barn. Kristus har nåde.»

Tenestepersonar har enno ikkje bekrefta om den som utførde skyteepisoden hadde teke testosteron, eit hormon som lett kan fåast på resept av legar. Derimot har somme kritikarar av transkjønnsideologi uttrykt bekymring for potensielle samanhengar mellom skyteepisoden, transkjønnsideologi og medisinske behandlingsmetodar.

«Kven kunne ha spådd at det å fjerne ein mentalhelsetilstand [frå diagnosemanualen], erstatte terapi med blind bekreftelse, kunne ha resultert i ei rørsle smekkfull av, vent på det, folk med ubehandla mentalhelsetilstandar og frodande narsissisme?» skreiv ein Twitter-brukar.

«NOK ER NOK! Vi har sett kvinner bli skambanka av transaktivistar. Vi har sett tusenvis av ekstremt sårbare barn bli tvinga til å få kappa av seg kroppsdelar. Og no har vi sett 3 BARN OG 3 VAKSNE bli myrda av ein transekstremist. Vi må gjere slutt på transekstremisme no. Ikkje meir vald frå transsamfunnet. Vi treng tøffare politi, tøffare dommar og tøffare lover for å stoppe transekstremisme,» skreiv forfattar av «Gender Madness» Oli London.

Fleire studiar, inkludert den svenske, har funne ut at mange transpersonar opplever minkande lykkekjensle, tilbaketrekking og sjølvmordstendensar når dei identifiserer seg som medlemmer av det motsette kjønnet.

Ein betydeleg faktor som bidreg til desse vanskane, er at det store fleirtalet ikkje-transpersonar ikkje kan sjå på dei som påstår å vere transkjønna som potensielle romantiske partnarar, noko som resulterer i ei kjensle av sosial isolasjon for transpersonen, viser forsking.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s