Iris Frohe ankar saka frå Innlandet tingrett

Document-journalist Rebecca Mistereggen skreiv 21.februar 2023 på Twitter at Iris Frohe ankar saka frå Innlandet tingrett. Dette kjem for mitt vedkomande ikkje som ei overrasking, med tanke på den vilkårlege dommen ho fekk i tingretten. Hennar førre arbeidsgjevar, Hamar kommune, vart blankt frifunnen, og i tillegg vart trebarnsmora dømt til å betale sakskostnadene til kommunen. Dommen utelét òg alle vitna til saksøkjaren, til og med hennar eiga vitneforklaring. Iris Frohe sin forsvarar, advokat Barbro Paulsen, uttala i etterkant at dette var «betenkelig og kritikkverdig», og sat med inntrykket av at dei som part ikkje hadde vore til stade i rettssaka i det heile.

No er altso anke levert, og neste instans er lagmannsretten. I den anledning har Norsk hjelpefond oppretta ein spleis for å samle inn pengar for å dekkje sakskostnadene. Som det står i spleisen:

«Denne saken har allerede vært en runde i tingretten, hvor kommunen ble frikjent. Det å ha en sak gående i rettsvesenet er en belastning for Iris og hennes familie. Det finnes naturligvis ingen garanti for hva utfallet i lagmannsretten vil bli, og det er av vesentlig betydning at Iris og hennes familie ikke lider økonomisk i en slik sak. Dersom ikke halvparten av de antatte saksomkostninger samles inn i løpet av spleisens første 3 uker, må det vurderes å trekke anken.»

De las riktig. Dersom Iris Frohe ikkje får samla inn minst halvparten av 300 000 kroner (150 000), må ho trekkje anken, og den djupt urettferdige og vondskapsfulle dommen vil bli ståande. Dette må ikkje skje. Eg vil oppfordre alle som kan til å donere for å hjelpe denne tapre sjukepleiaren og hennar kamp mot eit system som aldri har vore meir anti-menneskeleg. I skrivande stund (22.februar 2023) har 91 gjevarar til saman bidrege med i overkant av 22 000 kroner. Det er 58 dagar igjen av spleisen.

Ved å dømme vilkårleg og hjartelaust i slik ei prinsipielt viktig sak, har tingretten bevist både sin inkompetanse og vondskap. Lat oss håpe retten berre hadde ein dårleg dag. Lat oss håpe det er folk med vit, forstand og empati i lagmannsretten.

Om Iris Frohe taper, vil vi alle gjere det. Til og med dei som ler av ho og kallar ho ting. Til og med hennar tidlegare arbeidsgjevar, som viste sine sanne, totalitære ansikt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s