Arrestasjonen av Reiner Füllmich var grundig planlagt og utført av hans fiendar

Sjå òg «Har ‘nokon’ snakka saman? Advokat Reiner Füllmich ARRESTERT av globalistkabalen», publisert 18.oktober 2023.

Det har kome nye oppdateringar om den urovekkjande arrestasjonen av advokat Reiner Füllmich i Mexico fredag 13.oktober (merk dykk datoen, folkens!). Han vart pågripen i samband med at han vitja den meksikanske ambassaden i byen Tiajuana for å få eit nytt pass etter å ha mist det gamle. Den uavhengige skribenten Leo Hohmann skriv i ein artikkel på nettstaden sin at Füllmich no visstnok sit fengsla i den tyske byen Frankfurt. Hohmann skriv følgjande (mi omsetjing):

«Då han [Füllmich] kom til ambassaden fredag, stod der seks menn klare til å pågripe han. Tiltalepunkta, som advokaten hans Dagmar Shoen fann ut av då ho mottok dei offisielle papira, var på 30 sider, so dette var noko som var grundig planlagt og utført. Tiltalane er relaterte til påstandane frå Viviane Fischer, ein tidlegare teammedlem av Füllmich i hans Koronakomité, som skulda han for finansielle brotsverk.

Tre menneske skreiv visstnok under på tiltalen mot Reiner. Kanskje det sprøaste aspektet ved tiltalane er at pengane som Reiner visstnok tok er på bankkontoen (eller i det minste var på bankkontoen) til ein av dei tre [som skreiv under på tiltalen].»

Hohmann skriv vidare at redaktøren for nettstaden technocracy.news, Patrick Wood, som i fortida har arbeidd med Füllmich for å få ut sanninga om covid, sa at dei lurte Füllmich inn i den tyske ambassaden i Mexico, der dei kidnappa han. Tyske styresmakter kunne ikkje arrestere han i Mexico fordi landet ikkje har ein utleveringsavtale med Tyskland. Altso måtte dei lure han på eit fly heim til Tyskland, der han straks vart arrestert.

Global Research publiserte 16.oktober ein artikkel der dei skriv om den ulovlege pågripinga av Füllmich, og at der kan kome demonstrasjonar mot dette frå dei som støttar advokaten og den formidable innsatsen han har gjort for å få sanninga om covid ut. Artikkelforfattar Emanuel Pastreich skriv følgjande:

«Det eg ønskjer å leggje vekt på er at vi må samle oss for å støtte ikkje berre han [Füllmich], men òg tusenvis av menneske som han som står opp mot forsøka på å gjere regjeringar om til nikkedokker for konsern, internasjonale bankar og milliardærklassen, parasittklassen, som lurer bak dei. Vi veit at dersom vi ikkje stoppar dette forsøket på å øydeleggje lover og reglar, på kvart nivå, å skape eit separat domene som høyrer til berre dei svært rike og mektige, at vi er garantert eit globalt fascistisk system som, dersom dei kan, kjem til å utrydde oss på nøyaktig same måte som vart prøvd i Europa på 1940-talet.

Eg ønskjer òg å leggje vekt på at dette forsøket på å undertrykkje nokon som jobbar so hardt for å handheve lovar og reglar og bringe sanninga til alle, på nøyaktig det tidspunkt er ein prøver iherdig å starte ein verdskrig mellom Israel og Iran, inkludert USA, og sannsynlegvis òg mange andre land, er ikkje eit samantreff, men faktisk er dei parallelle.

Det eine er eit forsøk på å tvangsfôre oss med krig som grunnlag for lov, regjering og økonomien; og det andre er eit forsøk på å øydeleggje heile grunnlaget for lover og reglar og borgarrettar.»

Etter at han rauk uklar med Viviane Fischer oppretta Füllmich International Crimes Investigative Committee, som held fram arbeidet der Koronakommisjonen braut opp.

Prøver dei som er ansvarlege for koronaprosjektet å få ein av sine viktigaste motstandarar fjerna, slik at dei ikkje blir ansvarleggjort og dømt for sine brotsverk mot menneskeheita? Saksyndig følgjer nøye med i utviklinga av denne saka.

2 comments

  1. Lover og rettigheter, som skal beskytte oss er gyldige så lenge begge parter er enige.
    Nå ser vi at den ene parten bryr seg døyten om menneskerettigheter, Nürnberg, osv. Dermed er det ingen begrensninger lenger.
    Lover blir nå utelukkende brukt mot deg.
    Vi ser det vdr corona, men vi ser også på X hvordan hvite i enkelte amerikanske stater, ikke eier fnugg av beskyttelse. De blir banket opp og gjerningspersonene får ingen form for reprimande. Staten velsigner med andre ord bestialske handlinger- og når staten gjør det, ja da har vi et blomstrende terrorvelde. Ingen våger å si noe av frykt for å havne i fengsel, mens de som skulle vært der, blir helter på SoMe.

    Takk for du tar deg tid til skrivingen.
    Det er alltid dagens høydepunkt.

    Likt av 1 person

    • Takk for ros og gode ord, Feliz. Og du har evig rett. Makta blir stadig meir brutal og totalitær for kvar dag som går. Dei er rusa på makt og elskar å øydeleggje liva til folk som dei meiner har «feil» meiningar. Füllmich-affæren er stygg, men kom ikkje ut av det blå. Dei har nok vore etter han i lengre tid, og brukt påstanden om underslag/tjuveri av midlar som eit påskot til å fengsle han.

      Likar

Legg att svar til Feliz Avbryt svar