Gunnar Virittsekk Håvik – mannen som gjer livet surt for offentleg tilsette

Dersom du har greidd å rævsleikje deg til ei skandaløst overbetalt stilling i det offentlege, vil du før eller seinare støyte borti aktørar som ikkje ser ut til å ha andre intensjonar enn å gjere livet ditt surt. Kanskje fortener du det, kanskje ikkje – men er du offentleg tilsett i ein bullshit-jobb i Noreg, er nok sjansen diverre stor for at du er totalt unyttig, og at du berre hevar di altfor høge løn medan du utnyttar på det grovaste det vesle du har av makt. All makt korrumperer, og den altfor digre offentlege sektoren er ikkje noko unntak. Alle jobbar har ein skjult bakdel som du ikkje blir klar over før det er for seint.

Møt Gunnar Virittsekk Håvik, mannen som ser ut til å ha gjort det til sitt livs misjon å – med rette – plage offentleg tilsette som han meiner ikkje gjer ein god nok jobb for å ivareta interessene til han sjølv og hans likesinna.

Saksyndig har i lengre tid følgt med på bloggen hans, der han fortel om ymse møte med politi og andre offentleg tilsette, mellom anna ved Nav-kontoret i heimkommunen hans Bjørnafjorden, nabokommunen til Bergen (tidlegare Os kommune før samanslåinga i 2020). Han skildrar dei tilsette, spesielt innan Nav, som so inkompetente at han bruker uttrykket «offentlig utviklingshemmet». Han lid av hemofili, nærare bestemt Hemofili A, som er ein genetisk sjukdom der kroppen manglar ein av blodlevringsfaktorane som blodet treng for å stoppe ei bløding; sjølv bagatellmessige sår kan blø ukontrollert fordi det aldri skjer koagulering, slik som hjå friske menneske. Med hans eigne ord:

«[…] jeg mangler et protein i kroppen (en blodlevringsfaktor), som skal være med på å binde sammen blodplatene til en trombocytt, eller blodplateplugg. Siden jeg mangler dette proteinet, så blir blodplatepluggen min svak. Men veldig enkelt å håndtere. Det er bare å injisere dette proteinet inn i blodbanen min, så danner jeg like sterke blodplateplugger som vanlige mennesker.»

Dagbladet publiserte i 2017 ein artikkel om Håvik, der artikkelforfattaren skildrar han som ein del av «Norges ukjente nettverk av provokatører og myndighetskritikere». Artikkelen krev innlogging for å lese, men kan òg lesast i sin heilskap på ei nettside ved namn bilindustrien.com. Håvik har ved fleire høve hamna i klammeri med politiet på grunn av «aktivismen» sin (i mangel av eit betre ord), mellom anna fordi han skreiv trugslar til namngjevne personar i politi og påtalestyresmaktene på Facebook. Ved minst eitt høve har han òg sona fengselsstraffer. Utifrå innhaldet i bloggen hans har han i fortida jobba som lastebilsjåfør, og opplever seg som trakassert av det lokale politiet både i Os og i Bergen.

Eit avsnitt frå nemnde artikkel oppsummerer det eg tolkar som sjølve essensen i det Håvik og hans likesinna driv med:

«Hets og trakassering mot offentlig ansatte øker i intensitet og omfang [dette var i 2017, stoda er truleg verre no i samband med dramatisk auka straumutgifter, høgare rente og seinverknader av «pandemien»]. Personer og organiserte miljøer mener de er i sin fulle rett til å ramme dem som gjør en jobb på vegne av samfunnet.»

Vel, alle saker – inkludert denne – har minst to sider. Det er ikkje ukontroversielt av meg å hevde at innsatsen frå slike offentleg tilsette (offentleg utviklingshemma?) varierer sterkt frå person til person. Hamnar du i det berykta Nav-systemet, er du som regel prisgjeven den saksbehandlaren du måtte hamne inn under, og har du blitt tildelt nokon som ikkje har nemneverdig interesse av å hjelpe deg, er du i utgangspunktet fortapt. Dramatiske situasjonar mellom desperate, ofte psykisk ustabile klientar og inkompetente eller likegyldige saksbehandlarar oppstår ikkje ut av det blå – og i Bergen i 2021 fekk dette verst tenkjelege utfall då ein saksbehandlar vart drepen av ein utanlandsk klient.

Offentleg tilsette kan etter mi meining ikkje gøyme seg bak systemet – dei må ansvarleggjerast akkurat som alle andre, sjølv om dei handlar på vegner av stat eller kommune. Slurv, vond vilje og dårleg arbeid burde i utgangspunktet føre til handling frå leiinga i form av rettleiing eller disiplinærstraffer, men tydelegvis ikkje når det gjeld byråkratar og papirflyttarar i overbetalte tullejobbar. Då er det godt at vi har slike som Gunnar Virittsekk Håvik, som utan tvil gjer arbeidsdagen til desse nulla meir utfordrande – og iallfall er det han skriv til stor underhaldning for mange, inkludert meg.

Artikkelen skriv vidare at Håvik høyrer til eit miljø som er stolte av at dei jamleg konfronterer politifolk og andre offentleg tilsette som utfører arbeidet sitt:

«Konfrontasjonene filmes gjerne med mobilkamera, og legges ut på sosiale medier. Filmene ledsages ofte av harde karakteristikker og fullt navn på de omtalte personene. Politi, barnevernsansatte og namsmenn er yrkesgrupper som er utsatte for nettverkets virksomhet.»

Og vidare:

«Selv har Håvik flere ganger dukket opp ropende og filmende i offentlige bygninger, blant annet rettssaler, der han mener det begås urett mot borgere.»

Grunnen til at han filmar eller gjer opptak av hans konfrontasjonar, er, med hans eigne ord:

«Video er blitt vårt beste redskap. Det er viktig å kunne dokumentere hva polititjenestemenn sier og gjør mot oss. Vi legger det ut på Facebook og YouTube. Sosiale medier er vår beste arena fordi pressen sjelden eller aldri skriver om disse sakene, og når de gjør det er det nesten alltid på myndighetenes premisser. I sosiale media utveksler vi også strategier og synspunkter i forskjellige saker.»

Håvik har blitt kalla «frimann» av enkelte. Dette nektar han for i artikkelen:

«Nei, jeg tar avstand fra bevegelsen. Den er uriktig og stigmatiserende. Jeg er rabulist og samfunnsaktivist og går jeg på barrikadene når jeg ser at det skjer noe som ikke er riktig, når personer blir utsatt for overgrep fra myndighetene. Når noen blir kastet ut fra sine hjem, barn blir fratatt sine foreldre uten god grunn, og folk blir satt i fengsel og blir sittende der […].»

Han har ved fleire høve gått i bresjen og forsvart venner som mellom anna har blitt kasta ut fordi eigedommane deira gjekk på tvangssal. Han kallar dette «sivile ulydighetsaksjoner». Han forstår at somme kan oppleve åtferda hans som ubehageleg, men peiker på at det er lovleg å filme på offentleg stad i Noreg, og det er (enno) ikkje forbode å vere sint. Han har aldri gått til åtak på nokon fysisk.

«Det er forøvrig [sic] synd at nordmenn er blitt en gjeng pingler, ingen tar skade av en krangel […].»

Han og hans likesinna meiner at politi, påtalestyresmaktene, domstolen og barnevernet utset folk for overgrep, og at dei difor må konfronterast og ansvarleggjerast for dette. Mellomnamnet «Virittsekk» (som med godvilje høyrest ut som «drittsekk») har han teke frå ein rollefigur ved namn Fritz Virittsekk frå humorserien Kjetil og Kjartan Show. Rollefiguren var kjent for å kverulere om alt mellom himmel og jord. Kjetil Hasselberg (som spelte Fritz Virittsekk) frå nemnde humorserie tok på eit tidspunkt kontakt med Håvik og bad han slutte å dele bilete av den mindreårige dottera hans.

Det var i kjølvatnet av Dagbladet-artikkelen i 2017 at Håvik bestemte seg for å starte sin eigen blogg. Etter eiga utsegn fekk han hjelp av «nettkrigaren» Thomas Hansen til å lære seg korleis WordPress fungerte. Han antydar sjølv at han starta sin eigen blogg for å unngå å bli rapportert og sensurert, slik han ofte vart på Facebook. Artikkelen inneheld ein video der ein sjukepleiar og tre vektarar har ein alvorsprat med han då han som pasient på sjukehus vil ta seg ein røyk. Dei seier at han ikkje får lov til å røykje på rommet, men «ingen» har tid til å trille han utandørs slik at han kan røykje der.

På bloggen sin legg Håvik ut so å seie alt av ting han føretek seg, og til og med opplysningar frå sitt eige privatliv. Mellom anna er han far til ei dotter han ikkje lenger ser ut til å få møte, noko som må vere alle fedrars verste mareritt. Han budde i periodar med si eldre mor etter å ha blitt kasta ut av husverten fordi Nav ikkje hadde hjelpt han med å betale husleige medan han sat inne – men no tydar ting på at ho har gått bort. Hans største ønske ser ut til å vere å få amputert høgre kne, som han skriv er øydelagt av blødingar. Han ønskjer at dette skal skje i utlandet fordi han er djupt skeptisk til kirurgane på Rikshospitalet etter ein episode i februar 2015 der ein margnagle i ankelen knakk – og han fortel at dei nekta å fjerne naglen, noko som resulterte i at det gjekk infeksjon i beinveven:

«Så i åtte måneder måtte jeg gå på antibiotika og morfin, da margnaglen irriterte beinvevet, [og] det ble en masse infeksjoner. Jeg gikk på krykker, hadde enorme smerter, livet mitt kollapset fullstendig.»

På grunn av blødarsjukdommen krev det spesialkompetanse for å operere han, ettersom blødingar som uunngåeleg oppstår under operasjon ikkje vil kunne stoppast ved hjelp av ordinære metodar. Her kan det vere reelt at det her i Noreg berre er Rikshospitalet som har denne spisskompetansen, ettersom hemofili er ein sjeldan tilstand her i landet.

Ein venn av Håvik som brukte å drive bloggen Korrupsjonsjegeren (ingen aktivitet sidan 2016), har skildra historia hans som trist og vond, spesielt dei alvorlege helseproblema som blødarsjukdommen har forårsaka. Håvik meiner seg utsett for medisinsk uforstand mellom anna frå legar på Haukeland universitetssjukehus, fordi dei ikkje har trudd på at han trong blodlevringsfaktor for å stanse blødingar. Denne motviljen meiner han kom av at dei hadde teke han i å røykje inne på rommet. Dersom dette faktisk stemmer, tydar dette på særs kritikkverdig framferd frå helsepersonell mot det dei oppfattar som «vanskelege» pasientar. Ein kan naturlegvis ikkje gje dårlegare helsehjelp til nokon fordi ein ikkje likar vedkomande som person.

Desse historiene som eg har presentert i denne artikkelen, i tillegg til dei mange andre historiene han fortel om og dokumenterer på bloggen sin, teiknar eit bilete av ein mann som har blitt dårleg behandla av offentleg tilsette, og som no svarer tilbake med same mynt. I våre dagar er det rett og slett for lettvint for tilsette i politi, Nav, barnevern og andre offentlege etatar å skrike ut om «trugslar», «trakassering» og «sjikane» kvar gong dei møter kritikk frå desperate klientar. I ei tid der folk er pinleg konfliktsky fordi dei strevar med å halde seg flytande, er det eit friskt pust i kvardagen at det stundom dukkar opp slike som Håvik og set folk på plass. Visse personar har for mykje makt, for mykje løn og eit oppblåse ego. Og det er jo slik i verda at ein får tilbake det ein slengjer ut. Behandlar ein nokon på ein respektlaus måte, bør ein ikkje bli overraska om ein får same åtferda tilbake.

One comment

Kommenter innlegget