Nettstaden The Covid Blog publiserte 31.oktober 2023 ein samleartikkel om ymse nyheiter, og i blant dei var hypotesen om at skodespelaren Matthew Perry, som spelte rollefiguren Chandler i komiserien Venner for livet, kan ha døydd av covid-«vaksinen». Han døydde visstnok i ei drukningsulykke i sitt eige massasjebad, og hans siste innlegg på Instagram 23.oktober var tilfeldigvis eit bilete av han i nettopp massasjebadet sitt. Det var assistenten hans som fann han død 28.oktober, etter at Perry sendte han ut for å gjere nokre ærend for han.
The Covid Blog skriv (mi omsetjing):
«Ingen narkotika vart funne på åstaden, noko som opprørte hovudstraumsmedia. Dei ønskte so desperat å bruke overdose som orsaking. I staden seier hovudstraumsmedia at han drukna… i eit massasjebad.
Mr. Perry gjorde profitt ut av den sokalla pandemien ved å selje T-skjorter med skrifta ‘Could I Be More Vaccinated?’ [«kan eg bli meir vaksinert?»].
Openbert døydde Mr. Perry av plutseleg hjartestopp, og vart funnen med ansiktet ned i massasjebadet.
Alle som fekk dei ekte injeksjonane (og ikkje placebo) har hjarteskade. Den siste studien som demonstrerte dette faktum vart publisert 19.september i tidsskriftet Radiology. Vitskapsfolk observerte ein sukkerliknande substans ved namn 18F-FDG i hjarta til 700 vaksinerte og 303 uvaksinerte. Høge opptakingsnivå av nemnde substans i menneskehjarte signaliserer dysfunksjon i hjarte- og karsystemet, spesielt myokarditt.
Studien konkluderte:
‘… dei som hadde fått ein SARS-CoV-2-vaksine viste auka myokardiell fluorin 18 (18F) fluorodoksyglukose (FDG)-opptak på bilete opp til 180 dagar etter deira andre vaksinasjon samanlikna med pasientar som vart scanna før SARS-CoV-2-vaksinasjon var tilgjengeleg. Vaksinerte pasientar viste høgare mykardiell 18F-FDG-opptak på PET-CT-scanningar samanlikna med uvaksinerte pasientar, uavhengig av alder, kjønn eller kva type mRNA-vaksine dei hadde fått.’
Dei fleste vaksinerte vil døy av hjartestopp eller hyperaggressive kreftformer. Vi driv og aktivt overvakar fleire post-injeksjons-krefttilfelle, for å avgjere om der i det heile teke er noko håp for nemnde menneske. So langt har ingen levd lenger enn 23 månader (og igjen, det var i ytterkanten), same kva type post-injeksjons-kreft.»
Om «vaksinen» var medverkande årsak til Perry sitt plutselege dødsfall, er naturlegvis for tidleg å avgjere enno. Men med tanke på alle dei dokumenterte tilfella av myokarditt og plutseleg, hjarterelatert død, er det slett ikkje urimeleg å spekulere i dette. At han døydde av ein eksperimentell «vaksine» er trass alt meir plausibelt enn at den sataniske eliten i Hollywood myrda han.

Ordlyden i Perrys siste instagram er suspekt: «Oh, so warm water swirling around makes you feel good? I’m Mattman.» Hvem uttrykker seg sånn om seg selv? Stemmer ikke i mine øyne. Funnet med ansiktet ned? Er det sannsynlig at han ved et hjerteatakk snur seg rundt så nese og munn kommer under vann? Vil man ikke da heller forsøke så godt som mulig å hive etter pusten? Beleiligvis skjedde det akkurat da hans hjelper var i butikken. Instagramposten gir meg inntrykk av at det er som et visittkort. Mot passende betaling er en personlig assistent lett rede til å samarbeide; de fleste mennesker er ryggradsløse og kan kjøpes. Særlig i Hollywood.
LikarLikt av 1 person
E: Det du seier er so altfor, altfor rett. I ei perfekt verd ville dette aldri ha funne stad.
LikarLikar