Den fullvaksinerte skodespelarinna Brooke Shields sjukehusinnlagt etter livstrugande anfall

Nok ein Hollywood-kjendis har fått alvorlege helseproblem som ein sannsynleg følgje av covid-19-«vaksinen». Denne gongen er det skodespelarinna og den tidlegare fotomodellen Brooke Shields (fødd 1965), kjent frå filmar som Den blå lagune, Endless Love, Speed Zone! og andre filmar eg ikkje har høyrt om. Som modell hadde ho mellom anna oppdrag for Calvin Klein.

The People’s Voice melder at Shields nyleg vart sjukehusinnlagt på grunn av det som ho sjølv skildrar som eit grand mal-anfall. Dei skriv (mi omsetjing):

«Den fullvaksinerte Hollywood-stjerna Brooke Shields har avslørt omfanget av si dårlege helse i seinare år, og innrømt at ho nyleg vart frakta i all hast til sjukehus etter å ha ‘froda rundt munnen’ og ‘blitt blå i ansiktet’.

Brooke, som tidlegare har bekrefta at ho er fullvaksinert, påstår at anfallet kom av at ho ‘drakk for mykje vatn’.

‘Eg går inn, to damer kjem bort til meg; eg kjenner dei ikkje. Alt byrjar å svartne. So fell hendene mine ned til sida og eg ramlar på hovudet inn i veggen. Eg byrjar å ha eit grand mal-anfall.’

Stjerna frå Suddenly Susan forklarte at ho ‘froda rundt munnen’, vart ‘blå i trynet’ og svelgde tunga før ho miste medvitet. Då ho vakna igjen, fekk ho oksygentilførsel og var saman med Hollywood-stjerna Bradley Cooper. […]

Bradley, som spelte saman med Brooke i 2008-filmen The Midnight Meat Train, var med stjerna under turen til sjukehuset, og medan ho vart teken til akuttmottaket der legane utstyrte ho med eit kateter [sannsynlegvis nasekateter for oksygentilførsel; oms.komm.] og intravenøst drypp.

Brooke avslørte at legar meinte at anfallet hennar kom som eit resultat av å drikke for mykje vatn og for lite salt i dietten hennar. Brooke kom seg heilt, og var til og med til stade på premieren på hennar soloshow, som byrja 12.september.

Ifølgje Mayo-klinikken er eit grand mal-anfall, òg kjent som tonisk-klonisk anfall, typisk forårsaka av epilepsi, men kan òg bli forårsaka av særs lågt blodsukker, høg feber eller eit slag. Det er uvanleg for denne typen anfall å gjenta seg, men dei som opplever det gjentekne gonger må ta anti-epileptika dagleg.

Brooke har opplevd fleire helseutfordringar dei siste åra, og i 2021 braut ho lårbeinet etter eit fall frå eit balansebrett, der skaden var so alvorleg at ho måtte lære seg å gå på nytt.»

2 comments

  1. Justin Bieber, Matthew Perry, Brooke Shields; hvem blir den neste stjerne til å sykne hen eller dø? Sportsproffer stuper så hele arenaen ser det. Fotballspillere må være livredde nå og lurer vel på når de selv står for tur. Hvordan går det forresten med Filip Ingebrigtsen?
    Hvis ikke hele den injiserte befolkning i verden innser realiteten, kan det være alminnelig feig, menneskelig fornektelse av å ha gjort sitt livs dårligste valg, eller er de nå «hackable animals», programmerbare dyr, hvis tanker og følelser kan styres med frekvenser fra nærmeste 5g-antenne? Uansett, en svekket befolkning kan gjøre liten motstand mot overgriperne, så blir det bare oss igjen, skjønt vi angripes også så godt som mulig ved hjelp av forgiftet mat og drikke og chemtrails og «naturkatastrofer» som egentlig er geoengineering; de siste tilfeller sett i Acapulco og Puerto Vallarta. Det går hus forbi i nyhetsbildet eller brukes som «bevis» på «klimakrisen»; redaktørene vil ikke ha noe snakk om det deres arbeidsgivere vil fortie. Like skammelige som legestanden.
    Brooke Shields drakk for mye vann er diagnosen? Så overbevisende. Takk for hjelpen doktor, vi stoler på din ekspertise. En kynisk tid å leve dette her.
    Har jeg nevnt PAUL ANTHONY WALLIS? Jeg finner hans foredrag uhyre interessante.

    Likt av 1 person

    • Eg skal sjekke ut Paul Anthony Wallis. Takk for tipset, e. Det ser ut som mange lever i villaste fornekting om «vaksinane» og det faktum at toppolitikarane i den vestlege verda er landssvikarar. Og dei gjev seg ikkje heller, det er den eine krisa etter den andre, medan dei sjølve går fri for alle brotsverka dei gjer (sist ut Finnes, som Økokrim ikkje gadd å etterforske).

      Likar

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar