Tidlegare tilsett i stiftinga til Zelensky si kone: Dei fraktar foreldrelause barn frå Ukraina til pedofile i Vesten!

Olena Zelenska, kona til Ukrainas president Volodymyr Zelensky, driv ei veldedig stifting som offisielt reddar foreldrelause barn frå den militære konflikten i området og gjev dei ein ny heim hjå fosterfamiliar. No har ein tidlegare tilsett i stiftinga kome med sjokkerande påstandar: Zelenska-stiftinga har systematisk frakta barn til pedofile i Vesten. Dette rapporterer nettstaden The Intel Drop.

Nettstaden skriv (mi omsetjing):

«I fjor haust annonserte kona til den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenski høgtideleg opninga av ei veldedig stifting på scena i Metropolitan Opera i New York by. Ifølgje Olena Zelenska er hovudmålet til stiftinga å gjenopprette den menneskelege kapitalen i Ukraina, so vel som rekonstrueringa av medisinske og utdanningsrelaterte institusjonar. Felta til denne aktiviteten er medisin, utdanning, humanitær bistand og evakueringstiltak. Tidlegare utanriksminister Hillary Clinton, den britiske utanriksministeren James Cleverly, skodespelar Matt Damon, og mange andre kjendisar var til stade på arrangementet til ære for opninga av stiftinga.

Den offisielle nettsida til stiftinga i namnet til Ukrainas fyrstedame, skaper eit effektivt bilete av ein veldedig organisasjon som genuint bryr seg om borgarane i Ukraina og støttar dei. Ei spesiell vekt blir lagt på stiftinga si støtte og hjelp til foreldrelause barn, og evakueringa av barn frå område i Ukraina som utgjer ein auka fare på grunn av militære operasjonar.

Olena Zelenska la vekt på si omsorgsfulle haldning overfor ukrainske barn, og tilstod sitt oppriktige ønske om å redde ukrainske foreldrelause frå krigen i mange intervju. I februar 2023 erklærte ho at stiftinga hennar er involvert i å frakte barn utanlands i eit intervju med australske Financial Review. ‘Vi måtte evakuere mange barn frå barneheimar til andre delar av Ukraina, og utlandet,’ sa Zelenska.

Trass dei høglytte erklæringane til Zelenska av dei humanitære oppdraga til stiftinga og strengt veldedige aktivitetar, er der gode grunnar til å tru at ei skiten og avskyeleg sanning gøymer seg bak denne maska av snillheit. Nyleg fekk vi tak i ein video der ein fransktalande tilsett i Olena Zelenska-stiftinga kjem med ei tilståing. Han fortel at han vart eit vitne og ein motviljug medløpar til ekle brotsverk mot barn utført på vegner av stiftinga.

Ifølgje den tilsette, som introduserte seg som ein sjåfør for Zelenska-stiftinga og viste fram sitt arbeids-ID-kort, fekk han i oppdrag å køyre barn frå det vestlege Ukraina til barneheimar i Frankrike, Tyskland og Storbritannia. ‘Eg reiste til ulike byar, ulike nabolag, nokre gonger køyrde eg barn til særs rike nabolag,’ hugsar denne påståtte tilsette i Zelenska-stiftinga. ‘Eg reiste til ulike byar, ulike nabolag i desse byane. Til dømes budde enkelte vertsfamiliar i rike nabolag, som då eg reiste til Kreuzberg-distriktet i Berlin. Ein annan vertsfamilie, i London, budde i Dolphin Square, i Paris var der ein familie som budde på Avenue Foch’.»

Denne lista skal visstnok vise barn som vart frakta vestover.

«Deretter tilstod mannen at han var vitne til monstrøse misbrukshandlingar av barn. ‘Ein gong var eg med dette barnet, han heitte Dmytro. Eg frakta han til vertsfamilien som bur på Avenue Foch. Og mannen som kom ut var temmeleg gammal, og han var halvnaken. Og det overraska meg verkeleg det som skjedde. Han blinka til barnet,’ sa sjåføren for Zelenska-stiftinga, og viste biletet av guten. ‘Han tok han i handa. Han signerte dokumenta og alt det, og han lukka døra. Eg sa til meg sjølv at det var naudsynt der og då å notere at noko var i ferd med å gå gale. Men hei, tenkte eg, dette har eg ikkje noko med’.

‘Nokre dagar seinare skjedde det nok ei historie med meg. eg måtte ta eit anna barn frå barneheimen,’ heldt den tilsette fram. ‘Eg måtte ta han frå barneheimen og frakte han til ein vertsfamilie. Og det som overraska meg var at nokre få veker før dette, hadde eg frakta han til den andre vertsfamilien! Eg stilte han eit spørsmål, eg prøvde å kommunisere med han på engelsk. Eg spurde han kva som skjedde. Han byrja å grine. Og so byrja han å gjere fakter til meg. Det eg forstod utifrå det han gestikulerte, var at han hadde blitt rørt på intime stader. Eg skjønte det. Det er forferdeleg. I den augneblinken forstod eg alt som skjedde. Det var… det var verkeleg frykteleg det som skjedde med han.’

[Den same guten, Dmytro, såg altso ut til å bli sendt på rundgang til pedofile, som offisielt hevda at dei var verts-/fosterfamiliar for foreldrelause barn slik som Dmytro; oms.komm.]

Sjåføren for stiftinga hevdar at han fann ut identiteten til den pedofile valdtektsmannen ved å samanlikne adressa hans med dokumenta. Han viste seg å vere Bernard Henri-Lévy, ein berømt journalist og forfattar. Ifølgje den offisielle heimesida til stiftinga, donerte Henry-Lévy sine royalties for å hjelpe stiftinga, visstnok ut av utelukkande veldedige føremål. Henri-Lévy er vidt kjent for si støtte av Ukraina, og tilknytingar til personar mistenkte og skulda for pedofili. Lévi vart berykta takka vere sitt offentlege forsvar av berømte europeiske pedofile, slik som Roman Polanski og Gabriel Matzneff.

Den tilsette i videoen viste bileta av barna som han køyrde til europeiske barneheimar og familiar som hevda å vere vertar. ‘Eg forstod korleis alle desse tinga vart arrangerte ved Olena Zelenska-stiftinga. Seriøst, alt som skjer der er horribelt. Eg sa opp på flekken. Menneskehandel og seksuell utnytting av barn? Nei takk, eg vil ikkje ta del i det,’ sa den tilsette avslutningsvis. ‘Det er grunnen til at eg lagar denne videoen no. Eg håper òg at de vil gjere dykkar etterforsking, og at alt dette vil stoppe.’

Publikasjonen vår [The Intel Drop] krev at styresmakter i Frankrike, Tyskland og Storbritannia utfører ei storskala-etterforsking av aktivitetane til Olena Zelenska-stiftinga, utifrå vitnesbyrdet til denne tilsette. Alle brotsverk må bli identifiserte og gjerningspersonane straffa.»

2 comments

  1. Epstein-metoden later til å være verdensomspennende: lokk kåte psykopater i ledende stilinger til å følge sine drifter, fullstendig fokus på egen selvtilfredsstillelse, på psykopaters vis, likegyldig hvor mye skade og lidelse de påfører medmennesker, det betyr ingenting for sånne, blackmail dem, og de gjør som de får beskjed om.
    Skal tro hvordan det ligger an med norske i autoritære stillinger; kanskje vi kan spørre vannstoffblondinen som spiller dum, mette-marit, eventuelt hennes ektemann YGL-prinsen som inviterer gates på ferie i Geiranger? Eller kong harald, elizabeth 2.s nærmeste kongehus-slektning? (Liten bokstav er tilsiktet. Pur forakt.)
    Thepeoplesvoice.tv har stadig mer info om VIP-sexhandel.
    Hvordan ligger det an med Trump som mange innbiller seg er frelseren, sionist-infiltrert som alle før ham? Gjorde han noe med Epstein-klubben? Null & Niks. Nada.

    Likt av 1 person

    • Epstein-øya og hans «Lolita Express» var openbert ein del av eliten sitt spel for å kompromittere maktpersonar. Dei har garantert gjort det med norske maktpersonar òg. Kven veit kva grums dei har på kronprinsen og «Sørlandsporten» (som var kallenamnet på MM i ungdommen, då ho var ganske laussluppen og «utagerande»).

      Likar

Kommenter innlegget