Den britiske legen Vernon Coleman har heilt sidan byrjinga på djupstaten sitt ambisiøse koronaprosjekt vore kritisk til både «tiltak» og «vaksinar». I ein nyleg artikkel på nettstaden The Exposé kjem han med sine skarpe, briljante observasjonar av helseomsorg og andre samfunnsområde som har forfalle vesentleg i seinare tid. Saksyndig presenterer her ei omsetjing av nokre av punkta.
«Den britiske regjeringa sin Covid Inquiry [«covid-undersøking»] har høyrt evidens frå ein endelaus serie av politikarar, rådgjevarar og offentlege tenestepersonar som, av ein eller annan grunn, frå mitt synspunkt, ser ut til å ha gjort ting uendeleg verre. Eg har gjentekne gonger tilbydd meg å gje dei evidens, og å forklare kvifor eg visste at alt som vart gjort i respons til noko som har vist seg å ikkje vere noko anna enn eit standard influensautbrot, garantert ville gjere alt verre. Er det urimeleg av meg å forvente at ingen ønskjer at sanninga skal bli fortalt?
Skulejenter må no ha ‘eg har mensen’ skrive på pannene sine. Nei, beklagar, det må dei ikkje. dei må berre bere med seg eit raudt kort for å vise at dei har mensen. Dei må ha på seg det raude kortet i tilfelle dei ønskjer å gå på do. For ei lette om den pannetingen.
Legar diagnostiserer no ‘lang forkjøling’ for folk som vore forkjøla lenger enn normalt. Eg kan sjå dette bli mote. Vi vil ha lang senebetennelse, langt høgt blodtrykk, lang eksem, lang hjartesjukdom og langt flass. Og sjiraffar vil, naturlegvis, ha lang hals-sjukdom.
[…]
Eg høyrer at legar seier til eldre pasientar at dei kan få alle sprøytene sine på éin gong – influensasprøyta, covid-sprøyta og helveteseld-sprøyta. Og kva som helst andre sprøyter som er tilgjengelege den dagen. Nøyaktig kor er den vitskaplege evidensen for at dette er fullstendig trygt å gjere? Åh. Kva har vitskapen med det å gjere?
Gratulerer til den smarte personen som visste at dei ikkje lika min nyaste video før dei hadde sett den. Den fyrste ned-tommelen kom etter at videoen på åtte minutt hadde vore tilgjengeleg i 15 sekund.
Den utmerka og essensielle nettstaden The Exposé rapporterer at data frå den amerikanske regjeringa bekreftar at risikoen for å utvikle kreft etter covid-19-vaksinasjon aukar med 143,233%. Eg vil no ha ei orsaking frå alle dei folka som såg stygt på meg då eg for lenge sidan føresåg at nøyaktig dette ville skje. (Vel, eg sa ikkje at kreftrisikoen ville auke med 143,233%, men eg sa at eg trudde kreftrisikoen ville auke betydeleg blant dei injiserte.)
Eg syntest det var artig å sjå at der no er ei nettside som er vigd til berekraftig turisme. Visseleg er dei einaste ‘berekraftige turistane’ dei som held seg heime?
General Medical Council (‘GMC’) [det regulerande organet for legar i Storbritannia; oms.an.] rapporterer at legar planlegg å forlate National Health Service (‘NHS’) [det britiske, offentlege helsevesenet, oms.an.] i veksande tal, og påstår at dette er fordi dei er utbrende. Det er vanskeleg å sjå korleis dette kan vere tilfelle, ettersom legar no jobbar kortare arbeidsdagar enn nokosinne. Eg mistenkjer at hovudgrunnen til at legar forlèt NHS er på grunn av sjølve GMC. […].
Raserianfall og vegsinne [road rage på engelsk] har no blitt ‘forbigåande eksplosiv forstyrring’ [intermittent explosive disorder]. Dei som slår til folk, øydelegg gjenstandar, kjem med fæle trugslar og oppfører seg på ein sosialt destruktiv måte, kan no gjenskape seg sjølve som offer som lid av ‘forbigåande eksplosiv forstyrring’. Årsakene er, naturlegvis, genar, miljø og hjerneforstyrringar. Og behandlinga? Vel, det kan vere sjenerøse mengder psykoterapi og vedunderlege medisinar frå legemiddelselskap.
Den britiske regjeringa gjev seg sjølv auka fullmakter til å spionere på alle. Og politikarar, offentlege tenestepersonar og journalistar lèt dei ikkje berre gjere det, dei hjelper dei med det.
Meir enn ein femtedel av britiske vaksne kan ikkje forklare skilnaden mellom eit substantiv, eit verb og eit adjektiv. Gratulerer til alle dei inkompetente og late skulelærarane som har produsert ein nasjon av ordblinde, talblinde pingler.
Bill Gates er svært, svært snill med medieorganisasjonar. Han har gjeve 54 millionar pund til BBC Media Action, 12 millionar til The Guardian […] og fleire millionar til Daily Telegraph, Financial Times, The Spectator Magazine og Evening Standard. No, kvifor skulle herr Gates føle trong til å gje slike enorme pengesummar til medieorganisasjonar? Hmm. Det er ei gåte, er det ikkje? Eg er sikker på at det berre er eit samantreff at so mange medieorganisasjonar skriv fine ting om han og driv og pushar vaksinane hans verkeleg hardt.
Du må vere verkeleg dum for å ikkje sjå USAs president Biden som eit av problema. I so fall, korleis i alle dagar kan han vere løysinga?
[…]
Lærarar og deira fagforeiningar har stengt ned skular og skadd utdanningsframgangen til barn so vel som helsa deira av ingen gode grunnar, og mange dårlege. Utdanning har blitt bevisst øydelagt for å sikre at framtidige generasjonar knapt kan lese og rekne, og at dei ikkje stiller spørsmål som ikkje kan svarast på. For å sikre at elevar ser ut til å ha gjort det godt under eksamenar, har dei blitt vist eksamensfasitane på førehand. Deretter var der mykje forfalska, men overtydande og behageleg overrasking då elevar som hadde fått sjå svara i forkant gjorde det godt. Nyheiter om at manglande lese- og rekneferdigheiter blant barn hadde nådd nye høgder, vart gjevne mindre publisitet i det feige hovudstraumsmedia, som aldri rapporterer noko upassande eller motstridande til synet til konspiratørane.
[…]
Øydelegginga av helseomsorga har vore systematisk. Det byrja for over 60 år sidan då ein tok avgjerda om å sleppe fleire jenter enn gutar inn på medisinskular. Dette vart gjort vel vitande om at dei fleste kvinnelege legar arbeider deltid, og at dette aldri ville endre seg. I Storbritannia er resultatet at den gjennomsnittlege allmennlegen jobbar 24-26 timar i veka og har inga dekning på nattetid, i helgar og på raude dagar. Dette legg eit massivt press på akuttmottak og ambulansetenesta og, fullstendig føreseieleg, har dette ført til eit fullstendig samanbrot av helsetenestene. Pasientar som er heime brukte å få besøk av ein distriktssjukepleiar. Vi nærmar oss slutten på ein sivilisasjon som har vore i utvikling i fleire hundreår. Vi bevegar oss, i ein fæla fart, inn i den verda som er skildra av Fritz Lang i filmen hans frå 1927, Metropolis. Ikkje-valde konspiratørar, hjelpt av ikkje-valde kollaboratørar, har teke kontrollen. […]
mRNA-covid-sprøytene har gjort hjernane til millionar av injiserte om til graut. Dersom dei blir bedne om å stikke hovuda sine i ei bøtte med sennep, vil deira einaste spørsmål vere ‘Kor lenge bør eg ha det der nedi?’.»

GMO-Zombies og vandrende mac-adresser er nå våre med-«mennesker». Kombiner det med innvandreres ptsd-psyker fra det helvete de kom fra, ille i utgangspunktet og så maksimert ved vår snille, vestlige hjelp til å innføre «demokrati» og «verdier». At unnskyldninger skal komme? Feiginger er ikke gode til det; de skylder på andre eller løper og gjemmer seg. Å innrømme feil krever ryggrad, og de fleste har en ryggrad som en makk.
LikarLikt av 1 person
Feigingar, psykopatar eller kanskje begge delar? Dei er fullstendig ute av stand til å ta sjølvkritikk for handlingane sine, og dei «tek ansvar» ved å bli sitjande i sine godt betalte posisjonar. Og so bruker dei politi og rettsvesen som våpen mot «vanlege dødelege» som protesterer og vil ha dei ansvarleggjort for brotsverka sine.
LikarLikar