Saksyndig har i det siste dekt det som ser ut til å vere eit omfattande, landsdekkjande undergrunnsnettverk av menn som utnyttar åleinebuande kvinner i alle aldrar – i byte mot sokalla «hageservice» i sommarhalvåret og «vintervedlikehald» av tilkomstveg og oppkøyrsel i vinterhalvåret. At dette var slik ein formidabel verkebyll, var totalt ukjent for meg då eg byrja med denne banebrytande gravejournalistikken. Dette viser nok ei skuggeside av det som den styrtrike herskarklassen påstår er verdas beste land.
I den førre artikkelen fortalde helsefagarbeidaren «Andreas» om enkjefruer som blir seksuelt utnytta på det grovaste av hageservice- og plogmenn med ei umetteleg sexlyst. Denne gongen er det åleinemora «Martine» som står fram, naturlegvis anonymt i frykt for ublide møte med stubbefresar, snøplogar og erigerte kjønnsorgan. 27-åringen bur ein stad på det tett befolka Eidsvågneset sør i Åsane bydel. Det ho fortel er minst like sjokkerande som det Andreas fortel. Etter eiga utsegn må Martine betale ein særs høg pris for å ha ein av dei vakraste hagane i nabolaget, og for å ha farbar tilkomstveg og oppkøyrsel om vinteren.
Det er den same mannen som kjem til ho både om sommaren og vinteren. Det er ein kar som har ei høg stjerne i området, og som driv eit vellykka enkeltmannsføretak som får mykje skryt på sosiale media for arbeidet han gjer med hagar i området. Dette ser ut til å vere norma for alle mennene innan denne moralsk forderva bransjen. På overflata framstår dei som hardtarbeidande kvardagsheltar og velgjerarar – men udyret lurer like under overflata som ein hai som skal til å gå til åtak. Desse mannfolka er psykopatar og monster som helst burde sperrast inne. Dei er ein fare for alle desse stakkars einslege kvinnene.
Saksyndig møter «Martine» på eit kjøpesenter i Bergensområdet. 27-åringen er mor til ei dotter som går på skulen. Ho vart mor som 20-åring med ein sokalla «norsk statsborgar», og bilete av dottera viser at ho er mulatt. Martine har brunt, fyldig hår som er knytt i ein hestehale, og er velkledd med raudt skjerf, ein olivengrøn tunika og svarte, tettsitjande tights. Rundt halsen glitrar det eit sølvsmykke med eit kors. Denne gudfryktige kvinna har korøvingar med den lokale kyrkja som sitt store høgdepunkt i veka, og då er dottera med ho. Barnefaren har aldri møtt dottera, for han rømde landet so fort graviditeten var eit faktum. Innkrevjing av barnebidrag har difor vist seg å vere umogleg. Martine blir flau og krympar seg då ho minnest denne natta.
«Eg miste jomfrudommen min til han,» fortel ho med blanke auge. «Og sidan har eg… ikkje akkurat levd eit kyskt liv.»
Rundt oss myldrar det av folk, midt i verste julestria. Julemusikk lyder i det fjerne, og den søte jenta på kafeen vi sit på har på seg ei nusseleg nisselue der ho står på utstilling bak disken i andre enden av det folketette lokalet.
«Det heile byrja for tre år sidan,» byrjar Martine medan ho varmar hendene sine på den digre tekoppen. «Eg arva huset til den eine tanta mi på Eidsvågneset. Eit ganske staseleg hus som låg oppe i ein bratt bakke. Eg hugsa fyrste gongen eg gjekk opp den vegen med veslejenta. Eg tenkte ‘oi, eg håper dei brøyter her om vinteren!’.» Dei store, tindrande auga vender seg tankefullt oppover til sida. «Det var då eg oppdaga at hagen var særs dårleg vedlikehalden. Hagen var svær, men temmeleg kaotisk. Graset var høgare enn eg var. Dei to pæretrea hadde greiner som var i ferd med å vekse seg inn kjøkkenvindauget. Eg tykte til og med eg såg ein rev lure i det mannshøge ugraset. Noko måtte gjerast. Eg hadde aldri i mitt liv teke i ein grasklyppar, langt mindre handtert ei motorsag, ein stubbefres eller ein skurtreskar.»
Det tok ikkje lange tida før «Hagemannen», som Martine kallar han, tok kontakt. Ja, han tok faktisk kontakt med ho og ikkje omvendt. Med hennar eigne ord:
«Dagen etter at eg og jenta mi hadde flytta inn – vi hadde ikkje eingong pakka ut tinga våre – so ringjer det plutseleg på døra. Der står det ein mann med intense auge og eit skummelt flir. Han informerer meg om at tanta mi hadde inngått avtale med han om vedlikehald av hagen og vedlikehald av vegen på vinterstid. Han var særs interessert i å vidareføre denne ordninga. ‘Oi’, sa eg, ein tanke skjelven og sett ut. ‘Eg har eigentleg ikkje råd til det. Eg er åleinemor og jobbar i kassa på Rema.’ Han såg lenge på meg med desse intense auga. So seier han stille ‘Du, eg trur vi kan kome fram til ei ordning’. Og den dagen byrja marerittet.»
Martine sine auge blir fylde av tårer der ho sit modig og tapper og fortel. «Hagemannen» kom tilbake allereie tidleg neste morgon – Martine hadde akkurat levert dottera i barnehagen og kome tilbake igjen med sin søte, vesle elbil. Då stod firmabilen hans i oppkøyrsla. Han hadde med seg utstyr som han sjølv hevda kosta over ein million.
«Han jobba iherdig og alt tyda på at han visste nøyaktig kva han gjorde,» fortel Martine medan tårene trillar nedover det vakre ansiktet. «Han trimma greinene på pæretrea, brukte ein sokalla ‘ryddekniv’ på det høge graset, og trakterte grasklyppar, kantklyppar og motorsag som om dei skulle ha vore hans eigne kroppsdelar. Fire timar seinare var hagen so vakker at den kunne ha vore med i eit hageblad. Det var då han sa til meg kva han skulle ha i betaling.»
Martine bryt saman i gråt. Ho fortel, medan ho hikstar høglytt, berre med ymse stikkord kva som skjedde vidare. Alt tydar på at Hagemannen tok ho med seg inn på soverommet og gjennomførde eit komplett samleie der han tok ho bakfrå. Det tok ikkje lange tida før han kom med eit brøl inne i stakkars Martine.
«Han brukte ikkje eingong kondom!» utbryt ho stille medan ho snufsar. Hendene skjelv. «Og neste veke kom han tilbake igjen, for då hadde graset vakse so mykje. Han må ha brukt ein slags ekstra effektiv gjødsel på plenen, for gras skal jo normalt ikkje vekse so fort, sjølv midt på heitaste sommaren.»
Då hausten kom og kulden sette inn, trudde Martine at marerittet var over. So hugsa ho til si gru at serviceavtalen òg gjaldt det Hagemannen kalla «vintervedlikehald» av tilkomstvegen og oppkøyrsla.
«Den delen av Eidsvågneset låg i skuggen om vinteren, so ved fyrste temperaturfall var det klink is heilt frå huset og ned i hovudvegen,» seier Martine med ei røyst som knapt nok ber. «Heile nabolaget var privat veg. Vi var alle heilt avhengige av Hagemannen. Snøen og isen kom måndag ettermiddag. Om kvelden i titida då jenta mi var lagt, kom han der med snøplogen. Han brøytte perfekt og strødde sjenerøse mengder sand og vegsalt, slik at eg skulle kome meg av garde med dottera mi om morgonen. So…» Ho snufsar medan ho sit der og småskjelv. «So bar det inn på soverommet igjen, der han tok meg hardt og utan nåde. Eg hadde til og med mensen, men det kunne ikkje ha brydd han mindre!»
Dette var tre år sidan. Framleis får Martine besøk av Hagemannen fleire gonger i veka. Verst er det om vinteren, då vegane må brøytast og saltast med jamne mellomrom. Ho registrerer at der er ein periode om sommaren, rundt juli månad, der Hagemannen ikkje kjem i det heile. Kanskje er han på ferie då – og per dags dato har han heldigvis ikkje funne ein avløysar!
«Er det ingenting du kan gjere for å kome deg vekk frå han?» spør Saksyndig.
«Nei,» svarer Martine gråtkvelt. «Absolutt ingenting. Flyttar eg til ein ny stad, kjem det berre ein ny Hagemann der. Det er nett som dei har organisert seg i eit slags… nettverk, som dekkjer heile landet. Venninner heilt oppe i Trøndelag og Nordland fortel om liknande historier. Ein kollega av meg nede på Rema har ei dotter som bur i Tvedestrand, ho er òg åleinemor, og ho har nøyaktig same problemet. Desse fyrane dukkar berre opp der og tek seg til rette – både på eigedommen vår og mellom beina på oss!»
Dette bekreftar mine mistankar om at desse «hagemennene», som eg kollektivt kallar «mister Hagen/mister Plogen», er ein del av eit landsomfattande undergrunnsnettverk. Offera deira er einslege kvinner som ikkje har ein MANN i huset. Martine og andre åleinemødrer i same uføret er alle offer for denne vondsinna sex-konspirasjonen. Det blir i uavhengige media skrike ut om internasjonal elite-pedofili – problemet med seksuell utnytting av norske, einslege kvinner er kanskje i mindre målestokk, men like fullt eit tilsvarande problem. Mitt håp er at fleire som Martine vel å stå fram og fortelje om desse harde realitetane.
«Mange av desse hagemennene er gifte og har barn,» seier Martine til slutt. «Veit konene deira om dette? Er det liksom greitt for dei at ektemennene held på slik? Eg meiner… Eg blir valdteken av Hagemannen fleire gonger i veka, og han bruker ikkje eingong kondom!»
Martine og eg går kvar til vårt. Ho ser med skrekk og gru på at snøen lavar ned ute, vel vetande om kven som ventar på ho med plogen og det skumle gliset.
Eg veit ikkje kva som er mest sjokkerande: at dei perverse hagemennene er godt gifte og har ei høg stjerne i nabolaget, eller at konene kanskje veit om og godkjenner denne åtferda. Enkelte lever diverre i fornekting, eller i den villfaringa at somme mannfolk ikkje har nok med éi dame for å tilfredsstille lystene sine. So lenge inntekta er sikker og bustadlånet blir betalt, er det tydelegvis ikkje so farleg om «mister Hagen» puler alt som kan krype og gå av einslege kvinner i mils omkrins.

Det store huset og den velstelte hagen kan selges med fortjeneste og erstattes med noe mindre som kvinner mestrer å stelle, ellers er godtatt et riktigere ord enn voldtatt. Hvis de ikke vil bli voldtatt, men slipper mannen inn, vel vitende av erfaring hva som vil skje? For tafatt og hjelpeløst og gråtkvalt av en voksen kvinne, kom an! Valget står mellom flott sted å bo og fornedrelse eller noe kvinner kan betale og stelle selv uten inntrengere.
LikarLikt av 1 person
Hagemannen ser ut til å ha eit psykologisk overtak på offera sine. For alle som har stått i ein situasjon som dette, er det ikkje alltid lett å reflektere over kor absurd situasjonen er. Ein kan gjerne seie det same om kvinner (eller menn) som er fanga i skadelege forhold med ein narsissist: kvifor går dei ikkje berre i frå han/ho? Hagemannen har valt seg ut nettopp åleinemødrer og enkjefruer, for dei er dei mest sårbare, og dermed dei lettaste å manipulere til å underkaste seg han.
LikarLikar