Statlege data frå Storbritannia: Eksplosiv auke i kreftdødsfall hjå unge etter covid-«vaksinar»

Tenåringar og folk frå 20- til 40-årsalderen døyr av raskt spreiande og dødelege krefttypar i ein eksplosiv rate, og det har dei gjort sidan covid-19 entra verdsscena. Dette rapporterer Zoey Sky i Natural News, og viser i tillegg til ein artikkel skriven av Mike Capuzzo og Ed Dowd som fyrst vart publisert i Children’s Health Defense 21.november 2023, og igjen på nettstaden Global Research 23.november. Natural News skriv (mi omsetjing):

«Analysen på 45 sider vart utført av COVID-19-forskar og tidlegare Wall Street hedge-fond-manager Edward Dowd, og rapporten gav grunn til bekymring blant mange onkologar [kreftlegar], som skildra det som ei ‘skarp omvending av fleire tiår med dødelegheitsdata’ som viser ein auke i talet menneske som døyr på grunn av kreft.

Dowd baserte analysen sin på lett tilgjengeleg statleg statistikk frå det britiske Office for National Statistics [«Kontor for nasjonalstatistikk»].

For å samle data til rapporten, føretok Dowd og hans forskingspartnerar, som inkluderer eit knippe vitskapsfolk på eit høgt nivå, dataanalytikarar og finansekspertar, ein studie av alle kodane i International Classification of Diseases, 10.utgåve (ICD-10) for dødsårsak i Storbritannia frå 2010 til 2022. Dowd og forskarteamet tok ein titt på trendar innan vondarta neoplasmar (kodane C00 til C99).

ICD-10-kodar er dei internasjonale legeklassifikasjonane av diagnosar, symptom og prosedyrar for kravsprosessering fastsett av Verdas helseorganisasjon (WHO), og ein vondarta neoplasme er ein svulst med kreft i.

Forskarane observerte eit merkbart mønster: Sjølv om nesten alle dødsfalla blant eldre i 2021 og 2022 i Wales og England har fått kode, har åtte prosent av dødsfalla blant 15- til 44-åringar i 2021, og 30% av dødsfalla i den aldersgruppa i 2022 enno ikkje fått kodar.

Dowd forklarte at når nokon døyr på eit sjukehus, ‘etterlèt dei seg eit spor av liv og død med indikasjonar på kva som førde til døden’. Og dersom ein ung person døyr bak rattet på ein bil eller i søvne, blir ei etterforsking utført og det tek tid å tilskrive dødsårsaka. Han la til at dei manglande kodane er ‘indikative på problemet’ med overtalsdødsfall blant unge.

Derimot, sjølv om ein tek til etterretning manglande kodar, antydar dei gjenverande 92% av koda dødsfall i 2021, og 70% av koda dødsfall i 2022, ‘eit sterkt signal på kreftdødsfall blant unge’.

Dowd sa at forskarane observerte ein betydeleg auke i dødelegheit på grunn av vondarta neoplasmar som byrja i 2021, og som akselererte vesentleg i 2022. Han skreiv at auken i ‘overtalsdødsfall’ i 2022 er høgst statistisk signifikant (ekstrem-hending).’»

Dowd brukte data både frå den britiske staten og frå forsikringsselskap. Det var den veksande mengda klinisk evidens som knytte aukande førekomst av krefttypar til covid-19-«vaksinane» som fekk Dowd til å utføre undersøkinga. Vidare skriv Natural News:

«Forskinga deira fokuserte på yngre individ i alderen 15 til 44 fordi det for tida er eit emne av særskild interesse på grunn av auken av anekdotisk evidens for mange uforklarlege, aggressive og uvanlege krefttypar, slik som ‘turbokreft-former’ sin førekomst i befolkninga, spesielt hjå yngre.

Dowd forklarte at målet med studien ikkje var å undersøkje individuelle påstandar og anekdotar, men å kome med ‘ein statistisk analyse på befolkningsnivå og klargjere om den anekdotiske evidensen er unormal eller ikkje’. Dowd håpte at dei potensielle samanhengane som blir identifisert i studien kan bli brukt som ‘ein basis for ein realitetssjekk for helsepersonell for å forstå underliggjande trendar i helsa til individ’.

I studien samanlikna Dowd og forskarane overtalsdødsfallsratar og skilnaden mellom observerte dødsfall og grunnlinja for forventa dødsfall før og etter koronavirus-pandemien.

Dowd etablerte ei grunnlinje med normale kreftdødsfallsratar frå 2010 til 2020 som forblei konsekvente med få avvik, i det minste fram til kreftdødsfallsratane auka betydeleg seint i 2021 i Storbritannia etter utrullinga av COVID-19-vaksinar.

Dowd sette fokus på at forskinga var ei av dei fyrste som prøvde å identifisere ‘enkelte mønster som blir observert i trendar’ i kreft etter 2020.»

Kreft hjå elles unge, friske menneske er sjeldan, og endå sjeldnare er aggressiv, vondarta kreft hjå dei. Iallfall brukte det å vere slik, fram til ein viss «vaksine» byrja å bli påtvinga befolkninga.