Ein statleg tenesteperson i New Zealand har gått ut og varsla at covid-«vaksinane» har teke livet av minst 20% av befolkninga i den vesle øystaten. Dette melder The People’s Voice. Vedkomande er ein databaseadministrator som på oppdrag frå den newzealandske regjeringa samla ei liste over vaksinemottakarar. Det var der varslaren, som kallar seg «Winston Smith», oppdaga den dramatiske auken av dødsfall. Ved hjelp av dataprogrammet fann han ut nøyaktig når dødsfalla byrja å oppstå, og det vart kort tid etter utrullinga av «vaksinane».
Det var i eit intervju med forskaren Liz Gunn at «Smith» kom med desse sjokkerande nyheitene. Under intervjuet diskuterte han òg korleis han fann korrelasjonen mellom administrasjonen av sprøytene og dei påfølgjande dødsfalla. Som han sa til Gunn:
«Då eg såg på dataa, som er del av jobben min, merka eg somme avvik med dødsdatoane, der folk døydde innan ei veke etter at dei vart vaksinerte.»
Gunn fortel vidare:
«Og dette er Pfizer sitt parti [engelsk batch] nummer ein. Vi har hatt 711 frå parti nummer ein, og 152 av dei døydde, noko som utgjer ein dødsrate på 21%.» Smith bekrefta at desse dataa var korrekte. Han sa:
«Dette er verkelege menneske […]. Dette er verkelege tal. Dette er statlege data. So topp-V1 har vaksinert 246 menneske, og 60 av dei er ikkje lenger blant oss. Det er nesten 25%.»
Dataa han refererer til kan sjåast her. V1 ser ut til å vise til det dødelegaste vaksinepartiet, med ein dødsrate på 24,39%, medan den minst dødelegaste, V10, «berre» tek livet av 10,53% av dei vaksinerte.
«Éin av fire vaksinerte er no døde,» seier Smith. Han seier òg at det for det meste var Pfizer sin korona-«vaksine» som vart administrert, og at dei til AstraZeneca og Moderna berre unntaksvis vart gjevne. Dette reflekterer stoda her i Noreg, i og med at det i 2021 stort sett var Pfizer-vaksinen som vart gjeven. Helsepersonellet på sjukeheimen eg jobba på på den tida, fekk hovudsakleg AstraZeneca. Den vaksinen vart som vi alle hugsar trekt tilbake på grunn av urovekkjande biverknader slik som blodproppar. Pfizer sin «vaksine» er, som dataa til Smith viser, heller ikkje nemneverdig trygg.
X-brukaren «Dr. My Le Trinh» har følgjande kommentarar om dataa til Smith (mi omsetjing):
«Helseministeriet i New Zealand har kome med eit vell av statlege data som han [Smith] trur viser farane ved covid-19-vaksinen. Winston var involvert i implementeringa av eit vaksinebetalingssystem for tilbydarane, noko som gav han tilgang til detaljerte data rundt vaksineadministrasjon og relaterte dødsfall.
Winston sin posisjon som den einaste dataadministratoren for systemet gjer dataa hans unike og høgst viktige. I eit lite land som New Zealand treng ein berre éin dataadministrator, og Winston har vore i stand til å nøye analysere og overvake dataa. Han har vore vitne til eit bekymringsverdig mønster i dataa som han trur viser ein korrelasjon mellom vaksineadministrasjon og dødsfall.
Eit spesielt tungtvegande bevis som Winston presenterer, er den konsekvente auken i daglege dødsfall over 120 etter vaksineutrullinga byrja i New Zealand. Typisk stig ikkje [daglege] dødsfall i New Zealand over dette talet, bortsett frå under spesifikke hendingar slik som influensasesongen eller naturkatastrofar. Derimot, heilt sidan vaksineutrullinga har daglege dødsfall konsekvent gått over 120-merket, utan gap imellom.»
Smith seier òg at sjansen for at slike avvik/aukar skal skje naturleg, er nesten umogleg. I skrivande stund har den newzealandske regjeringa enno ikkje bestridd påstandane til Smith.
New Zealand hadde under dåverande statsminister og WEF-medlem Jacinda Ardern nokre av dei strengaste vaksinepåboda og covid-restriksjonane i verda. I 2021 stengde Ardern ned heile landet på grunn av eitt einaste covid-tilfelle. I januar 2023 gjekk Ardern av som statsminister under ein tårevåt tale.

Kjenner folk i Auckland, og for ikke mange år siden vurderte jeg faktisk NZ som et alternativ å bosette meg, dersom steinrøysa skulle bli ulevelig. Å se hvilken totalitær retning landet tok under «kuppet» var direkte fryktinngytende og disse tanker ble forkastet. Visst er man til en viss grad isolert i en slik øystat, men da blir man også «sitting duck(s)» hvis/når globalismen skal skjære ned på buskapen.
Noe annet (OT): Jeg oppdaget Saksyndig gjennom derimot.no. Nå er det flere dager siden jeg har kommet inn der, er derimot.no nede? Noen som vet?
LikarLikt av 1 person
Takk for kommentaren, StormFrog. Nei, Derimot fungerer fint, er inne på nettsida og ser i skrivande stund. Nye artiklar frå i dag, og alt er som det skal der.
LikarLikar
Takk for svar!
Da ligger nok feilen hos meg 🙂
LikarLikar