Tucker Carlson intervjuar «verdas farlegaste mann», Alex Jones: «Djupstaten kjem til å myrde BÅDE Biden og Trump!»

Episode 46 av Tucker Carlson sin serie på X (Twitter) handla i sin heilskap om programverten Alex Jones, som driv nettstaden InfoWars. Carlson introduserer humoristisk Jones som «verdas farlegaste mann», og dette er berre byrjinga på dette intervjuet på over nitti minutt. Jones er kan hende den mest sensurerte mannen på nettet fordi han seier ting som djupstaten ikkje likar. Han vart i si tid utestengt frå Twitter og ei rekkje andre medieplattformer, og difor er det no ironisk at eit intervju med han faktisk er å finne på Twitter (eller X, som det no strengt teke heiter). Elon Musk vurderer derimot å sleppe Jones inn igjen på X, og skal truleg halde ei spørjeundersøking blant X-brukarane.

Carlson og Jones diskuterte ei rekkje tema, inkludert deplattforming, dei vidopne grensene i USA, avfolking, forsettleg raseskilje, det komande presidentvalet, og ikkje minst alle spådommane som Jones har kome med opp gjennom åra. Han hadde rett nesten kvar einaste gong.

Jones spår at djupstaten kjem til å drepe tidlegare president Donald Trump – og Biden. Dei er begge ein fare for denne mektige makta bak makta. Når det gjeld Biden, fortel Jones at han har høyrt frå statlege kjelder at «president» Biden vandrar rundt naken i Det kvite hus om natta, at han ikkje veit kven han er, og at han går på ein konstant cocktail av amfetamin og benzodiazepin (Vival og Valium er døme på ein slik type legemiddel).

Følgjande sitat er henta frå Zero Hedge sin omtale av intervjuet (mi omsetjing):

«[…]Jones seier at hans mest nøyaktige spådom fann stad rundt eit tiår sidan, då han las Rockefeller Foundation Operation Lockstep-rapporten [lockstep tydar at alle går i takt, i gåsegang; oms.an.], som han seier: ‘skildra bruk av eit virus for å føre inn verdsregjering, ein verdsmedisinsk ID, som dei deretter vil byggje ein sosialkreditt-poengsum på… at dei vil tvinge folk til å gå med munnbind for frykt, stengje ned sportsarrangement og slike ting… og rett og slett fase inn dette nye tyranniet.

Desse åtvaringane, blant anna, var grunnen, argumenterer Carlson, for kvifor Jones vart so omfattande deplattforma: «Fundamentalt har Alex Jones rett om mykje. Og faktisk er det grunnen til at dei ikkje likar han.»

Om den so godt som systemiske deplattforminga seier Jones:

«Då Tim Cook innrømte at han i helga i august 2017 møtte dei andre Big Tech-hovuda, og dei tok avgjerda å ‘kuratere’ som om det er eit museum – og ta meg av, det var hundrevis av plattformer. Det var ikkje berre dei store. Alt frå LinkedIn, til bankkontoane våre forsvann, absolutt alt over dei neste vekene og den månaden. Og eg visste at eg var eit testtilfelle.»

Jones var i fjor involvert i ei rettssak over kommentarar han kom med om Sandy Hook-skuleskytinga. Om det fortel han:

«Det var den greia å stille spørsmål ved skuleskytinga som kom seinare. Dei grov det opp frå fortida mi, blåste det opp etter at eg hadde blitt deplattforma, og sa at eg hadde blitt deplattforma på grunn av det.»

Jones legg skulda på den veksande splittinga av nasjonen på grunn av rase, rett på Kina:

«CCP [Det kinesiske kommunistpartiet; oms.an.] saman med SPLC og ADL, ser svakheita til USA og dei kjem bokstavleg tala inn og seier ‘kvite er ibuande vonde på grunn av fargen på huda… og so organiserer dei alle dei i rasebaserte grupper under det Demokratiske partiflagget for å gå til åtak på dei som står att… som har tendens til å vere meir konservative.»

SPLC er nonprofit-organisasjonen Southern Poverty Law Center, som overvakar og eksponerer hatgrupper og andre ekstremistar. ADL er den New York-baserte, jødiske NGO-en Anti-Defamation League, som kjempar mot antisemittisme og ekstremisme.

Om dei vidopne grensene seier han:

«‘Dei fører inn alle desse fullstendig stats- og stemmelause folka frå rundt om i verda… dei plasserer dei i leirar der dei blir indoktrinerte til ein undertrykt politisk underklasse… som deretter kjem til å bli sleppte lause i USA.’

Dette er grunnen til at Demokratar gjev ulovlege innvandrarar førarkort, stemmerett i somme byar, og lèt dei bli politibetjentar, ‘slik at dei importerer ein ny handhevingsklasse mot det amerikanske folket’.»

Denne nye klassen vil gjere det enklare å innføre ein Ny verdsorden. Jones samanliknar den politiske stoda i USA med eit ball der alt er perfekt – og so kjem Brian Stelter og skit i punsjbollen. Når det gjeld innføring av Den nye verdsorden, er sjølvforsynte folk på landsbygda den siste folkegruppa som dei ikkje kontrollerer. Det er denne gruppa som får skulda for alt som er gale i samfunnet, sjølv om dei reelt ansvarlege er aktørar som BlackRock, WEF og Bill Gates.

WEF og FN prøver å gjere desse sjølvforsynte folkegruppene avhengige av staten, mellom anna i «Irland og område i Asia, og i Nederland, ved å seie ‘innan 2030 må 80% av kyrne dykkar vere daude». Klaus Schwab sine avgangselevar, hans Young Global Leaders, har «penetrert kabinett» over heile verda, og desse aktørane har gjort energi mindre tilgjengeleg, demoralisert oss, sleppt laus hardbarka kriminelle og samstundes fengsla politiske aktivistar – dei stengjer med vilje ressursar vekke frå oss for å skape ei sintare verd.

«Klaus Schwab seier, ‘vi skal få verda til å kollapse, vi skal få alle til å vende seg mot kvarandre, vi skal leggje skulda på dei politiske klassane som vi eig og kontrollerer, og når vi er ferdige, skal vi bringe inn vår nye løysing’. Men fyrst må dei øydeleggje samfunnskulturane som vi hadde før, ved hjelp av fentanyl, opne grenser, demoralisering, og so fører dei inn sin neste fase, som er eit høgteknologisk, kontantlaust samfunn. Eit robot-drone-kontrollert mareritt. Meir enn halvparten av USA på deira offisielle FN-kart, som dei har hatt i meir enn 25 år, viser at halve USA er stengt for menneske. Alle bilar vil måtte ha GSP, alle vil bli lovpålagde å ha med seg mobiltelefon til ei kvar tind. Og det er den innrømte globale FN-standardiserte planen, der du ikkje forlèt huset ditt utan ein mobiltelefon.»

«So dersom folk trur ting er ille no […], so kjem tvangstrøya og lenkjene på, og det heile blir styrt av militæret. Militæret vårt har tapre menn og kvinner, men på toppen har militæret vårt vore globalistiske […] Ny verdsorden-menneske i minst 30-40 år.»

Jones seier det vi alle veit, at Den nye verdsorden pressar på for 15-minuttsbyar, digital sentralbankvaluta, totalovervaking, sosialkredittsystem, mikroleilegheiter, intens 5G-stråling og insekt til mat. Og til slutt: avfolking.

«‘Globalistane har gått frå testfasen til å vere fullt operative no […]. Sjå kva dei skriv: vi kjem til å få ei post-industriell verd innan 2030… og vi skal starte avfolkinga av 90% av folket innan 2045.’

Det, forklarer Jones, er den offisielle WEF/FN/Club of Rome-planen. Ein sjokkert Carlson spør, ‘kva meiner du med ‘avfolking’?’.

Jones svarer: ‘dei ønskjer å redusere verdas befolkning til 500 millionar.»

Til slutt:

«Dei to diskuterte òg det komande valet neste år. Ifølgje Jones er både Biden og Trump ‘til skade’ for djupstaten, so planen er:

‘Dei får ein høgreekstrem, påstår dei, til å utføre attentat på Biden, og so får dei ein venstreekstrem til å utføre attentat på Trump…[…] Men eg trur verkeleg dei neste 13 månadene er den mest kritiske tida, ikkje berre i amerikansk historie, men i verdshistoria’ […].»

2 comments

    • Takk for kommentaren, Lysalv. Eg såg sjølv heile intervjuet, og må innrømme at det vart ein tanke langdrygt på slutten. Men mange interessante ytringar frå Jones si side.

      Likar

Legg att svar til Lysalv Avbryt svar