Kanadisk journalist og aggressiv forkjempar for covid-«vaksinar» døyr uventa i ein alder av 33

Det dukkar stadig opp historier i både uetablerte og uavhengige media om covid-«vaksine»-forkjemparar som plutseleg døyr. «Ingen» ser ut til å ville spekulere i dødsårsaka. Det er nok å leggje saman to og to. Dei som med nærast fanatisk iver og klokkartru på «vitskapen» promoterer covid-«vaksinar», skryter over at dei har teke alle anbefalte dosar, og hengjer ut alle som ikkje ønskjer å ta dei, ramlar plutseleg døde om under «mystiske» omstende. Spesielt dei som godtar seg over uvaksinerte som døyr, har ein tendens til å plutseleg døy sjølve. Det er vanskeleg å ikkje sjå på dette som karmisk rettferd – ein får tilbake det ein deler ut.

JD Rucker på Nettstaden Discern Report skriv (mi omsetjing):

«Lista av frittalande covid-19-‘vaksine’-forkjemparar som døyr held fram med å vekse. Dei fleste, inkludert den kanadiske business-journalisten Ian Vandaelle, var elles unge og friske før sin bortgang. Vandaelle var 33 då han døydde tidlegare denne veka [artikkelen er publisert laurdag 9.desember 2023; oms.an.].

Som vanleg blir ingenting som knyter hans altfor tidlege bortgang til covid-19 eller dei piggprotein-induserande ‘vaksinane’ openlyst nemnt av medisinske profesjonelle eller dei media som dekkjer historia. Det speler inga rolle kor mange menneske som døyr på mystisk vis. Sprøytene får ikkje lov til å bli vurdert som rotårsaka, sjølv om den vitskaplege evidensen gjer det temmeleg openbert.

Ifølgje The Canadian Independent på Twitter:

‘33-årig kanadisk hovudstraumsmedie-journalist som tungt fremja covid-19-vaksinen, var tilhengjar av vaksinepass og oppseiing av dei som nekta å ta sprøyta, er død etter å ha blitt sjukehusinnlagt og ‘erklært nevrologisk død’.

Ian Vandaelle, ein 33 år gammal kanadisk business-journalist, jobba som reporter og redaktør i the Financial Post og var tidlegare produsent ved BNN Bloomberg i over eit tiår.

Stephanie Hughes, partneren til Vandaelle, delte nyheita om hans død på sin X-konto 5.desember 2023, og skreiv ‘Eg har ikkje vore på Twitter på ei stund fordi partneren min, @IanVandaelle, har vore på sjukehus sidan 18.november. Det er med eit tungt hjarte i dag at eg seier at han vart erklært nevrologisk omkomen denne veka og fjerna frå respirator i dag tidleg. Han var 33 år gammal.’

Vandaelle hadde gått ut på sosiale media ei rekkje gonger og uttrykt støtte til incentiv for å oppmuntre covid-19-vaksinasjon, innføringa av vaksinepass, og avskjed av dei som nekta sprøyta.

I eitt sosialmedieinnlegg skreiv Vandaelle, ‘eg, for min del, støttar at vi tek fram gulrota og kjeppen. Legg kva som helst slags incentiv for å ta vaksinen – iskrem, lotteri, bokstavleg tala kva som helst, eg bryr meg ikkje – og krev vaksinasjon for å gjere ikkje-essensielle ting. Vil du gå på bar for å sjå kampen? Pass.’

I eit anna innlegg oppmoda han Toronto-politiet til å seie opp medlemmer som takka nei til sprøyta og sa, ‘Ta sprøyta eller slutt i jobben; alt anna er moralsk og etisk feigskap. Tok du ein eid for å beskytte innbyggjarane? Ta sprøyta. Det er ei skam at vi må seie dette.’

Vandaelle såg ut til å vere i god helse og aktivt engasjert i arbeid, noko som er indikert i ymse sosialmedieinnlegg før han vart sjukehusinnlagt.’

Det er ingen måte å få greie på om sprøytene var årsaka. Verken konsernmedia eller legar vil nokosinne erklære det. Dei vil rett og slett feie det under teppet som nok eit døme på ‘uforklarlege’ dødsfall som har skote til himmels over heile verda sidan 2021.»

2 comments

  1. «Konsernmedia» er rett og slett eminent ordbruk!

    Har selv benyttet begrep som «toneangivende-«, «system-« og «hovedstrøms-«, men ja; antar dette er din oversettelse av «corporate media»(?), og det treffer akkurat der det skal. Meget bra.

    Likt av 1 person

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar