Sjå òg «Uvaksinert sjukepleiar står overfor historisk rettssak», publisert 10.januar 2023.
Sjukepleiaren Iris Frohe vart i slutten av 2021 oppsagt av Hamar kommune frå jobben sin på legevakta då ho ikkje ville gå med på differensierte retningslinjer for uvaksinert helsepersonell. Desse retningslinjene bestod i å teste seg to gonger i veka, og gå med munnbind heile vakta, noko hennar fullvaksinerte kollegaer slapp. Ho allierte seg med advokat Barbro Paulsen og saksøkte kommunen for usakleg oppseiing. I februar 2023 tapte ho saka i Østre Innlandet tingrett.
(Sjå òg «Vilkårleg dom i Iris Frohe-saka svekkjer rettskjensla – advokat Barbro Paulsen vurderer snarleg anke», publisert 9.februar 2023.)
Med seg på denne kampen mot koronaregimet hadde Frohe Norsk hjelpefond med Rune Hansen. Hansen fekk arrangert ein spleis for Frohe, der fleire titals tusen vart samla inn for å dekkje utgifter til rettssaka. Takka vere Norsk hjelpefond og fantastisk gåvmilde medmenneske, vart det sendt anke i april.
(Sjå òg «Oppdatering i Iris Frohe-saka: Anken er sendt og svaret kjem i midten av april», publisert 3.april 2023.)
I oktober kom meldinga om at Frohe skulle prøve oppseiingssaka si i lagmannsretten etter at ho tapte i tingretten i februar. Dommen frå tingretten var særs ubalansert, og hadde rett og slett ignorert alle vitnesbyrd frå Frohe si side. Saka gjekk i lagmannsretten 26. og 27.oktober.
(Sjå òg «Sjukepleiar Iris Frohe skal prøve oppseiingssaka si i lagmannsretten», publisert 13.oktober 2023.)
Sidan den tid har det vore musestilt, endå dommen for lengst har kome. Der har ikkje vore eit knyst om utfallet av saka i lagmannsretten på nokon alternative media. Ikkje ein lyd på Hemali. Ikkje eit lite musepip på Derimot. Ikkje eit steinsens ord på Steigan. Totalt stille frå Document. Ikkje eingong so mykje som ei setning på sidene til Norsk hjelpefond.
Difor byrja Saksyndig å grave litt. Då dukka denne artikkelen opp i Hamar arbeiderblad. Artikkelen, som vart publisert 3.desember 2023, ligg bak betalingsmur, men ved å aktivere lesemodus ser eg følgjande tekst:
«Iris fikk delvis medhold, men må likevel betale nesten 300.000 kroner: – Nedslående for en trebarnsmor.
Iris Frohe har krevd erstatning etter oppsigelsen Hamar kommune ga henne i 2021. Kommunen får kritikk for deler av saksbehandlingen, men nå har Frohe tapt i både tingrett og lagmannsrett.»
Det er diverre den triste sanninga, folkens. Iris Frohe tapte saka si mot Hamar kommune òg i lagmannsretten, og må ut med 300 000 kroner i sakskostnader. Dette er òg all informasjonen eg har greidd å grave fram.
Det er vel grunnen til at alternative media plutseleg er musestille om Iris Frohe. Ein del av nyheitsformidlinga er å òg dele dårlege nyheiter, og denne nyheita er kanskje ei av dei dårlegaste når det gjeld kampen mot koronatyranniet.
Kjem ho til å anke vidare til høgsterett? Det veit vi ikkje i skrivande stund.
