Ved fyrste augnekast ser 46 år gamle «Kay» ut som ein heilt vanleg mann der Saksyndig-redaktøren møter han på ein avsidesliggjande parkeringsplass i Arna. Eg veit derimot kva som lurer seg bak denne maska av tilsynelatande normalitet. Kay er ein sokalla hagemann, og ein del av det landsdekkjande undergrunnsnettverket av mannfolk som utnyttar åleinemødrer og enkjefruer seksuelt, i byte mot at dei utfører hageservice på eigedommane deira i sommarhalvåret og vintervedlikehald av tilkomstvegane deira om vinteren.
Denne artikkelen har fyrst og fremst som mål å presentere hagemannen si side av denne kontroversielle «forretningsmodellen».
Han har lese Saksyndig sin artikkelserie om denne lugubre næringa, og har på bakgrunn av det teke kontakt med redaktøren. Det er bikkjekaldt ute og klårvêr, men hovudvegen er berr sidan det er fylkeskommunen som har ansvaret for vintervedlikehaldet der. Den kommunale vegen er det på same vis Bergen kommune sine innleigde entreprenørar som har ansvaret for å gjere framkomeleg.
Kay fortel at han både bur i og «sørvar» det han kallar ein «region» i Morvik, som ligg berre nokre minutt med bil frå Åsane senter og 15-minuttsbyen Horisont. Det særs folketette området består av einebustader, rekkjehus og ei og anna høgblokk; fleire tusen er heimehøyrande der, so risikoen for eksponering er difor særs liten.
«Alle i min region veit kven eg er,» fortel han med eit skummelt flir. «Sjølv sørvar eg ein privat veg som snirklar seg oppetter bratthenget heilt til toppen av åsen. Der er mange einebustader med digre hagar, og stigninga i bakken er på det brattaste oppunder 15%. Det er det perfekte området å operere i.»
Den brattaste bakken i Bergen kommune vart kåra i 2004, og er Skivebakken i sentrum. Der er stigninga heile 24% på det brattaste. Ingen hagemenn sørvar derimot denne gata, sidan det i Bergen sentrum er bebuarane sitt ansvar å halde fortau og vegar framkomelege om vinteren. Kay kjenner ein annan hagemann som voks opp i Skivebakken:
«Min gamle kompis brukte å stå med veslesystera og mora i vindauget og følgje nøye med kvar gong nokon kava seg nedover den stupbratte bakken om vinteren. Kvar gong nokon sklei, gapskratta dei. Dette var prima underhaldning for dei, sidan dei ikkje hadde råd til fjernsyn.»
Han vil ikkje fortelje kor han sjølv voks opp, men Saksyndig plasserer dialekten hans ein stad nord for Bergen, kanskje i Lindås-området i noverande Alver kommune.
«Min far jobba i Vegvesenet og brøytte private vegar om vinteren for å spe på inntekta. Det var den vinteren eg var 15 at han fortalde meg kva han eigentleg dreiv med, og då han vigde meg inn i det hemmelege brorskapet av det som då vart kalla plogmenn. Vinteren etter var eg sjølv med han på oppdrag…»
Han gjekk bygg og anlegg på vidaregåande og hadde eigentleg tenkt å bli tømrar. Då var det nokon frå høgste hald i Frimurarlosjen som sterkt oppmoda han å gå i fotspora til faren. Marknaden innan bygg og anlegg var sterkt overmetta på den tida, og dei lokale tømrarane og byggmeistrane frykta konkursar på grunn av auka konkurranse. Vintervedlikehald var dermed ein nisje det var lurt å satse på; fordi arbeidet var tungt, usosialt og til tider farleg, var det eit skrikande behov for aktørar innan den bransjen. Kay har sidan han var 20 vore sjølvstendig næringsdrivande. Han hugsar tilbake på vinteren 1997/98, der han knapt smakte søvn fordi han var ute og brøytte, strødde og salta til alle døgerets tider. Inntekta var formidabel – iallfall om vinteren.
So vart han tipsa om ein ny bransje.
«På slutten av 90-talet var konseptet hageservice totalt ukjent i Noreg,» seier Kay. «Men behovet var der utan tvil, for plogmenn oppdaga at dei same eigedommane som dei brøytte om vinteren var stygge og overgrodde i sommarhalvåret. Bebuarane såg ikkje ut til å vere i stand til å vedlikehalde sine eigne hagar, og problemet berre balla på seg etter kvart som ugras, busker og tre fekk vekse vilt. Ein dag, eg trur det var rundt år 2000, byrja det fyrste enkeltmannsføretaket å tilby hageservice. Dette var nedpå Bømlo, meiner eg å hugse. Gjetord om dette spreidde seg raskt nordover til Bergensområdet. Konseptet var genialt!»
Kay fekk meir enn nok å gjere òg om sommaren frå og med år 2000. Rekneskapen for året 2001 viste at han tente meir enn tre gonger so mykje på hageservice enn på vintervedlikehald av tilkomstvegar.
«Akkurat som eg erfarte med faren min, var det enkelte kundar som ikkje kunne betale for seg. Då eg starta for meg sjølv i 1997 var det berre unntaksvis at kunden tilbaud alternative betalingsmåtar. Det er rådande praksis hjå oss hagemenn at vi slår av 50% på avtala pris dersom kunden ytar seksuelle tenester. Men ingen av oss taper på det økonomisk, for fleirtalet av kundar har råd til å betale full pris. Føretaka våre går so det grin. Og våre mindre betalingsdyktige kundar er det som gjer alt slitet verdt bryet.»
«Har du aldri følt moralske vegringar mot å ha sex med kundane?» spør Saksyndig.
«Litt i starten, det skal eg innrømme. Dei aller fleste hagemenn er litt småskjelvne og har sommarfuglar i magen då dei besøkjer sine fyrste åleinemødrer eller enkjefruer. Akkurat som ein lastebilsjåfør gjerne er ein tanke nervøs på sitt fyrste transportoppdrag langs ein smal vestlandsveg på vinterstid. Men det ser eg på som ein del av modningsprosessen. No har eg 25 års erfaring i yrket, so slike mentale sperrer har vore totalt fråverande hjå meg i mange, mange år.»
«Enkelte vil kalle dette seksuell utnytting av folk i sårbare situasjonar. Kva synest du om denne karakteristikken?»
«Der er eg nok ueinig. Vi berre fyller eit behov i marknaden. Det er ingen som tvingar dei til å leige profesjonelle til å berge hagane deira. Likeins vintervedlikehald. Om dei ikkje vil gje seg hen til fyren som kjem og brøyter vegen sin høgste natt, kan dei jo finne fram snøspaden og sekken med grovsalt og gjere det sjølv.»
«Det er vel ikkje so lett å måke snø og salte når du er ei 90 år gammal, skrøpeleg dame…?»
«Vel, då kan du stille spørsmålet, kor er slekta? Kor er ungane deira? Barnebarna? Naboane? Problemet med dagens samfunn er at folk sit på kvar si tuve og passar sine eigne saker. Ingen rekkjer nokosinne ut ei hjelpande hand til nokon i naud. Vi lever i ei kald og rå verd der ingen bryr seg om kvarandre, og der folk difor må få hjelp av profesjonelle, offentleg eller privat. Det er det vi har politi, brannvesen og helsetenester til. Om du blir rana, spring du jo ikkje etter gjerningsmannen – då kan du jo bli drepen! Og dersom eit hus står i brann, byrjar du ikkje å sløkkje brannen sjølv. Då ringjer du brannvesenet. Profesjonelle eksisterer nettopp for å hjelpe folk med ting dei ikkje klarer sjølv. I dagens samfunn lèt folk relasjonar gå til grunne, dei lever i ei boble av egoisme. Når ei fattig åleinemor vel å leige inn ein profesjonell til å fikse hagen sin fordi ho har brent alle bruer til dei som kunne ha hjelpt ho vederlagsfritt, og ho tek kontakt med meg? Skal eg liksom takke nei? Eg driv jo eit føretak, det er levebrødet mitt. Alle kundar får hjelp. Kan eg vete då vi inngår avtale at kunden ikkje har betalingsevne? Eg må jo få litt igjen for bryderiet.»
«Kundane påstår at du og andre hagemenn lurer dei til å inngå avtale om vintervedlikehald når dei inngår avtale om hageservice – og omvendt. Og ordninga med seksuelle tenester blir vidareført med ein viss tvang frå dykkar side. Kva er dine refleksjonar rundt desse påstandane?»
«Hageservice er sesongarbeid. Sommaren er kort her i Noreg, medan vinteren er lang. Alle hagemenn går over til å vere plogmenn om vinteren, elles hadde vi jo ikkje hatt inntekt. Gartnarar er so heldige at dei har drivhus, slik at dei kan dyrke planter og tre òg midt på høgste vinter. Den moglegheita har ikkje vi hagemenn – skal vi liksom byggje eit drivhus over Noreg? Alle som driv med sesongarbeid skiftar jobbtype når sesongen er over. Eg ser ikkje noko problematisk med dette.»
«Vel, det er jo dette med sex mot deira vilje. Somme vil finne det ein tanke… vondsinna.»
«50% rabatt mot ein kjapp sugejobb eller eit like kjapt samleie vil eg ikkje kalle vondsinna. Ingen andre næringar er so sjenerøse mot kundane sine. Vi snakkar om enorme pengesummar i året her, må du hugse. Dessutan har dei alltid valet – dei kan jo til dømes leggje av meir pengar slik at dei har råd til å betale oss full pris. Eller få hjelp av slekt eller venner.»
«Dagens økonomiske situasjon gjer nok dette vanskeleg. Og hjelp frå slekt eller venner blir vanskeleg om dei har brent alle bruer.»
«Her er det rett og slett snakk om å prioritere. Tenesta vår er ein pakkeavtale. Du kan ikkje berre velje éin av delane. Vil du ha farbar tilkomstveg om vinteren, må du òg godta hageservice om sommaren. Vil du på død og liv ha ein perfekt hage, må du likeins godta brøyting og salting om vinteren. Sidan vi har ei streng soneinndeling, er det same fyren som kjem og brøyter om vinteren og utfører hageservice om sommaren. Slik må det berre vere, for vi skal jo leve vi hagemenn òg. Om dei ikkje likar ordninga, kan dei enkelt seie opp avtalen dei har med oss. Men det er få som gjer det. Enkjefruene hamnar til slutt på sjukeheim, og då blir jo avtalen naturlegvis automatisk avslutta. Åleinemødrer kan potensielt vere kundar i mange, mange år heilt til eksterne faktorar kjem og gjev dei eit spark i ræva. Du skjøner, mange orkar ikkje å halde ved like eigedommar som dei kanskje ikkje burde ha skaffa seg i fyrste omgang. Dei gaper over meir enn dei kan svelgje. Dei skal absolutt ha eit palass med ein diger hage, og Bergen ligg jo i eit ganske kupert terreng med mange bratte bakkar og mange private vegar. Eg prøver å forklare problemstillinga etter beste evne, Saksyndig. Kva er det som er uklart for deg?»
«Eg skjøner kva du vil fram til. Er du gift og har ungar?»
«Ja. Dei aller fleste hagemenn er i eit fast forhold og har ungar. Sjølv er eg far til tre døtrer som går på grunnskule og vidaregåande.»
«Kva synest kona di om det du driv med?»
«Ho visste om det frå fyrste stund. Ho valde likevel å gifte seg med meg og få ungar med meg. Det hadde nok med at eg tente over ein million i året, for då slapp ho å vere i arbeid sjølv. Stundom er ho litt amper, men det er jo fordi jobben min krev so mykje av meg at eg ikkje har… energi igjen til å tilfredsstille ho. Men eg tener jo so bra at ho lid inga økonomisk naud. Til førre morsdag fekk ho ein mirakelvibrator til 8000 av meg, og smilet gjekk omtrent i sirkel på ho.»
«Kva skjer om kunden som inngår avtale om vintervedlikehald av sin private veg ikkje har hage?»
«Hehe, den var god. Eg har aldri høyrt gjete ein eigedom med privat tilkomstveg som ikkje har hage. Det er rett og slett utenkjeleg. Snart skal du vel spørje meg kva som skjer dersom ein kunde inngår avtale om hageservice, og kunden ikkje har ein bratt, privat tilkomstveg til eigedommen.»
Kay ser på klokka og smiler igjen skummelt. Han har ikkje tid til å snakke meir, for han har fått melding om glatte vegar i Morvik-området. Det tydar at kundane hans i den stupbratte, private bakken han sørvar treng at plogmannen kjem og saltar – mot det vanlege vederlaget, naturlegvis. Han set seg inn i firmabilen og køyrer av garde. Sjølv sit eg ivrig og noterer ned etter hukommelsen det han har sagt. Eg skjøner at han sjølv er overbevist om at han gjer ingenting gale – han utnyttar berre eit behov i marknaden, som han so fint formulerer det.
I alle slike betente saker er det viktig at alle sine synspunkt kjem fram, slik at vi får eit nyansert og mangesidig bilete av historia. Det er likevel med eit visst vemod at eg må erkjenne at det er altfor lett å late seg lure av slike aktørar når ein sjølv sit sårbar, naken og eksponert på toppen av ein altfor bratt bakke, omringa av ein altfor stor hage. Er det offera si skuld, eller skal vi leggje skulda på hagemennene? Meir research må utan tvil til.

Ser meg om etter et hus med stor hage et sted i Åsane. Det må ligge i en bakke.
LikarLikt av 1 person
Håper du har grøne fingrar, snøspade og strøsand 😀 😀
LikarLikar
Nei, men satser på hjelp. 🙃🤪
LikarLikt av 1 person
😀 😀 😀
LikarLikar