Syvert (82) overlevde opphald på korttidsavdelinga: Her er hans historie

Det er i våre dagar diverre ein dødsdom å bli innlagt på sjukeheim, spesielt korttidsavdelinga på ein viss sjukeheim i Bergensområdet. Natt til 22.desember 2023 herja i tillegg ekstremvêret «Pia» over store delar av Sør-Noreg, noko som for Saksyndig-redaktøren sitt vedkomande førde til mangel på Internett på juleferie i Sunnfjord. Ein annan og like alvorleg naturkatastrofe ved namn Pia, er ungjenta som hjå pasientar går under namnet «Prompe-Pia». Her står 82 år gamle «Syvert» modig fram og fortel si eiga historie om eit korttidsopphald som fann stad i slutten av november. Saksyndig åtvarar om sterke skildringar.

Historia hans byrja torsdag 23.november, då han sklei i den bratte bakken like nedanfor der han bur på Eidsvågneset. Den pensjonerte sløydlæraren skulle eigentleg ned og sjekke postkassen, men kom berre nokre steg i sin private tilkomstveg før han fall. Det var klink is i bakken, og so tidleg på dag at plogmannen ikkje hadde vore der enno. Ein miskunnsam nabo såg i vindauget kva som skjedde, og kort tid etterpå vart Syvert sendt i ambulanse til Bergen legevakt ved Danmarks plass. Røntgen konstaterte brot i venstre lårhals. Han vart sendt raskaste veg til ortopedisk avdeling på Haukeland og sklei rett inn som fyrstemann i operasjonskøa fordi han var sopass gammal.

Litt utpå dagen fredag 24.november var Syvert oppe og gjekk med sokalla «levande støtte», altso to søte pleiarjenter som knapt var fylt 20. Same dag vart det gjort vedtak om at han hadde blitt innvilga korttidsopphald på ein her namnlaus sjukeheim i Bergensområdet. Fredag ettermiddag klokka halv seks vart Syvert frakta i transport til sjukeheimen, der to søte ungjenter stod og venta på han med ein transportrullestol. Den eine heitte Pia, den andre Andrine. Begge hadde forholdsvis prominente magar, og han gjekk utifrå at dei var gravide. Han skulle opp i sjette etasje, for det var der korttidsavdelinga var.

Dette skulle vise seg å bli byrjinga på hans livs mareritt. Allereie i heisen sleppte Pia frå seg ein lett, leiken «prompeti-promp». Sjølv om ho orsaka seg med raudnande kjakar, vog ikkje det opp for den fæle eimen som straks nådde naseborene hans. Han trudde fyrst at ein kloakkleidning i nabolaget hadde sprunge lekk, for denne lukta kunne umogleg kome frå eit levande menneske. Like etter kom ein fis til, denne gongen frå Andrine. Stakkars Syvert fekk knapt puste, og Pia kommenterte at han såg temmeleg bleik og uvel ut. Han hadde altfor mykje folkeskikk til å seie at det var dei søte jentefisane som førde til dette.

Vakthavande sjukepleiar på korttidsavdelinga denne helga var Morfin-Mona. Ho møtte Syvert med det falskaste smilet han nokosinne hadde sett, dei fleste flyvertinner sine grimasar såg langt meir genuine ut.

«Vel, hallo, hallo, hallo, vesle deg,» sa Mona. – «Og korleis har vi det i dag?»

«Eg har brote lårhalsen og er nyoperert,» svarte Syvert. – «Det går ikkje so altfor bra.»

«Her er *fiiiiis* notatet vi fekk med frå Haukeland,» sa Pia og gav nokre ark til Mona. Sjukepleiaren tok på seg nokre komiske lesebriller med rosa innfatning. Dei grå, kalde auga glei over arket medan ho sleppte frå seg eit og anna grynt. Pia og Andrine feis kvart tiande sekund – om ikkje oftare.

«Vel, allmenntilstanden er god, og pasienten framstår som klar og orientert,» sa Mona, kvalmande sjølvhøgtideleg. – «So… Vi var litt uheldige på isen?»

«Det var såpeglatt ute, eg burde ha venta til plogen hadde vore der,» sa han.

Mona såg på han, ikkje med empati, men med eit granskande blikk av nysgjerrigheit.

«Sei meg, føler du deg uvel?» spurde ho. – «Du ser litt bleik ut.» Ho trekte på skuldrene. – «Det kan vere narkosen som framleis heng litt i. Du skal få litt morfin for smertene.»

«Smerter? Eg har jo ikkje vondt!»

«Det er førebyggjande, kjære deg. Du har framleis smertestillande frå operasjonen i systemet, og når dei sluttar å verke, vil du nok få… ganske vondt. So… Morfin.» Ho klappa hendene saman. – «Andrine, bli med meg på medisinrommet.»

Andrine nikka medan ho sleppte ein lang, lang fis. Dei to forsvann nedover korridoren, Andrine feis for kvart steg ho tok.

«Prompe-Pia», som Syvert kalla jenta no, vart igjen med han. Ho stod der og feis og vrei på seg medan ho stønna.

«Er du *fiiiiis* svolten, Syvert?» spurde ho. – «Vi har *fiiiiis* middagsrestar igjen. Dagens meny er lapskaus med *fiiiiiis* flatbrød.»

«Nei takk, eg er ikkje svolten.» Han følte faktisk for å kaste opp. Korleis kunne ei so vakker jente vere so fordømt forderva?

«Er du sikker? Det er *fiiiiis* mykje middag igjen, sidan vi har fire ledige rom.» Ho strekte på seg medan ho heldt seg til den struttande magen. – «Dersom du *fiiiiiis* ikkje et middagen, må vi berre *fiiiiiiis* kaste den, og det er synd å *fiiiiiiis* kaste mat.»

Ho beit seg stønnande i leppene. Syvert heva skeptisk augnebryna. Det såg nesten ut som ho elska å stå der og fise!

«Eg har ikkje lyst på mat, unge frøken.» No var ikkje tonen hans so hyggjeleg lenger.

«Vil du ha kaffi? Vi har ei *fiiiiiiis* kanne nytrekt kaffi! Og kanskje litt *fiiiiiiis* Marie-kjeks eller ein *fiiiiiiis* banan!»

«Eg vil berre inn på rommet mitt og kvile meg.»

«Greier du å gå? Skal eg *fiiiiiis* hjelpe deg inn dit?»

«Eg trillar sjølv, elles takk. Eg har då to friske armar.»

Han kunne ikkje kome seg fort nok vekk frå den fisande jenta. Karen trilla i desperat iver nedover korridoren, men høyrde til si gru steg og promping bak seg.

«Eg ser du har med deg ein *fiiiiiis* sekk med ting,» sa ho. – «Skal eg hjelpe deg å *fiiiiiis* pakke dei ut? Og so må vi ta *fiiiiiis* NEWS-målingar. Du veit, puls, blodtrykk, O2-metning og *fiiiiiiiis* temperatur. Vekt og høgd har vi allereie i *fiiiiiiis* systemet.»

Før han visste ordet av det, hadde Prompe-Pia geleida han opp i senga. Eit NEWS-stativ dukka opp nærast frå ingen stad, og ho festa ein mansjett rundt venstre overarm. Akkurat då kom Mona inn med ei sprøyte morfin. Han hadde framleis venekateter i armen etter operasjonen, so ho førde sprøyta leikent inn og injiserte dette livsfarlege gatedopet.

«Eg gjev deg dobbel dose, berre som føre-var-tiltak,» sa Mona. – «Vi skal jo ikkje ha det vondt på sjukeheim, skal vi vel?» Prompe-Pia feis og vrei stønnande på seg medan ho noterte ned dei vitale teikna. – «Hmm, blodtrykket ditt er temmeleg høgt. Pulsen din er over 90. Du ser litt bleik og uvel ut. Du skal få noko kvalmestillande. Og litt Midazolam for angsten. Det er jo litt skummelt å ramle og bryte lårhalsen, kjære deg.»

«Eg har ikkje angst,» sa Syvert med slørete diksjon. Han greidde knapt å feste blikket. Dette var kraftige saker, verre enn ein dram!

«Pasienten *fiiiiiiis* ser ut til å mangle innsyn i eigen tilstand,» stønna ròtne, forderva Prompe-Pia. – «Han framstår òg som tungpusta ved at han *fiiiiiiiiiiis* bruker hjelpemuskulatur. Han hiv jo etter *fiiiiiiiiis* pusten, stakkars.»

«Briljant observert, Pia!» sa Mona med sitt kalde smil. – «Vel, morfin og Midazolam hjelper jo mot tungpust (sjølv om dei strengt teke hemmar pusten, hihi).»

Prompe-Pia feis so hardt at vindauget vibrerte. Dunsten av lauk, kloakk og elende bles rett i trynet på han.

«Å fytti grisen, eg trur eg må spy!» utbraut den gamle mannen. Stakkars Syvert kasta opp utover heile senga.

«Oisann, var vi litt uheldige her no?» spurde Mona. – «Morfin kan gje kvalme som biverknad, diverre. Ja, vi får ta deg inn på badet og spyle deg. Og so skifte på senga. Pia! Lat oss ta han i kvar arm og geleide han inn på badet. Brotet i lårhalsen er jo stabilisert med nagle.»

Den konstante straumen av lette, leikne «prompeti-prompar» vart endå meir illeluktande inne på det vesle, klaustrofobiske badet. Syvert var sikker på at hans siste time var komen. Og då Mona gav han kvalmestillande og Midazolam, kjendest det ut som han ikkje berre skulle sovne, men sovne inn. Han sat der so neddopa at han sikla, og plutseleg hadde Mona lagt inn kateter på han! Han såg berre eit plastrøyr forsvinne leikent og ertent inn i kuken.

Resten av helga var hylla inn i eit tåkete slør av morfin og Midazolam. Han kan ikkje hugse at han på noko tidspunkt fekk mat eller drikke. Ikkje det at matlysta var nemneverdig stor i den infernalske stanken. Det var nesten med lette at han såg eit anna fjes måndag morgon. Det viste seg å vere sjukeheimslegen og ein annan sjukepleiar ved namn Merete. Midazolam-Merete, blondina med perleøyredobbane.

«Pasienten framstår som kraftig overmedisinert,» sa sjukeheimslegen. Ho rista blåsande på hovudet då ho las ei utskrift av journalen hans. – «All den morfinen og Midazolamen. Skulle tru dei hadde tenkt å amputere kroppsdelar!»

«Vel, pasienten er jo nyoperert, og dette er berre elementær smertelindring,» sa Merete medan ho leika med den eine perleøyredobben. – «Faktisk ser han smertepåverka ut akkurat no. Kanskje han skal få litt Midazolam.»

«Hehe, det kjem ikkje til å skje. Kanskje du heller skal gå på medisinrommet og finne litt Paracet,» sa legen, før ho bryskt sendte Merete ut. So fort døra var igjen, bøygde legen seg over senga og sa lettare panisk til Syvert. – «Høyr her. Du er i stor fare. Dei har tenkt å ta livet av deg. Eg skal ordne transport vekk herifrå. Sonen din og dottera di er varsla. Du har ingenting her å gjere, til det er du altfor frisk. Du skal heim til deg sjølv, og so kjem heimesjukepleia og har tilsyn tre gonger for dag. Eg ordnar hastevedtak i dag.»

Om dette verkeleg skjedde – om ho verkeleg sa dette – eller det var noko Syvert innbilte seg, veit han ikkje den dag i dag. Faktum var at under to timar seinare vart den rusa 82-åringen sendt i drosje heim til Eidsvåg, og hans to barn tok han vel i mot i den uklanderleg brøytte og salta oppkøyrsla. Faktisk tykte Syvert at han såg dottera tørke vekk noko glinsande rundt kjeften, og at plogmannen smilte skummelt i det han køyrde av garde med plogen. Men det kan ha vore morfinen som framleis var i systemet. Det fyrste heimesjukepleia gjorde, var å fjerne det totalt unaudsynte kateteret, for kva i all verda skulle han med noko slikt?

Dette hende måndag 27.november. Fyrst torsdag 30.november var all morfinen og Midazolamen ute av systemet hans. Då kjende han seg som seg sjølv igjen. Han fortalde sonen og dottera kva som hadde skjedd på korttidsavdelinga. Sjølv om dei stod der og lytta alvorleg, tyda alt på at dei ikkje trudde han. Og då han fortalde historia si til ein helsefagarbeidar som kom til han seinare den dagen, såg den unge jenta berre rart på han.

Saksyndig trur derimot på Syvert, for historier slik som hans er det etter kvart blitt temmeleg mange av. Sjølv priser han seg lykkeleg over at han overlevde opphaldet på korttidsavdelinga, for han fryktar at dersom denne sjukeheimslegen ikkje hadde berga han, hadde han vore steindaud. Han lurer på kva som fyrst hadde teke livet av han: Den endelause fisinga til Prompe-Pia, eller den nådelause neddopinga til Morfin-Mona.

2 comments

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar