Sjå òg «Folkehelsesjefen i Florida: Pfizer kjem til å GÅ UNDER når den fulle sanninga om covid-19-‘vaksinar’ kjem ut», publisert 31.desember 2023.
Nettstaden Vigilant News rapporterer at Pfizer sin covid-19-«vaksine» som vart injisert inn i milliardar av armar ikkje var den same som vart brukt i dei kliniske forsøka til Pfizer. Folket fekk sprøyteglas kontaminert med sokalla plasmidisk DNA. Ein ny studie gjort av Kevin McKernan og kollegaer fann fleire milliardar, kanskje fleire hundre milliardar DNA-molekyl per dose i «vaksinane». Teknikken dei brukte blir kalla flurometri. Rest-DNA i vaksinar overgår grenselinjene sett av FDA og WHO med opptil 500 gonger.
I den konteksten krev no folkehelsesjefen i Florida, dr. Joseph Lapado, fullstendig stans av covid-19-«vaksinar». Vigilant News skriv (mi omsetjing):
«6.desember 2023 sendte folkehelsesjefen [Surgeon General] i Florida dr. Joseph Lapado eit brev til USAs Food and Drug Administration (FDA) om tryggleiksbekymringar etter at det vart oppdaga milliardar av DNA-fragment per dose i Pfizer og Moderna sine mRNA-baserte covid-19-vaksinar.
Dr. Lapado, som viste til retningslinjer publisert av FDA i 2007, presenterte følgjande bekymringar når det gjeld fastsette grenser for DNA i vaksinar:
- DNA-integrasjon kan teoretisk påverke eit menneske sine onkogenar – genane som kan forvandle ei frisk celle til ei kreftcelle.
- DNA-integrasjon kan resultere i kromosomisk ustabilitet.
- Guidance for Industry [«industriretningslinje»] diskuterer biodistribusjon av DNA-vaksinar og korleis slik integrasjon kan påverke utilsikta delar av kroppen inkludert, blodet, hjartet, hjernen, levra, nyrene, beinmergen, eggstokkane/testiklane, lungene, lymfenodulane, milten, injeksjonsstaden og underhuda på injeksjonsstaden.
14.desember 2023 svarte FDA folkehelsesjef dr. Joseph Lapado med eit brev, der dei ikkje kom med noka forsikring om at vurdering av DNA-integrasjon vart utført for å adressere tryggleiksbekymringane spesifisert av FDA sjølv i 2007.
Dermed kravde dr. Joseph Lapado ein stans av bruken av alle covid-19-mRNA-injeksjonar onsdag 3.januar 2024. Han kom med følgjande melding:
‘Responsen til FDA kjem verken med data eller evidens for at vurderinga av DNA-integrasjon som dei sjølve tilrår har blitt utført. I staden viser dei til studiar om genotoksisitet – som er utilstrekkjelege vurderingar for DNA-integrasjonsrisiko. I tillegg gjorde dei utydeleg sklnaden mellom SV40-promotør/forsterkar og SV40-protein, to element som er ulike frå kvarandre.
DNA-integrasjon utgjer ein unik og forhøga risiko for menneskehelse og integriteten til det menneskelege genom, inkludert risikoen for at DNA som er integrert i sæd- eller eggceller kan bli overført til avkomma til mottakarar av mRNA-covid-19-vaksinar. Dersom risikoane for DNA-integrasjon ikkje har blitt vurdert for mRNA-covid-19-vaksinar, er ikkje desse vaksinane passande for bruk hjå menneske.
Dei som er bekymra for pasienthelserisikoar assosiert med covid-19, burde prioritere pasienttilgang til ikkje-mRNA-covid-19-vaksinar og -behandling. Det er mitt håp at, med tanke på covid-19, FDA ein dag i alvor vil vurdere sitt reguleringsansvar for å beskytte menneskehelsa, inkludert integriteten til det menneskelege genom.
I gjennomsiktigheita og den vitskaplege integriteten si ånd, vil delstatsfolkehelsesjef dr. Joseph A. Lapado halde fram med å vurdere forsking rundt desse risikoane og kome med oppdateringar til innbyggjarane i Florida.’
Heile bulletinen frå Helsedepartementet i Florida kan lesast her.»

[…] Innlegget er hentet fra Saksyndig […]
LikarLikar
[…] Innlegget er hentet fra Saksyndig […]
LikarLikar