Den polske statsministeren vil ikkje tolerere «anti-ukrainske meiningar» i regjeringa si

Den nyleg installerte statsministeren i Polen, Donald Tusk, seier at han ikkje kjem til å tolerere nokon former for «anti-ukrainske meiningar» i regjeringa si. Kvar polske patriot må forstå kor viktig det er å støtte Kiev i sin konflikt med Moskva, hevdar han. Dette rapporterer Russia Today (rt.com). Avisa skriv vidare (mi omsetjing):

«Tusk hevda i eit intervju med TVN24 fredag [12.januar 2024] at i oppløpet til valet i oktober i fjor, prøvde det høgreorienterte Lov- og justispartiet (PiS) ‘å spele ein anti-ukrainsk tone’ for å halde på makta og at ingenting av dette kjem til å skje medan han styrer.

‘Eg vil aldri late nokon i mi regjering byggje sin posisjon på noka form for anti-ukrainsk meining,’ svor pro-EU-politikaren, som leia den polske regjeringa mellom 2007 og 2014, og var president i Europarådet frå 2014 til 2019.

Kiev treng støtta til Warszawa og heile Vesten fordi ‘so lenge Ukraina kjempar mot Russland, er vi relativt trygge,’ forklarte han.

‘Der kan ikkje vere nokon tvil om… vår involvering og involveringa til heile den vestlege verda i støtte for Ukraina… Kvar polske patriot må absolutt anerkjenne desse grunnane,’ la Tusk vekt på.

Statsministeren oppmoda Europa til å ‘gripe høvet’ og investere meir pengar i å hjelpe Kiev, fordi Polen ‘ikkje vil vere i stand til å greie seg finansielt’ med å vere åleine om ei slik oppgåve.

Polen har vore ein av Ukraina sine hovudstøttespelarar i EU etter utbrotet av konflikten med Russland i februar 2022, og har forsynt Kiev med våpen, teke imot rundt 1,5 millionar ukrainske flyktningar, og konsekvent vore forkjempar for meir sanksjonar mot Moskva.

Derimot rauk naboane uklare i september 2023 etter at Ukraina leverte inn ein no utsett klage til Verdas handelsorganisasjon (WTO) mot Polen og enkelte andre EU-statar for å forby leveransar av ukrainsk korn. PiS-regjeringa i Warszawa sa at dei ville fokusere på Polen sin eigen tryggleik, og at dei ikkje kom til å sende våpen til Ukraina lenger, bortsett frå nokre gamle som var tekne ut av bruk.

Polske lastebilsjåførar held fram med å blokkere grenseovergangar mot Ukraina i protest mot avgjerda til EU om å gje unntak til deira ukrainske motstykke når det gjeld løyve til å reise inn i [EU-]blokka.

Når han vart adressert om temaet, erkjende Tusk at ‘der er ein andre dimensjon’ i forholda mellom Warszawa og Kiev. ‘Polakkane ønskjer å hjelpe Ukraina, men dei kan ikkje bli skadde av ukrainarane,’ forklarte han.

Statsministeren sa at han kjem til å besøkje Ukraina dei komande dagane og, blant andre ting, diskutere måtar ein kan løyse det han kallar ‘patologiske situasjonar’ ved grensa.»

2 comments

Legg att svar til Derimot: Den nye Polske statsministeren: Ingen Anti-ukrainske meninger tolereres. – | Antiglobalisten | Avbryt svar