Nettstaden Law Enforcement Today rapporterer at Raudekrossen (Røde Kors på bokmål) i USA har utstyrt ulovlege innvandrarar med kart og skriftlege guidar for å hjelpe dei med å kome seg inn i landet via den sørlege grensa. Per definisjon er dette å hjelpe kriminelle. Mark Lamb, som er sheriff i Pinal fylke i Arizona og kandidat for Senatet, sa sist fredag (19.januar 2024) til Fox News at informasjonspakkande som dei ulovlege innvandrarane får av Raudekrossen viser kor farleg det kan vere å krysse grensa.
Mi omsetjing:
«Han sa: ‘Dei bad ikkje astmatikarar om å ta med seg inhalasjonsutstyr. Dei bad ikkje diabetikarar om å ta med seg diabetesmedisin, men dei bad kvinnene om å ta prevensjonsmiddel med seg fordi dei veit at kvinner blir valdtekne.’
Daily Caller News Foundation rapporterte at pakkane var stempla med logoen til den amerikanske Raudekrossen og tipsa dei ulovlege innvandrarane om kor hotell og klinikkar låg, so vel som ruter til ymse anonyme byar langs den amerikanske grensa.
Jennie Taer, som rapporterer for DCNF, avslørte via X: ‘Raudekrossen har guidar for migrantar på veg til USA som inkluderer eit kart over vegen til grensa, ressursar langs reiseruta, og eit papir som skriv kva ein skal gjere om ein møter farar på ferda. Den amerikanske Raudekrossen er i styret til Federal Emergency Management (FEMA [«det føderale byrået for krisehandtering»]) sitt Food and Shelter [«mat og ly»]-program, som sender millionar av skattebetalar-dollar til nonprofitt-grupper som støttar at migrantar blir sleppte laus i USA.’
Kontoret til Lamb har slite saman med styresmakter i Arizona og Tucson med den pågåande flaumen av ulovlege innvandrarar over den porøse grensa, og la til: ‘Vi kan ikkje halde fram med å gjere det lett for dei og fortelje dei korleis dei skal gjere det.’
Han sa til programvert Ashley Strohmier at president Biden sitt bevisste nederlag mot dei stadig eskalerande krisene tilknytt ulovleg innvandring og narkotikasmugling ved grensa, berre gjer dei meksikanske narkotika-kartella modigare. ‘Svakheita til denne politikken har skapt styrke hjå kartella,’ sa Lamb.
På spørsmål om påstanden frå den meksikanske regjeringa, med president Andres Manuel Lopez-Obrador i spissen, som hevdar at fentanyl smugla frå landet hans var eit ‘amerikansk problem’, svarte Lamb bestemt: ‘Dei bryr seg ikkje om amerikanske liv. Dei bryr seg ikkje om at fentanyl-forgiftinga som kjem frå Mexico drep amerikanske liv kvar dag. Det speler inga rolle for dei, og det vil ikkje byrje å spele ei rolle for dei før dei blir påverka av det.’
Lamb la vekt på at militær intervensjon ved grensa er naudsynt, trass retorikken frå Obrador som har gått imot den oppfatninga: ‘Eg trur ikkje Afghanistan eller Irak eigentleg ville ha oss der heller, men vi reiste bort dit,’ sa han. ‘No har vi dette rett ved dørstokken. Dette er i vår eigen bakhage.’
Han sa til programvertane at innbyggjarane i Arizona er frustrerte over mangelen på handling frå Washington D.C. ‘Vi har rett og slett ikkje den styrken som vi treng langs grensa, og [kartella] veit dette,’ la han til. ‘So, ja, det å ha ei sterkare tilstadeværing, anten det er militæret, fleire grensevakter, meir lokalpoliti, ei sterkare tilstadeværing vil absolutt minke denne trafikken vi no ser.’»

Bittelitt på siden, eller «off topic» som det også heter på nymotens:
Du presiserer at Raudekrossen tilsvarer Røde Kors på bokmål; brukes det en lignende tittel for Røde Halvmåne? Raudhalvmåna f.eks?
Kunne sikkert guuuglet dette, men da hadde jeg ikke fått ønsket God Helg i samme slengen.
God helg!
LikarLikt av 1 person
Hehe, eg trur det heiter Raude halvmåne, StormFrog. «Raudhalvmånen» er ikkje so vanleg i norsk språkbruk, vil eg tru.
God helg til deg òg!
LikarLikar