Steve Kirsch: CDC gløymde å åtvare om at covid-19-«vaksinar» forårsakar DEMENS!

Om det var byrjande demens som gjorde at gjengen i CDC «gløymde» å åtvare om at covid-19-injeksjonane kan ha ført til ein auke på 2500% i demens hjå unge, eller om dei gjorde det med forsett, kan diskuterast. Natural News rapporterer (mi omsetjing):

Grunnleggjaren av Vaccine Safety Research Foundation, Steve Kirsch, fann nyleg ut at talet mottakarar av Wuhan koronavirus (covid-19)-vaksinen som hadde demens hadde auka tusen gonger. Ifølgje Verdas helseorganisasjon er det for tida den sjuande dødsårsaka og ei av hovudårsakene til uførheit og hjelpeløyse blant eldre over heile verda.

Dataa ligg der ute i full offentlegheit, men kan ha blitt dekt over, eller byrå slik som Centers for Disease Control and Prevention (CDC) kan ha mislykkast i å informere offentlegheita. Men Kirsch tok seg den fridommen å sjekke dei ut, og det tok han berre nokre sekund å avdekkje sanninga. Frå grafen til National Vaccine Information Center si nettside fann han 998 tilfelle der hjernetilstanden var symptomatisk [på demens] mot typane av vaksinar frå 29.desember 2023-offentleggjeringa av Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS)-data.

Han forklarte vidare at kalkuleringa er relativt til gjennomsnittsvaksinen og ikkje mot alle vaksinar i historia kombinert. Det kan vere viktig å notere seg at mange av desse vaksinane har langt fleire dosar enn koronavirus-vaksinen, og dersom ein tek det med i reknestykket, vil skilnaden bli langt meir ekstrem, la Kirsch til.

‘Resultatet forklarer seg sjølv: covid-19-vaksinen forårsakar demens,’ konkluderte Kirsch i sitt Substack-nyheitsbrev datert 30.januar. ‘Alle som seier til deg at ‘korrelasjon ikkje er årsaksforhold’ burde forklare den faktiske grunnen til det om det ikkje var covid-19-vaksinen.’ Han sa òg at ingen ein gong ville bli med på ein debatt med han, fordi ingen ønskte å snakke om sanninga. Desto verre vil hovudstraumsmedia eingong dekkje og rapportere om dette.

Den uavhengige etterforskaren minte deretter på at folk som ønskjer å få eit immigrasjonsvisum til USA vil måtte ta covid-19-vaksinen. ‘So du kan få demens òg!’ la han til. Og ulikt andre sprøyter vil ingen medisinsk tilstand frita ein person frå å måtte ta SARS-CoV-2-vaksinen. Det som er meir forbløffande, sa han, er at nemnde sprøyter blir tilrådde spesielt for gravide kvinner. Og dette er trass sjukepleiar Michelle Gerschman si bombe av ei avsløring om at dei kan auke raten av fosterdød med 50 gonger eller meir. Han tilrådde til slutt religiøst unntak til dei som ikkje ønskjer å ta sprøyta. Men nesten ingen får godkjenning ifølgje observatørar.

Tilbake i august i fjor offentleggjorde Kirsch òg ein rapport om at covid-19-vaksinar er knytt til ein auka risiko på 2500% for demens i ung alder [somme so unge som 18 år, jamfør artikkelen; oms.an.]. Han snakka med ein avdelingssjukepleiar på ein rehabiliterings- og langtidsinstitusjon for eldre, som sa til han at det ho no ser når det gjeld sjølve talet av nye tilfelle av demens som stadig dukkar opp. Før pandemien såg dette helsepersonellet sjeldan nokon som demonstrerte plutseleg demens-liknande åtferd, inkludert plutseleg start av hallusinasjonar av ingen openberr grunn. Berre eit år eller to etter utrullinga av vaksinar har sjukepleiaren allereie sett demenssymptom hjå unge oppstå nesten 50 gonger, noko som representerer 25 gonger so mange tilfelle. […]»

2 comments

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar