Eit ope brev til gjengen i Davos

Brownstone Institute publiserte 7.februar 2024 ein artikkel skriven av Rob Jenkins, der han vender seg til dei maktsjuke, sjølverklærte «eliten» som møtest i Davos for å diskutere korleis dei enklast mogleg kan utrydde fleirtalet av menneskeheita og slavebinde resten. Saksyndig presenterer her ei omsetjing av dette briljante innlegget i sin heilskap:

Kjære, sjølverklærte «globale elitar»:

Skulle dette brevet nokosinne fange merksemda dykkar, er det ingen tvil om at de kort og greitt vil avskrive meg som ein «konspirasjonsteoretikar». Men ingen teori-laging er naudsynt når konspiratørane stadig innrømmer det, og gjentekne gonger seier den stille delen høgt.

Dykkar nifse Bond-skurk av ein sjef, Klaus Schwab, leiar i World Economic Forum, har ope bede om «permanent interaksjon mellom regjeringar og reguleringsorgan på den eine sida, og føretak på den andre» – med andre ord, ein slags global fascisme 2.0. I mellomtida forsikrar Schwabs oljeglatte medsamansvorne, Yuval Harari, at «menneskerettar er noko som berre eksisterer i fantasien».

Ein treng ikkje å vere profet for å sjå kor dette er på veg.

Ikkje berre prøver de ikkje å skjule agendaen dykkar, de er openbert temmeleg stolte av den. Som ein annan av dykkar medlemmer sa i ein tale i Davos i 2022: «Den gode nyheita er at elitar rundt om i verda stoler meir og meir på kvarandre. Den gode nyheita er at… fleirtalet av folket stoler mindre på sine elitar. So vi kan leie, men dersom folket ikkje følgjer etter, kjem vi ikkje til å kome dit vi ønskjer.»

Korleis svarer ein på dette oppsiktsvekkjande dømet på tonedøv arroganse, som eg meiner utgjer ein nøyaktig representasjon av haldninga til mesteparten av «elitane» i desse dagar – spesielt eliten av eliten, gjengen i Davos?

Lat oss byrje med dette: De har heilt rett – vi følgjer dykk ikkje. Og det har vi ingen intensjon om å gjere heller, av fleire grunnar.

For det fyrste, alle som skildrar seg sjølve som ein «elite» utviser egoisme som kan ta pusten frå ein. Dei erkjenner heilt openlyst at dei ser på seg sjølve som betre enn resten av oss – smartare, meir kunnskapsrike, moralsk overlegne, betre utstyrt til å leie. So vi burde alle berre halde kjeft og gjere det vi får beskjed om.

Nei. Vi kjem so visst ikkje til å gjere som vi får beskjed om. Ikkje av dykk. Vi aksepterer ikkje at de veit meir enn vi gjer om alt som er viktig, og sanneleg ikkje korleis vi skal leve liva våre. Dersom vi hadde nokon tvil – dersom vi nokosinne lurte på om dykkar måte var den beste – so har dei siste fire åra utan tvil bevist det motsette.

Å kalle dykkar pandemi-respons «mislykka» ville ha vore den største underdrivinga i historia. Alt de bad oss om å gjere – stengje ned, maskere oss, «sosial avstand», tilby oss sjølve som menneskelege forsøkskaninar – mislykkast ikkje berre i å stoppe viruset, men gjorde ting eksponentielt verre. Ei helsekrise forvandla seg raskt til ei økonomisk, sosial og politisk ei òg, for ikkje å snakke om ei endå verre helsekrise.

Det var ikkje covid som gjorde det. Det var de, våre «globale elitar».

Sanneleg har vi no forstått – og mange av oss visste det heile tida – at alvoret til denne sjukdommen var overselt heilt frå byrjinga. Den var kanskje ille, kanskje verre enn sesonginfluensaen, men ikkje so mykje verre. Det var ingenting i nærleiken av den masse-utryddingshendinga de fekk den til å vere. Den påverka nesten berre eldre, skrøpelege og dei dødeleg overvektige. Skular, kyrkjer og føretak kunne ha vore opne heile tida og det ville ha gjort liten eller ingen skilnad under pandemien, slik stader som Sverige og Florida har vist.

Likevel insisterte de på å halde oss stengde inne i våre eigne heimar. På å halde barna våre vekke frå skulen. På å dekkje til ansikta våre, øydeleggje kyrkjene våre og få føretaka våre til å gå konkurs. Alt medan de heldt opp eit håp om ein magisk «vaksine». Og når sprøytene dykkar viste seg å ikkje fungere so godt – når det var openbert at dei ikkje stoppa infeksjon eller overføring – i staden for å innrømme at de tok feil, so dobla de heller innsatsen når det gjaldt dykkar mislykka strategiar frå før sprøytene kom.

Kanskje var det berre uvit heilt i byrjinga. De visste ikkje meir om kva som skjedde enn resten av oss gjorde. Kanskje de berre gjorde dykkar beste for å «redde menneskeheita».

Av ein eller annan grunn tviler eg på det. Evidens for at heile denne katastrofale nederlaget kan tilskrivast dykkar eige forræderi og vonde vilje argumenterer mot denne sjenerøse tolkinga. Sameleis gjer det faktum at de hardnakka nekta å innrømme dykkar eigne openberre feil og i staden durar vidare i dykkar eigen toskeskap. I det minste er det tydeleg at de har utnytta denne krisa for alt den er verdt, i eit forsøk på å gjenskape verda slik de sjølve føretrekkjer den – for å setje i gang, som de kallar den, «The Great Reset».

Uheldigvis for dykk hadde professoren rett: Vi, folket, er ikkje med dykk. Vi avviser dykkar Great Reset. Vi avviser dykkar visjon av verda. Vi avviser globalisme. Vi har ingenting mot andre land, men vi føretrekkjer vårt eige, med vorter og alt, og vi har ingen intensjon om å overgje vår nasjonale suverenitet til noka form for verdsregjering.

Vi avviser dykkar multikulturalisme. Andre kulturar kan tilby mykje vi kan beundre og prøve å oppnå, men vi har vår eigen kultur, elles takk, og den passar oss heilt fint.

Vi avviser dykkar visjon om ein strengt kontrollert, sentralt planlagt økonomi. Vi føretrekkjer frie marknader, rotete som dei er, som motoren som produserer den størst moglege individuelle fridom, velstand og menneskeleg blomstring.

Vi avviser dykkar ny-fascisme der verdsregjeringar samarbeider med globale konsern, spesielt Big Tech og Big Pharma, om å overvake, trakassere, og til slutt kontrollere resten av oss. Vi bryr oss ikkje om det er «for vårt eige beste» (sjølv om vi sterkt tviler på det). Vi vil mykje gjerne heller ha sjølvstyre og fridommen vil å bestemme sjølve kva som er best for oss og familiane våre.

Kort fortalt avviser vi dykk, dei sjølverklærte elitane, dei hovne, hykleriske limousin-venstreorienterte som flyg i dykkar privatfly til Davos der de tek oss i skule om vårt «karbon-fotavtrykk». Vi trur ikkje de på nokon måte er smartare eller betre enn oss. Faktisk har de vist til vår store tilfredsstilling at de ikkje er det. Vi stoler ikkje på dykk. Vi ønskjer ikkje dykkar «leiarskap».

Vi mistenkjer, basert på tung erfaring, at dei «vakre tinga» de har som intensjon å «designe og lagre» ikkje er vakre i det heile teke, men heller fælslege og avskyelege – i det minste for oss. Dei kan vere vakre for dykk sidan dei aukar dykkar makt, rikdom og påverknadskraft. Men vi bryr oss om den storslegne strukturen de driv og konstruerer for dykk sjølve berre på den måten av vi ønskjer å rive den ned.

Om dei siste fire åra har lært oss noko som helst, so er det at de «elitar» er ufyselege menneske. Ideane dykkar er skrekkelege. Dykkar visjon for framtida er vederstyggeleg. Samfunnet de ønskjer å skape, der de sjølve styrer, ville ha blitt beint fram jævleg. Vi avviser det, og vi avviser dykk. So dra dykk vekk og lat oss vere i fred – eller lid konsekvensane.

One comment

  1. «- eller lid konsekvensane.»
    Nettopp! Og det sinnet klodens befolkning vil finne fram vil ikkje ein gong la seg stoppe av dei djupaste bunkere. Elitens lemmer vil bli rivne av dei mens dei enno er i livet. Det blir deira eige armageddon.

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget