Russland burde ha byrja Ukraina-operasjonen tidlegare, seier Putin

Russlands president Vladimir Putin seier at Moskva gjorde feil i å tru på godviljen til Kiev og deira vestlege støttespelarar. Russland stolte tidlegare for mykje på motstandarane sine når det gjaldt å løyse den langvarige Ukraina-krisa gjennom diplomati, og burde ha gått til handling tidlegare. Putin sa dette onsdag 14.februar, dette ifølgje RT (Russia Today). Dei skriv vidare (mi omsetjing):

«Etter 2014-kuppet i Kiev prøvde Moskva å stanse blodbadet i Donbass ‘ved hjelp av fredelege metodar’, nemleg Minsk-avtalane, som såg føre seg ein spesiell sjølvstyrestatus for Donetsk- og Lugansk-folkerepublikkane i Ukraina, sa Putin til journalist Pavel Zarubin.

‘Det einaste vi kan angre på, er at vi ikkje byrja våre aktive handlingar tidlegare, i den tru at vi hadde med anstendige menneske å gjere,’ fastslo den russiske leiaren.

Russland gav grunnen til å beskytte folket i Donbass frå vedvarande forfølging av Kiev som ein av hovudgrunnane til at dei lanserte sin spesial-militære operasjon i februar 2022. I kjølvatnet av Maidan-kuppet i 2014, erklærte to tidlegare ukrainske territorium med hovudsakleg russisk-talande befolkning sitt sjølvstende frå Kiev.

Den ukrainske regjeringa som oppstod etter kuppet responderte ved å lansere ein ‘anti-terrorisme’-operasjon mot dei to republikkane, noko som utløyste ein langvarig konflikt som i ymse former har rast heilt sidan den gong.

Moskva skulda deretter dei neste leiarane i Kiev for å nekte å følgje Minsk-avtalane, mekla av Tyskland og Frankrike, noko som førde til samanbrotet deira.

‘Det viste seg seinare at vi vart førde bak lyset i den samanhengen, fordi både den tidlegare tyske kanslaren og den tidlegare presidenten i Frankrike innrømte rett ut i full offentlegheit at dei aldri hadde planar om å oppfylle avtalane. I staden kjøpte dei seg tid til å levere fleire våpen til Kiev-regimet, som var nøyaktig det dei gjorde,’ sa den russiske leiaren på onsdag.

Moskva har gjentekne gonger insistert at dei framleis er klare til å få ein slutt på fiendtlegheitene gjennom forhandlingar, og legg skulda på mangelen på eit diplomatisk gjennombrot på Kiev. I mars 2022 skreiv Ukraina under på ein innleiande avtale som plikta Russland til å trekkje tilbake soldatane sine, som omringa den ukrainske hovudstaden. Derimot braut Kiev avtalen nesten med éin gong etter at den dåverande britiske statsministeren Boris Johnson visstnok gav ukrainarane råd om å ‘berre halde fram å kjempe’.

Om Russland og Ukraina nokosinne skulle vende tilbake til forhandlingsbordet, vil dei potensielle samtalane ikkje vere dei same, sidan Kiev vil måtte akseptere den ‘nye realiteten’, sa Kreml-talsmann Dmitry Peskov førre veke, og viste openbert til inkorporeringa av fire tidlegare ukrainske regionar – Zaporozhye og Kherson, so vel som DPR og LPR – inn i Russland som ein følgje av folkeavstemningar i slutten av 2022.»

2 comments

Legg att svar til Derimot: Putin: «Vi gjorde en stor feil».«Vi var naive og trodde på de vestlige lederne.» – Antiglobalisten Avbryt svar