Kva stoppar menneskeheita frå å konfrontere kreftene som har tenkt å øydeleggje oss?

Verda i dag er gjennomsyra av vondskap. Kvifor ser det ut som om folk flest sit passive og godtek det, eller til og med forsvarer det? Den største trugselen mot menneskeheita er ikkje psykopatane som skaper død, ulykke og elende, men dei som sit passive og lèt dei herje på!

Krig, bortsett frå på minste lokalnivå, er ei oppkonstruert og på førehand planlagt hending som er basert på andre og ofte skjulte motiv. I globaliseringsæraen blir krig brukt til å skape ein distraksjon frå noko som er meir betydeleg på sikt, som aktørane ønskjer å innføre under dekket av røyk og eld som dominerer bileta og retorikken på slagmarka. Målet er å slavebinde ein stor del av menneskeheita til å tilpass seg det ønskte sluttresultatet – og det mykje fortare enn ein elles kunne ha oppnådd.

Dette skriv Julian Rose i ein artikkel publisert på nettsida hans 4.november 2023. Han skriv vidare at det militær-industrielle komplekset tener på krig, og at nettopp denne profitten er ein viktig motivasjonsfaktor for at vi i dag har krigar som oppstår nærast ut av ingenting, og som aldri ser ut til å ta slutt. Her opererer nemnde kompleks som det eg kallar kaosagent. Som Rose skriv (mi omsetjing):

«Kaos er ein vital faktor i å overtale traumatiserte befolkningar til å be om at Store Bror kjem og gjer slutt på konflikten. Konflikten som desse sjølvsame ‘frelsarane’, desse agentane som fremjar elitekontroll, har vore sentrale i å starte i fyrste omgang.

Med tanke på at hendingar i verda er politisk og økonomisk manipulerte til å gje endå større makt til endå færre institusjonar og dei som styrer dei, kan ein enkelt identifisere ‘folkefiendar’.

Derimot er skilnaden mellom ein fiende i det 21.hundreåret og ein fiende frå tidlegare tider, at 21.hundreårsversjonen bruker avansert psykologisk manipulasjon som hovudvåpenet i eit stadig meir virtuelt våpenlager.

Dagens folkefiende nummer éin er difor ein meister i bedrag.

Når vi no har greidd å begripe dette, inneber dette at vi anerkjenner at vi har ein ny dimensjon å handtere for å kunne utvikle ein strategi som kan blottleggje dette bedraget, og sprengje i lufta det psykologiske grepet dei har over mesteparten av menneskeheita.

Dette kan berre bli gjort av dei som har føreseiingsevna og merksemda som gjer dei i stand til å identifisere åtferdsmønstera og motivasjonane som er felles for dei leiande operative bak prosessen som er slavebinding av menneskeheita.

Det inkluderer å kjenne igjen hovud-årsakselementa bak massehypnosen av menneskeheita. Det som får folk inn i ein sinnstilstand (og veremåte) som fører til at gode menneske ‘gjer ingenting’ når alt rundt dei krev instinktivt krev at dei straks går til handling.

Ved ei grundigare undersøking av denne alvorlege stoda, blir det openbert at noko ligg og sperrar for det vidare overlevingsinstinktet til ein diger bit av den menneskelege befolkninga.

Med ‘overlevingstilstand’ meiner eg [Julian Rose] noko meir enn det å på eit eller anna visa halde seg i live i ei krise der det fysiske vesenet er i fare. Tilstanden som er sperra er ikkje denne, dette ligg på det åndelege nivået. Den tilstanden som instinktivt gjev ein ei kjensle av kva som er rett og gale – og ei samanknyting til andre so vel som det naturlege miljøet som gjev oss næring.

Når denne samanknytte tilstanden fungerer som den skal, føler vi straks sinne når ein kva som helst del av denne kollektive, levande eininga vi alle er ein del av, blir truga av dei vondsinna handlingane til andre menneske.

Men når den ikkje fungerer – når den er sjuk – mislykkast dette sinnet i å oppstå. I staden utgjer den dominerande kjensla tilbaketrekking og passiv sjølvopphaldingsdrift. Og det er denne tilbaketrekkinga inn i ei bakgate av sjølvinteresse og likesæle overfor lagnaden til familien av mann og natur, som er den ekte pandemien i vår tid.»

Med mine eigne ord peiker Rose heilt korrekt på at folk ser ut til å vere totalt likesæle i møte med situasjonar der deira medmenneske blir utsette for grov urett. Empati for andre menneske ser ut til å ha fordufta som dogg for sola. At gode menneske rundt dei går til grunne på grunn av forhold dei ikkje kan lastast for, ser dei mildt sagt ut til å drite i. Verda har blitt råare og meir brutal, og sjølv om verda alltid har vore hjartelaus i meir eller mindre grad, ser det ut som om denne naturtilstanden er verre no enn den har vore på lenge. Folk ser ut til å berre ha mental og fysisk energi igjen til å verne om seg og sitt, og få – om nokon – forsvarer overgrep utan at dei direkte tener på det sjølv.

Rose skriv:

«Sjølvoppteke fokus på personlege preferansar blir kombinert med å gje seg hen til det som essensielt er kosmetiske bekymringar. Og dette kjem akkurat på det tidspunktet når verda blir riven i stykke av allereie planlagde og strengt påtvinga splitting som akkurat som ein vampyr syg ein tom for menneskelege verdiar og gjer scena klar for at sentralkontroll-systemet kan bli fullt ut despotisk.

Dei som har råd til den falske luksusen som egoistisk sjølvinteresse er i ei tid som denne, står som eit skjerande døme på eit fullstendig samanbrot av humanitære og spirituelle sensitivitetar som gjev livet ekte resonans og ekte meining.»

Her kan det vere verdt å sjå kva hovudstraumsmedia fokuserer på, og kva dei openbert vil at folk flest skal fokusere på. Det raser fleire krigar i verda, arbeidsløysa er rekordhøg, folk svelt, misser heimane sine og står i matkø. Det vil dei ikkje at folk skal bry seg om, her ligg fokus på seksuell nyting, Instagram, jenter som tissar på seg under trening, farevarsel om glatte vegar, kva ein skal gjere og ikkje gjere på jobbintervju, korleis ein kan få betre lønn – og andre ting som er meint som irrelevante distraksjonar for at folk flest ikkje skal finne ut at alt er i ferd med å gå til helvete.

For å parafrasere Rose, må vi kome til botnen av kjelda til dette formidable bedraget som blir utført mot ei menneskeheit som knapt nok gjer motstand.

«Ikkje berre teknologien, men det som står bak den og som har hypnotisert levande vesen til å følgje deira giftige overvakings- og kontrollprogram.

Her, so snart vi leitar djupt nok, finn vi anti-liv-agendaen som tilhøyrer den kategorien av menneskelege sjukdommar vi kjenner som psykotisk, psykopatisk og sadistisk. Slik ein tilstand av menneskeleg fråvær føreset at der ikkje finst nokon Gud. At det er mennesket som styrer universet – eller burde gjere det – og kva enn som finst ‘der ute’, er berre dei som hjelper til med å oppfylle dei grandiose ambisjonane til jordbuarar verdt å ha noko med å gjere.»

Verda er styrt av psykopatar, sadistar og narsissistar, og eg har full forståing for at det er lett for enkelte å vere flammande forsvararar av eit system der dei sjølv har lykkast. Som Rose seier, er dette «kult-overtaling». Verdas rumpe, som globalist-eliten jo er, har dette menneskesynet, og dette forplantar seg nedover i kjeda til direktørar og diverse Managers i godt betalte bullshit-jobbar som eigentleg ikkje tilfører samfunnet den drit.

«Dei yngre har blitt trena opp av Klaus Schwab og hans medsamansvorne til å vere ugjennomtrengjelege og immune overfor menneskelege kjensler. Dette er sett på som særs viktig når det gjeld den fullstendige tekno-digitale overtakinga av dagleglivet.»

Det er vi som må gjere noko med dette, for det store fleirtalet av oss er jo ikkje psykopatar! Vi burde slutte å støtte og dyrke eit gjennomròte system som øydelegg gode menneske og løftar fram vonde og moralsk forderva vesen som ser ut som menneske, men ikkje oppfører seg som menneske.

For våre vonde herskarar er det ei gåve at vi ikkje gjer opprør. Kva er det eigentleg som hindrar oss? Er det «frykt? Vantru? For mykje komfort? Kynisk tilfredsstilling med ‘dagens røvarkjøp-slaveri’?

Noko av alt, utan tvil. Men meir enn alt det samanlagt, slår eg [Rose] fast at nøkkelen er mangelen på trua på seg sjølv. Og trua på seg sjølv tydar ikkje ‘eit stort ego’, heller det motsette. Det tydar å vete at ein responderer på det som gjev råd og rettleiing på det djupaste nivået i ditt eige vesen.

Handlingar som har sitt opphav i denne kjelda er dei einaste handlingane som endeleg vil øydeleggje dei som skaper djup vondskap. Der finst ikkje noko anna svar på korleis ein frigjer menneskeheita. Der finst inga anna kraft som er i stand til å stikke hòl på og kjempe ned dei sataniske vagabondane som gjennom sitt manifest spreier livshatande skurkestrekar – nesten utan motmæle – gjennom ei krigsherja verd i dag.»

Mot og trua på at vi gjer det rette er alt vi treng. For vi er og blir på rett side av historia.

One comment

  1. En ting man kan bite seg merke i, er at de med åndelige verdier utelukkende tenker defensivt. Man skal verne om det man har. Samtidig er de med et materialistisk tankesett offensive og manipulerende. Hvis du aldri kan gå til angrep vil du alltid tape, som på et sjakkbrett. Globalistene kan holdes tilbake tusen ganger, men så vinner de nytt terreng. Dette vil fortsette inntil man sier seg villig til å kjempe og ofre for det en tror på.

    Likt av 1 person

Legg att svar til Lysalv Avbryt svar