Ny evidens: mRNA-et i covid-«vaksinar» går til åtak på morkaka, navlestrengen og fosteret hjå gravide!

Ein fagfellevurdert studie i American Journal of Obstetrics and Gynecology presenterer ny evidens for at covid-«vaksinane» er skadelege for gravide kvinner og babyane deira. «Obstetrikk» er vitskapen om fødslar. For fyrste gong har forskarar no vist korleis mRNA-et i «vaksinane» kan infiltrere blodet i navlestrengen og penetrere barrieren mellom fosteret og morkaka, der det går direkte til åtak på livmora og det utviklande fosteret med framande piggprotein.

Dette melder Natural News (mi omsetjing):

«Produsentane, då dei forklarte tryggleiken til mRNA-vaksinane sine, forsikra om at mRNA blir nedbrote i delta-muskelen til vaksinemottakarane, og gjev dei ein robust immunrespons. Denne falske forsikringa har blitt avfeia av uavhengige vitskapsfolk meir enn éin gong.

Ikkje berre slepp det injiserte mRNA-et ut frå injeksjonsstaden, men det kan ‘spreie seg systematisk’ til morkaka og navlestreng-blodet til fosteret. Den nyaste forskinga viser at den påståtte vaksinen ikkje er ei immunisering i det heile, men meir eit våpen som går til åtak på reproduksjonsevna og dermed framtidige generasjonar av menneske. Evna mRNA har til å gå til målretta åtak på morkaka vart allereie publisert før utrullinga av covid-19-vaksinane.

Etter at mRNA-et nådde reproduksjonssystemet til gravide kvinner, var forskarar i stand til å oppdage piggprotein i morkakevevet. mRNA-et kryssar ikkje berre barrieren mellom morkaka og fosteret, men det held seg òg bioaktivt, noko som tvingar kroppen til å produsere giftige piggprotein i dei områda av kroppen der naturlege biologiske prosessar er naudsynte for å oppretthalde liv.

‘Det primære målet med studien var å etterforske kunnskapsgapa rundt mRNA-terapi under graviditet, ved å bruke covid-19-vaksinen som eit fundament for framtidig utvikling innan mRNA-terapi, med tanke på den etablerte bruken den har,’ seier den korresponderande forfattaren av studien, fødselslegen dr. Nazeeh Hanna. […]

Denne innleiande, men likevel banebrytande forskinga vart utført på to gravide kvinner og deira babyar. Pasient 1 er ei 34 år gammal kvinne som vart vaksinert med to dosar av Pfizer sin covid-19-vaksine og to oppfriskningsdosar, ein frå Moderna og ein frå Pfizer. To dagar før ho fødde babyen ved hjelp av keisarsnitt, vart Pasient 1 injisert med Moderna sin mRNA-covid-19-vaksine.

Med éin gong fann forskarane eit ‘vesentleg høgt signal’ av vaksine-mRNA i morkaka sitt decidua-vev, som er det spesialiserte endometrium-laget som dannar basis for morkakebotnen. Vaksine-mRNA-et vart òg oppdaga i navlestrengen og blodprøver frå mora. Dette kan føre til syntese av piggprotein på avvege i sensitive område i kroppen, som kan ha uønskte effektar på reproduksjonssystemet og potensielt skadelege effektar på den cellulære, hormonelle og genetiske utviklinga av avkommet.

Pasient 2 er ei 33 år gammal kvinne som fekk to dosar av Pfizer sin covid-19-vaksine. Den andre dosen vart administrert ti dagar før den vaginale fødselen av babyen [i motsetnad til Pasient 1, som fekk utført keisarsnitt, fødde denne kvinna naturleg; oms.komm.]. Då forskarane analyserte morkaka, fann dei biologisk aktive piggprotein. Vaksine-mRNA-et hadde effektivt vandra gjennom blodet og gjennom barrieren mellom fosteret og morkaka, der dei kapra den normale proteinsyntesen i cellene.

Vidare analyse avdekte at vaksine-mRNA-et var lokalisert i villus stroma, som er bindevevslaget som støttar kapillæra og villustrofoblasten hjå fosteret. Dette er ei bekymringsverdig utvikling med tanke på at villus-trofoblasten er den primære barrieren mellom mora og fosteret sitt vev. Denne barrieren er ansvarleg for utveksling av næringsstoff mellom ei mor og hennar foster.

Ifølgje studien tok det to dagar for vaksine-mRNA-et å nå morkaka og omsetje piggproteina, noko som uunngåeleg skadde morkakevevet og den sunne utviklinga av fosteret i prosessen. Når vaksine-mRNA-et omkodar fostercellene til å produsere framande piggprotein, får ikkje fosteret tilgang til proteina som er naudsynte for ei sunn utvikling.

mRNA-et skaper ikkje ein tilstrekkjeleg immunrespons til piggproteina som dei omset heller. Ifølgje analysen varierte kontinuiteten til vaksine-mRNA-et (som er naudsynt for å aktivere ein immunrespons) gjennom dei ulike prøvane. mRNA-et var stort sett fragmentert i blodet i navlestrengen og meir stabilt i morkaka. Hjå Pasient 1 var berre 23% av mRNA-et framleis intakt. Hjå Pasient 2 var rundt 42% av den opphavlege integriteten til mRNA-et framleis der. Hjå Pasient 1 var integriteten til mRNA-et 85% i blodet til mora. Innan det hadde kome seg over til blodet i navlestrengen, hadde det gått ned til 13% levedyktigheit.

Dr. Hanna, som peikte på Vaccine Adverse Events Reporting System (VAERS), sa at der har vore ‘rapportar om spedbarn som døyr av trombocytopeni (lågt blodplatetal) etter vaksinasjon av mora.’ Ho sa at der er òg ‘evidens for at spedbarn får hjarteinfarkt i livmora etter vaksinasjon av mora’. Ho la til: ‘Ikkje noko av dette er ny informasjon. Det har rett og slett blitt omfattande og systematisk sensurert.’»

One comment

Legg att svar til Lysalv Avbryt svar