The Canadian Independent rapporterte for ei tid tilbake om den tragiske historia om den 37 år gamle kanadiske kvinna Kayla, som vart heilt lam etter ho fekk ein oppfriskningsdose av Moderna sin covid-19-«vaksine». Samanhengen mellom tilstanden hennar og «vaksinen» har blitt bekrefta av fleire legar. Akkurat som her i Noreg, har staten gjort seg vanskelege når det gjeld å betale erstatning til ho; dei har trenert søknadsprosessen i lang tid. Saksyndig presenterer her ei omsetjing av saka:
«Kayla Pollock er ei 37 år gammal mor frå Ontario. Livet hennar tok ei dramatisk vending etter at ho fekk Moderna sin covid-19-oppfriskningsdose. Ho opplevde lamming frå halsen og ned og har halde ut ein utfordrande prøvelse heilt sidan.
Dei tidlege åra til Kayla var prega av ufatteleg vondskap og liding. Som småbarn opplevde ho skrekkeleg og alvorleg misbruk, inkludert beinbrot, sigarettbrenning og sår som vart påført hennar hjelpelause kropp av foreldra. Hennar fryktelege situasjon medførte til slutt intervensjon frå familien og barnevernet, og ho vart til slutt plassert hjå ein omsorgsfull og kjærleiksfull fosterfamilie.
Då ho vart eldre brukte Kayla tida si på åtferdstrening av eksotiske dyr. Derimot tok ho til slutt avgjerda om å slutte i dette yrket etter at ho fekk sonen sin, då ho innsåg kor farleg jobben var.
Kayla enda til slutt opp i småbyen Mount Albert i Ontario, der ho hadde delt omsorg for sonen etter ein separasjon. Ho jobba som utdanningsassistent ved Robert Munsch Public School, der ho var assistent for barnehagebarn. Heimen hennar låg rett ved sida av skulen. Sonen til Kayla gjekk på same skulen som ho arbeidde på, og ho uttrykte at ho elska jobben sin og den positive retninga livet hennar gjekk i. Ho skildra seg sjølv som sprek, frisk og særs aktiv. Kayla gjekk på turar i skog og mark, dreiv med hagearbeid og fór på reiser med sonen sin.
Då pandemien råka hugsar Kayla at hovudstraumsmedia, politikarar og folkehelsetoppar la vekt på alvoret til viruset og oppmoda alle om å bli vaksinerte. Ho hugsar at helsetoppar spesifikt gav råd om at dei i risikogruppene burde prioritere å bli vaksinerte. Sidan ho hadde dårleg immunforsvar og var type 1-diabetikar, følgde Kayla rådet til helsetoppane og fekk dei fyrste to Pfizer-dosane i midten av 2021 og opplevde ingen problem. I tillegg nemner ho at ein annan grunn til at ho vart vaksinert, var at faren var dement og budde på langtidsavdeling på sjukeheim, og vaksinasjon skulle bli eit krav for å få tilgang til sjukeheimen.
Då bestemte Kayla seg for å ta ein oppfriskningsdose, men denne gongen var det frå Moderna. Ho hugsar at då ho gjekk for å bli vaksinert, var politiet der. Ho tykte det var underleg og spurde kvifor politiet var til stade. Ifølgje Kayla var folk opprørte over at Moderna vart gjeve i staden for Pfizer, og at det var grunnen for at politiet var der. Kayla sa at ho fekk ei litt dårleg magekjensle, men ho gjekk og fekk Moderna-sprøyta likevel. Ho forklarer at grunnen til at ho tok tredjedosen var at ho følte at denne ville bli påboden i næraste framtid dersom ho ville ha tilgang til sjukeheimen der faren budde. Ho fekk Moderna-dosen 11.januar 2022.
Fire dagar seinare skildra Kayla ein situasjon der beina hennar berre gav etter og ho kollapsa, men alt såg fint ut kort tid etter. So, ni dagar seinare, opplevde ho ei liknande hending, og på den tida ringde ho fastlegen og bad om tilvising til nevrolog fordi ho mistenkte at noko ikkje stemte.
Om morgonen 22.februar 2022 tok Kayla sitt liv ei irreversibel vending. Då ho vakna og opna auga innsåg ho plutseleg at ho ikkje kunne bevege kroppen sin. Trass sjokket seier ho at ho heldt seg roleg og byrja å rope om hjelp. Heldigvis overnatta kjærasten hjå ho, og var i oppkøyrsla og skulle til å fare på jobb. Han høyrde ho rope, ringde naudtelefonen og Kayla vart frakta til Southlake Regional Health Centre i Newmarket, Ontario.
Medan ho låg i akuttavdelinga hugsar Kayla at legen på staden fyrst avviste symptoma hennar, antyda at det sat i hovudet på ho, og framstilte ho som ein ‘sprø person’. Han ordinerte psykiatrisk konsultasjon. Alt det som Kayla fortel står å lese i pasientjournalen som vi [The Canadian Independent] fekk tak i og såg gjennom.
Til slutt vart MR utført, noko som avslørte at Kayla hadde eit særs stort sår [lesjon på fagspråket; oms.an.] på ryggmergen. Ein nevrolog følgde opp Kayla og tilrådde ein steroid-kur i eit forsøk på å minke storleiken på såret.
Kayla spurde nevrologen om såret kunne vere ein svulst. I eit lydopptak spelt inn av kjærasten til Kayla, kan ein høyre nevrologen svare ‘det er mindre sannsynleg ein svulst’ og at hans ‘magekjensle seier at det var forårsaka av vaksinen’. Då Kayla spurde legen om mange menneske har opplevd liknande ting skje med dei, svarer legen ‘mange har hatt det’.
Kayla fekk seinare greie på at ho hadde utvikla transvers myelitt, ein tilstand som avbryt overføringa av signal langs ryggmergnervar gjennom kroppen. Ho kom til å tilbringe fleire månader på sjukehuset, der ho seier ho vart tilbydd medisinassistert sjølvmord [medical assistance in dying (MAID)] ved to høve, men nekta begge gongene.
Under sjukehusopphaldet fekk Kayla steroidar, som ho hevdar hjelpte til ei viss grad, og greidde å oppnå eit snev av rørsleevne i armane, hendene og fingrane. Ho har derimot framleis absolutt inga kjensle frå halsen og ned. Visuell eksaminasjon av fingerneglene avslører rotningsprosess på grunn av mangelen på nervefunksjon. Kayla trur at dersom den fyrste legen hadde teke bekymringane hennar på alvor, heller enn å avfeie ho som ein ‘sprø person’, og straks bestilt MR, so kunne ho ha vore i stand til å gå igjen, eller oppleve kjensle i enkelte delar av kroppen der ho har inga kjensle i dag.
Etter den fyrste behandlinga på det lokale sjukehuset, vart Kayla deretter overført til Lyndhurst rehabiliteringssenter i Toronto for å gjennomføre fleire månader med intensiv rehabilitering som hadde som mål å gjenopprette hennar fysiske evner og tilpasse ho den nye realiteten. Kayla seier at uheldigvis so hjelpte ikkje rehabilitering ho.
Etter ho vart utskriven frå sjukehuset har to teke ei lang liste av legemiddel dagleg. Ho enda opp med å misse alt ho jobba so hardt for – heimen sin, evna til å ha delt omsorg for sonen, og jobben sin. Ho miste i praksis alt. Kayla fekk innvilga trygd og vart tvinga til å flytte frå Mount Albert, der sonen bur, og inn i ei leilegheit som er tilpassa rullestolbrukarar.
Kayla har stått overfor utfordringar i å skaffe seg sine vedtaksfesta timar på praktisk bistand i heimen. Ho er avhengig av ein personleg assistent for å kome seg ut av senga kvar morgon, ein annan organisasjon hjelper ho med å tilberede måltid, og om kveldane kjem ein venn heim til ho for å manuelt fjerne avføring frå tarmen og hjelpe ho i seng.
Å få erstatning via den føderale staten sitt Vaccine Injury Support Program (VISP) har vore vanskeleg for Kayla. Ho byrja søknadsprosessen i juli 2022, og følgde opp søknaden seks månader seinare. Derimot, ifølgje Kayla, var søknaden framleis under saksbehandling på den tida. Nye seks månader gjekk, og då ho etterlyste ei oppdatering, informerte programmet ho om at dei aldri hadde motteke den fyrste søknaden. Kayla søkte deretter på nytt og vart nyleg tilskriven ein saksbehandlar. Uvisse heng over ho: vil søknaden bli godkjent, og dersom den blir godkjent, når vil ho få noka form for erstatning?
Kayla står overfor utfordringar når det gjeld å utføre enkle oppgåver både heime og i lokalsamfunnet. Ho er i ein vanskeleg økonomisk situasjon og ønskjer desperat ein tenestehund. Ifølgje ho vil det å ha ein tenestehund ikkje berre hjelpe ho med sine daglege oppgåver, men òg tilby ho sårt tronge selskap.
Ein organisasjon ved namn Veterans 4 Freedom har gått inn og hjelpt Kayla, og dei har lansert ein GiveSendGo-kampanje [det kanadiske motstykket til Spleis; oms.an.] for å hjelpe ho med å få inn midlar til ein tenestehund. Her er ein link til kampanjen.»
Ein video om Kayla ligg i slutten av originalartikkelen.

Som vi har vært inne på før; *dødshjelp* vil bli til *dødsplikt* fryktelig fort.
Som med «kvaksinen» vil det humane budskap gli over til et hardt kjør om «borgerplikten ved å ikke ligge andre til last»; mange vil kjenne på dette og velge utveien.
Angiver-bevegelsen vil få en kraftig oppsving, der brautende dydsposører vil saumfare etter «unyttige» i håp om å slippe fokus på egne udugeligheter.
Pandemien viste hvordan disse egenskaper frodig blomstrer i blant oss og at vi av historien intet har lært.
ALDRI gi deg!
LikarLikt av 1 person