Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:
Ein «massiv tsunami» av død og sjukdom er i ferd med å desimere den globale, mRNA-vaksinerte befolkninga ifølgje toppvirologen dr. Geert Vanden Bossche, som åtvarar at piggproteinet er ei tikkande bombe som er programmert til å eksplodere.
Om er finst ein virolog vi verkeleg burde høyre på, so er det dr. Bossche, som på CV-en mellom anna har rolla som seniorrådgjevar i Bill og Melinda Gates Foundation, og senior-programmanager for Global Alliance for Vaccines and Immunization (eller GAVI).
Den belgiske virologen er ein ekte insider på høgt nivå, som ikkje kunne halde fram å jobbe for eliten med godt samvit. No varslar han om sine tidlegare kollegaer og hemmelegheitene deira, og det han seier om planane elitane har for menneskeheita kunne ikkje ha vore meir urovekkjande. […]
Dr. Bossche åtvarar at ei «diger, diger bølgje» av sjukdom og dødsfall blant dei som er vaksinerte med mRNA «er på veg», og denne «massive tsunamien» vil få sjukehus til å kollapse og forårsake finansielt og sosialt «kaos» i høgvaksinerte land rundt om i verda.
Bossche kom med den hastande åtvaringa då han var med på KunstlerCast-podcasten førre veke [31.mars 2024].
Om sitt arbeid med Bill & Melinda Gates Foundation og GAVI, sa han: «Eg har studert dette i fire år no. Eg veit kva eg snakkar om. Eg er i all beskjedenheit truleg den einaste som forstår immunologien bak dette.»
Han heldt fram:
«Det eg vil at dykkar publikum skal forstå, det vi vil stå overfor i den hyper-akutte covidkrisa som snart vil skje, er at vi vil måtte byggje ei heilt ny verd…»
Vi lever i kritiske tider der den globale eliten må nedkjempast før dei tek all kontroll. […] Det er vår jobb å sikre at historiebøkene i framtida skriv om covid-kartellet som dei kriminelle som dei er.
Men fyrst må vi vinne krigen mot den globale eliten og få dei rettsleg ansvarleggjort for brotsverka sine mot menneskeheita som dei har utført med psykopatisk forakt.
Dr. Bossche er ikkje den einaste toppdoktoren som er modig nok til å varsle om eliten og planane deira for global dominans.
Dei siste vekene har vi fått modige vitnesbyrd frå dr. Peter McCullough som avslørte at fleirtalet av covid-pasientar som døydde på sjukehus, vart myrda av helsepersonell som fekk «massive finansielle incentiv» for å innføre dødelege prosedyrar.
Dr. Mike Yeadon, tidlegare sjef i Pfizer, bekrefta at covid-mRNA-vaksinar opererer som eit biovåpen med det målet å avfolke jorda.
Og leiande onkolog [kreftlege] dr. William Makis avslørte at sjeldne og aggressive krefttypar eksploderer rundt om i verda.
Men vi burde eigentleg ikkje trenge desse modige spreiarane av sanning for å formidle dei dårlege nyheitene. Vi burde vere i stand til å sjå det rundt oss sjølve.
Fullvaksinerte atletar døyr som fluger. Fire profesjonelle fotballspelarar har kollapsa på direktesendt TV den siste veka åleine.
Og på éin enkel universitetscampus i North Carolina vart 150 studentar og tilsette akkurat diagnostiserte med ei rekkje svulstar og immunsjukdommar… og dei sokalla ekspertane prøver desperat å overtyde folket om at det har ingenting som helst å gjere med mRNA-vaksinar.
Naturlegvis er ikkje alle sine auge opne. Hovudstraumsmedia har framleis makt over kva mange folk oppfattar, og dei lever i eit fantasiland der krig er fred, fridom er slaveri og uvitenheit er styrke.
Orwell må då snu seg i grava.
Det er difor det er so viktig at vi held fram med å avsløre brotsverka til eliten, og at vi vekkjer opp so mange menneske som mogleg når det gjeld den verkelege agendaen til eliten før det er for seint.
Vi kjempar verkeleg vårt livs kamp og for liva til framtidige generasjonar.
Dr. Rima Laibow deler sine erfaringar om å arbeide med verdsleiarar som ikkje følte skam over å innrømme planen om å avfolke verda, ein plan som har vore under utføring i fleire tiår.
Avliving, kallar dei det. Avliving av dei «ubrukelege etarane».
Det er ikkje som om vi ikkje har blitt åtvara. Uheldigvis for fleirtalet i verda stoler dei på det kriminelle covid-kartellet, og mislykkast i å følgje åtvaringane til dei som er interesserte i å hjelpe menneskeheita.
På byrjinga av pandemien kritiserte dr. Luc Montagnier, vinnar av Nobel-prisen i medisin, massevaksinasjonsprogrammet som vart utført av regjeringar i verda, og sa at framtida til mennesket no er avhengig av dei uvaksinerte.
Om berre fleire hadde lytta til dei kloke orda til dr. Montagnier, dr. Bossche, dr. Makis og dr. Yeadon, i staden for sirenesongen til Fauci, Gates, Schwab og det globalistiske covid-kartellet.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Meget bra.
Aldri gi deg!
LikarLikt av 1 person
Takk, StormFrog 🙂
LikarLikar