Transaktivistar vil ha SLUTT på vitskap fordi den ikkje støttar deira falske forteljingar

Natural News skriv:

Ein ny artikkel i Scientific American hevdar at eksistensen av berre to kjønn faktisk er «feilinformasjon» og ikkje eit biologisk faktum, noko som viser kor mykje av skaftet dette ein gong so respekterte tidsskriftet har gått. Er vi vitne til slutten på vitskapen slik vi kjenner den?

Ifølgje publikasjonen driv «feilinformasjonen» om at der berre finst to kjønn og «overforenklar vitskapleg kunnskap, fabrikkerer og feiltolkar forsking, og fremjar falske ekvivalensar».

Den påstår òg at denne sokalla feilinformasjonen «blir brukt mot transpersonar» og som del av ein innsats til å gå etter «kjønnsbekreftande medisinsk omsorg» – og for ikkje å snakke om det faktum at den forårsakar irreversibel skade på unge menneske og får dei til å angre resten av livet.

Naturlegvis heng ingen av desse argumenta på greip. Til dømes hevdar den: «Mange av argumenta mot transrettar sentrerer seg rundt ideen om at transheit i seg sjølv ikkje er legitim – at der berre finst to kjønn, punktum finale».

Derimot treng ein ikkje ein grad innan nokon vitskap for å vete at der i realiteten berre finst to kjønn, og å kalle dette feilinformasjon fordi du ikkje likar å høyre den og ønskjer å halde fram med å låst som du er noko du ikkje her, gjer ikkje dette faktumet mindre sant.

Mange transaktivistar likar å hevde at desse er kompliserte vitskaplege konsept, og folk som ikkje er einige er rett og slett ikkje intelligente nok til å forstå. Det kan vere upassande for dei som ønskjer å utnytte og tene pengar på unge menneske ved å overtyde dei om at dei er fanga i feil kropp, men dette er elementær biologi.

Artikkelen inneheld krav om at ein må «stengje ned feilinformasjon» og snakke ut når dei ikkje-opplyste massane insisterer på at der berre finst to kjønn.

«Vi treng at folk er høglytte nok til å motstå kvart eit inntrykk på det stille fleirtalet. Du kan òg hjelpe transpersonar materielt sett. Gje dei ein jobb, hjelpe dei med å finne bustad, hjelpe dei med å betale for kjønnsskifte-relatert medisinsk omsorg,» skriv dei at jusprofessor Florence Ashley har sagt, som om det å kaste pengar på kjønnsforvirra personar på eit eller anna vis vil endre biologiske fakta.

Dette er ikkje fyrste gong Scientific American har teke denne definitivt uvitskaplege ståstaden; i 2018 publiserte dei ein artikkel med tittelen «Sex Redefined: The Idea of 2 Sexes is Overly Simplistic» [«Kjønn omdefinert: Ideen om to kjønn er i overkant forenkla»], som slår fast at kjønn faktisk er eit spektrum, heller enn binært kvinneleg og mannleg.

Forskarar som eksponerer farane tilknytt «kjønnsbekreftande omsorg» blir truga

Deira nyaste nonsens-artikkel kjem i det ein større langtidsstudie har skapt overskrifter ved å konkludere at sokalla kjønnsbekreftande omsorg vart bygt på «sviktande grunnlag», og at der rett og slett ikkje «finst god evidens som støttar den globale kliniske praksisen å ordinere hormon til personar under 18 for å setje puberteten på pause, eller overgang til det motsette kjønnet».

Forfattaren av gjennomgangen, ein tidlegare president i det britiske Royal College of Paediatrics, dr. Hilary Cass, åtvara at evidensen som støttar legemiddela som blir gjevne til dei som ønskjer å skifte kjønn, er «oppsiktsvekkjande svak», og sa at transaktivistane er dei som driv og spreier feilinformasjon. Den vart bestilt av England sitt National Health Service [det offentlege helsevesenet i landet] for fire år sidan, og byrået har sidan den gong bestemt å ikkje halde fram praksisen med å ordinere pubertetsblokkerarar til barn utanfor forskingsforsøk.

Dr. Cass har vore gjenstand for hån og misbruk av transsamfunnet sidan gjennomgangen vart publisert, og ho har sagt at ho ikkje lenger kan reise med offentleg transport på grunn av frykt for eigen tryggleik.

Derimot, bortsett frå personleg tryggleik, seier ho at den største grunnen hennar til bekymring akkurat no, er at alle dei uriktige tinga som transsamfunnet prøver å spreie om arbeidet hennar, set barn i fare.

Ho sa: «Dersom du med forsett prøver å underminere ein rapport som har sett på evidensen for helseomsorga til barn, so er det utilgjeveleg. Du set barn i fare når du gjer det.»

Det blir sagt at dette temaet blir brukt til å utnytte unge menneske i det som ofte er ei forvirrande og emosjonell tid, og det er bekymringsverdig at vitskaplege publikasjonar som brukte å vere respekterte, no driv og pushar denne falske forteljinga. Er ikkje målet med vitskapen å forstå røyndommen, ikkje fornekte den?

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

Legg att svar til Kjønn bestemmes av DNA, ikke av følelser.Kollapser trans-kjønns-bevegelsen? - Derimot Avbryt svar