Er venstreorienterte psykisk sjuke?

Raw Egg Nationalist (her henta frå nettstaden Human Events) skriv:

Er venstreorienterte tilbakeståande?

Eg fann meg sjølv stille meg dette velkjende spørsmålet nok ein gong denne veka, i det eg følgde med på blodbadet som finn stad på universitetscampusar rundt om i USA.

No, når eg seier «tilbakeståande» meiner eg ikkje berre «dum» eller «dårleg organisert» eller «udugeleg». Naturlegvis er desse folka dumme, dårleg organiserte og udugelege, same kor mykje pengar og opptrening George Soros har kasta på dei. (Dersom The New York Post og The Wall Street Journal har rett, dreiar det seg om mykje pengar og opptrening.)

Du treng ikkje studere denne gjengen særleg lenge for å sjå dette – om dei kjem med absurde krav om å få utdelt Plan B-piller og HIV-medisinar, eller prøve, på ein farseliknande måte, å bryte seg gjennom ein barrikade av politi med skjold laga av gamle søppellokk medan dei har på seg paintball-masker.

Ja, Gaza-teltaktivistane er definitivt berre ei korg unna å vere ute på bærtur.

Men eg snakkar om noko djupare. Eg snakkar om den typen folk som er venstreorienterte. Eg snakkar om biologi.

Eg innser at eg bevegar meg ut på farleg grunn her. Sist gong eg uttrykte sterke meiningar om dette temaet, under ein podcast i 2021, heiv dei pliktoppfyllande agentane for venstreliberal ortodoksi seg rundt, som dei alltid gjer, for å setje meg på plass.

Korleis kan du seie desse tinga? Veit du kven andre som sa dette?

Eg trur de kan gjette kven dei refererte til. Han hadde ein liten bart som gjekk av moten på 1940-talet, og har aldri kome tilbake etter det.

Likevel vil eg seie igjen det eg sa den gongen. Sjå på kriminalbilete av arrestantane frå Columbia og New York sine Gaza-protestar. Kva ser de? Ver ærlege.

Desse menneska er stygge og deformerte. Dei set reptilhjernen i høggir – den delen av hjernen din som er so gammal, som har overlevd so lenge, fordi meldingane dei sender til ditt medvitne sinn hindra forgjengarane våre i å, bokstavleg tala, bli utrydda.

Desse menneska er ikkje berre stygge. Dei er vonde òg.

Desse menneska har dei tryna og dei kroppane dei fortener. Dei er bokstavlege, fysiske manifestasjonar av styggheita til venstreorienterte idear.

Misforstå meg ikkje. Eg prøver ikkje å fortelje dykk at stygge menneske er vonde. Roald Dahl trefte spikaren på hovudet i The Twits [norsk tittel Dustene]. Folk som ikkje er konvensjonelt attraktive – folk som er overvektige eller har kanintenner eller ein stor, klumpete nase og utståande øyre, eller alle desse tinga – kan likevel framstå som vakre dersom dei er godhjarta. Godskapen stråler ut av dei.

Denne gjengen er annleis. Desse folka er fysiske avatarar av kaos, og deira fysiske form er ikkje utilsikta ut av det faktum. Og du veit det.

Lytt til reptilhjernen din.

På 1930-talet, i kjølvatnet av Spania sin blodige borgarkrig, lytta ein spansk psykiater til dette. Han ønskte å forstå om der var ein spesifikk type person som vart ein radikalisert venstreorientert av den typen som – eg veit då fanden – kom til å grave opp og offentleg fornedre lika til munkar og nonner, når dei då ikkje dreiv og gjekk til åtak med bajonett og slo i hel alle dei levande dei kunne oppdrive.

Dr. Antonio Vallejo Nagera klassifiserte ein tredjedel av dei engelske medlemmene av Den internasjonale brigaden som han undersøkte som «mentalt tilbakeståande». Ein annan tredjedel vart kategorisert som å lide av degenerative mentale lidingar som gjorde dei schizofrene, paranoide eller psykopatiske. Mange av desse folka var «sosiale imbesile», deduserte han, som gjorde dei til bytte for marxistisk ideologi.

«Nok ein gong får vi bekrefta at sosial forakt, frustrerte forhåpningar og misunning er kjeldene til marxisme,» skreiv Nagera.

«Det at dei engelske marxistane stadig held på den ideologiske haldninga, er eit resultat av deira bornerte sinn og mangel på kultur.»

[…]

Ein av dei mest illustrerande nylege analysane av den individuelle psykologien bak venstreekstremisme, og difor deira biologiske grunnlag, vart gjort av Theodore Kaczynski, betre kjent som Una-bombaren. Han sette av ein lang seksjon av sitt manifest, Industrial Society and Its Future, for å diskutere dei djuptliggjande nevrosane til venstreliberale, spesielt kjensla deira av underlegenheit.

Kaczynski si grundige undersøking av desse nevrosane gav innsikt med slåande klarskap og viktigheit når det gjeld forma til moderne venstreekstremisme og farane deira som ei rørsle. Slik som dette dømet:

«Venstreorienterte kan hevde at aktivismen deira er driven av medkjensle eller moralske prinsipp, og moralske prinsipp speler ei rolle for venstreorienterte av den oversosialiserte typen. Men medkjensle og moralske prinsipp kan ikkje vere hovudmotiva for venstreaktivisme. Fiendlegheit er ein for framtredande komponent i venstreåtferd; og det er òg drivet etter makt. Generelt er mykje venstreåtferd ikkje rasjonelt kalkulert til å vere til nytte for menneska som venstreorienterte påstår at dei prøver å hjelpe.»

Du treng ikkje omfamne Ted sin eigen politikk eller godkjenne handlingane hans for å sjå at han hadde rett om venstreorienterte. Kvart ord er sant. Og det siste du kan skulde Theodore Kaczynski for var vel å vere høgreekstrem.

Og medan du fyrst er i gang, les gjerne Nietzsche òg. Han hadde mykje å seie om røtene til venstreekstremisme i biologien.

Det artige med denne samtalen om biologien til venstreekstremisme, og hyla av raseri som den framkallar frå dei vanlege mistenkte, er at disiplinen psykologi har etablert, over kvar ein tvil: 1) at psykologiske trekk er arva, og 2) at politisk orientering blir avgjort, i stor grad, av dei arva trekka. Vi snakkar om Vitskap ™ her – og vi burde alle Stole på vitskapen, burde vi ikkje?

Personlegdomspsykologi er feltet der Jordan B. Peterson etablerte seg sjølv, og hans nylegaste arbeid fokuserer på det å forstå radikal venstreorientering innan rammeverket av dei sokalla «Big Five» personlegdomstrekkja (openheit, samvit, utåtvendtheit, omgjengelegheit og nevrotisisme).

Men det er naturlegvis ikkje berre venstreorientering som blir studert. Høgreorientert politisk orientering får like mykje merksemd. Som ein kunne forvente, er venstreorienterte akademikarar travelt opptekne med å gjere sitt beste for å sjukeleggjere grunnleggjande menneskeleg åtferd som «høgreorientert» og difor «farleg».

Dette har skjedd temmeleg subtilt over lang tid, i ei rekkje felt. Du ser det til dømes i studiar som hevdar at testosteron er eit «anti-sosialt» hormon, fordi menn som har høgare nivå av testosteron demonstrerer større komfort med ulikskap, konkurranse og individuell oppnåing. Berre gløym at kvart einaste samfunn nokosinne har vore urettferdig og, til ei viss grad, verdsett konkurranse og dådane til store individ – testosteron er og blir anti-sosialt.

Eg såg eit ekstremt tilfelle av dette for nokre dagar sidan. «Høgreorientert autoritarisme ser ut til å ha eit genetisk grunnlag,» stod det i overskrifta i PsyPost. Ein ny studie i Journal of Personality hevdar at individuelle synspunkt på «hierarki og sosial dominans» har eit utprega genetisk grunnlag. So langt, so vel. Eg kan seie meg einig i det. Det er truleg sant.

Men sjå på korleis «høgreorientert autoritarisme» blir definert av forskarane.

«Høgreorientert autoritarisme er karakterisert av tre vide haldningar: underkasting til autoritetar som blir oppfatta som etablerte og legitime, aggresjon mot individ eller grupper som blir sett på som avvikarar eller dissidentar frå oppfatta samfunnsnormer, og det å følgje konvensjonelle normer og verdiar i samfunnet.»

Det er i grunnen kvar einaste normal person nokosinne, alle samfunn som til no har eksistert, inkludert vårt eige, heilt til for rundt fem minutt sidan. Størstedelen av historia er høgreorientert og autoritær.

[…]

Tenk dykk om. Det dei impliserer tener føremåla til venstreorientert sosial styring perfekt. Hugs kva Marx sa: «Vekta av daude tradisjonar ligg på sinna til dei levande som eit mareritt». Jobben til kommunistar er å gjere slutt på det marerittet, éin gong for alle.

Denne studien, slik som mange andre, er knapt meir enn vitskap som leikar dekke for feberdraumane til marxistar, som ser fram til Dag Null når heile børa til historia – alle fortidige haldningar, alle dei sosiale institusjonane, vanane og truene – berre blir kasta av, og mennesket endeleg kan stå med rak rygg og rage i terrenget, og vandre rett inn i det solbada landskapet til den kommunistiske framtida.

Bortsett frå at det ikkje er slik ting fungerer. Berre spør kambodsjanarane.

Eg kan forstå kvifor det å knyte politisk orientering til biologi kan vere ubehageleg. Det antydar temmeleg klart at grunnleggjande politiske problem ikkje har noka løysing, fordi biologi ikkje har noka løysing. Du kan ikkje argumentere mot biologi, du kan ikkje skrive ein flammande tale for å endre genane til ein person. Biologi kan ikkje endrast. Biologi kan ikkje behandlast. Altso ikkje behandlast innan dei behagelege, sirleg oppstreka grensene til det liberale systemet.

Men vi er ikkje i Kansas lenger, Dorothy – er vi vel?

Omsett (og ein tanke forkorta) av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

  1. Biologen Edward Dutton kaller venstreekstreme for «Spiteful mutants.» https://odysee.com/@JollyHeretic:d/they're-not-'woke.»-they’re-«spiteful:8

    https://odysee.com/@JollyHeretic:d/Episode-13_-Why-are-SJWs-so-Physically-Unattractive_:2

    De har så mange genfeil at de hater livet, mennesker og det vakre, og forsøker å få de som er genetisk sunne til å ta til seg tilsvarende skadelige verdier.

    https://odysee.com/@JollyHeretic:d/why-do-left-wing-people-like-ugly-things:7

    Selv er jeg verken en høyretypus eller venstretypus. Liker blant annet ikke autoriteter. Nå har jo venstresiden alliert seg med billionær-klassen, for å få utryddet vestlig sivilisasjon gjennom innvandring, vaksiner og økonomisk utarming. Alt dette med vilje.

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget