I lengre tid har mobbegrupper på Facebook ført ein krig mot alle som avvik frå den smale meiningsstien som skjer seg som ein vestlandsveg gjennom det kuperte fjellandskapet som er den offentlege, norske debatten. Alle som meiner noko anna enn «fleirtalet», blir plassert i den lite flatterande båsen «konspirasjonsteoretikarar», «anti-vaxxarar», «anti-statlege» og «skrullingar». Det er lettast å avfeie alle ubehagelege sanningar som vrøvl frå personar som blir oppfatta som alvorleg sinnslidande. Enkelte er so overtyda om at meiningsmotstandarane er psykisk sjuke, at dei ringjer politi, helsevesen og barnevern og lagar helvete. Dette ser vi rikeleg med evidens på i våre dagar. Det verkar som om politi og helsevesen ikkje driv med anna enn å rykkje ut for å sjå om «det går bra» med visse personar.
Blant dei reelle konspirasjonsteoriane som blir fronta av folk som kanskje har ei eller anna psykisk liding i form av paranoide vrangførestillingar, er ideen om at jorda er flat og eigentleg ser ut som FN-logoen – der Antarktis er ein «mur» av is som fungerer som ein barriere for den større verda utanfor. Ein annan idé, som vi nemner i forbifarten, er at maktpersonar som til dømes Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre eller til og med Kong Harald er «robotar». Eller at internasjonale maktpersonar slik som kong Charles, Bill Gates, Joe Biden eller Rockefeller-/Rothschild-familiane er «reptil-romvesen» som er ute etter å slavebinde eller tilinkjegjere menneskeheita. Dette er naturlegvis tøys og tull, men problemet er jo at vi som har legitime grunnar til å mistenkje at media ikkje alltid fortel sanninga, blir sausa saman med desse tullingane.
Medan det vil krevje for mykje tid og ressursar frå vår vesle redaksjon å undersøkje om jorda er flat, eller om kongefamilien er robotar og/eller romvesen, er det eitt bestemt felt som er mindre krevjande, men likevel ganske so latterleg: Urinterapi.
Fleire av mobbegruppene som Saksyndig følgjer med på, hengjer ut folk som av ymse årsaker drikk eller dusjar seg i sitt eige piss. Etter litt kjapp og overflatisk research godt utpå ettermiddagen ein doven fredag, fann vi fram til nettsida UroTherapyResearch, driven av mellom andre legen dr. Edward Group. Saman med David Avocado Wolfe (kva for eit namn er det?) tilbyr han eit gratis webinar om det som på fagspråket blir kalla «uroterapi».
Ifølgje dr. Group kan uroterapi som praksis daterast tilbake minst 5000 år til det gamle India, og har blitt brukt av egyptarar, romarar, grekarar, kinesarar og mange fleire:
«Som ein måte å gjere kropp og sjel yngre, har uroterapi blitt brukt til å førebyggje kreft, autoimmune sjukdommar, bakterielle infeksjonar, allergiar, hjarte- og kartilstandar, cerebral parese, nyresvikt og mykje meir.»
Uroterapi blir – til vår gapskrattande vantru – skildra som «The Golden Therapy to Health»; ein gyllen helseterapi (!). Eg er riktig nok berre helsefagarbeidar, men å bruke noko so latterleg uhygienisk som piss til å førebyggje bakterielle infeksjonar må vel vere i same gate som å tenne ein motbrann i stova når det brenn på kjøkkenet. Her kan vi vel snakke om å pisse i eige reir, eller pisse i buksa for å halde varmen. Men desse folka meiner jo tydelegvis at slikt er sunt og godt for kropp og sjel.
Uroterapi blir òg kalla shivambu, truleg for å kamuflere den eigentlege meininga til praksisen overfor lettlurte, halvgamle «karrierekvinner», slik at dei ikkje skal oppdage svindelen før dei har meldt seg på og betalt deltakargebyr. Dersom du tykkjer det av og til luktar piss av slike, so skuldast ikkje dette alltid at dei er inkontinente for urin.
Dei to «hovudapplikasjonane» til uroterapi er sokalla intern applikasjon (der du drikk ditt eige piss, gjerne iblanda juice for å kamuflere den jævlege smaken!), eller ekstern applikasjon (der du gnir piss utover huda for å – tru det eller ei – førebyggje visse tilstandar slik som kviser, eksem, åreknutar, hårtap «og mykje meir»).
Enkelte konspirasjonsteoretikarar bør ein halde seg langt unna, og dei som driv med urinterapi høyrer definitivt heime i den kategorien. Heldigvis kan vi jo kjenne lukta av dei på langt hald, og dette må vel vere det einaste høvet eg kan kome på der det er reelle grunnar til å praktisere «sosial avstand»!
Sjølv om dette høyrest ut som pisspreik for dei aller fleste oppegåande folk, er det eit lite snev av vitskap oppi alt dette (men det er jaggu lite òg!). Urin som kjem rett frå blæra er i utgangspunktet steril – med mindre personen har urinvegsinfeksjon eller blærekatarr – so urin har visse antiseptiske eigenskapar. Det kan til naud brukast til å reinse sår ute i naturen når det er absolutt ingen andre alternativ tilgjengelege. Sidan urin inneheld ammoniakk, nitrogen og ymse andre næringsstoff, kan det òg brukast som gjødsel. Men dei som tyr til ein slik praksis, bør kanskje vaske frukt og grønsaker ekstra grundig før dei et det.
Urin kan i absolutt ytste naudsfall (og då skal det stå om liv!) drikkast, dersom du drikk det med det same det kjem ut or blæra. Men urin inneheld som sagt det giftige stoffet ammoniakk, so det kan berre drikkast i små mengder. Det dannar seg særs raskt bakteriar i urin, noko alle som har tømt kateterposar veit godt.
Føremålet med denne meiningsartikkelen er fyrst og fremst å slå fast at Saksyndig ikkje på nokon måte ser helsefordelane av å bruke piss til terapeutisk behandling. Som redaktør av ein kontroversiell nyheitsblogg ønskjer eg ikkje på nokon måte å bli stilt i same bås som dei som drikk og vaskar håret med urin – eg er av den bestemte oppfatninga at urin høyrer heime i toalettet.
Dette er ein meiningsartikkel skrive fort og gale av redaktøren i Saksyndig.

Vel, dette var en særs tåpelig meningsytring av en ytterst ignorant såkalt helsefagarbeider. Sjøl er jeg sykepleier og har brukt en del tid på å sette meg inn i urinterapi, hvilket artikkelforfatteren øyensynlig ikke har klart. Vedkommende tar i stedet utgangspunkt i sine egne formidable fordommer og gir bånn gass…
Akk og ve…
LikarLikt av 1 person