Forsking viser at omsorgssvikt mot pleietrengjande eldre er vanleg i Noreg

John Martin Johansen i Document skriv 17.juni 2024 om eit tema som har blitt stadig meir aktuelt dei seinare år: omsorgssvikt av pleietrengjande eldre som er innlagt på sjukeheimar og andre institusjonar. Han skriv:

«Forsker Janne Myhre ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTU) har i ein årrekke forsket på omsorgssvikt, vold og fysisk og psykisk overgrep mot eldre.

Skrekkeksempler på grov omsorgssvikt som har kommet frem i media den siste tiden, er ikke enkeltstående tilfeller, ifølge forskeren.

‘Dessverre vet vi at det ikke er unikt, det som skjer. Vi har dokumentasjon på at det skjer på sykehjem over hele Norge. Omsorgssvikten han ha ulike årsaker, men det blir ofte verken sett eller tatt tak i’, forteller hun til Dagsavisen

For ei tid tilbake skreiv ei avis, kanskje Dagsavisen, om ei eldre dame på sjukeheim som vart utsett for grov omsorgssvikt. Dette var ifølgje Sylvi Listhaug det mest ekstreme dømet ho hadde sett. Der lét personalet vere å skifte bleie på bebuaren, noko pårørande fann ut ved å skrive initialane sine på bleiene. I tillegg åt personalet brødskivene som ho skulle ha ete, i tillegg til å setje dei ein stad i rommet der ho ikkje kunne nå dei. Pårørande tok mora ut av sjukeheimen, og dette fekk sovidt vi veit ingen konsekvensar for personalet på sjukeheimen, som ligg ein stad på Austlandet.

Omsorgssvikt og mishandling av eldre er ikkje eit ukjent fenomen. Det kan sjå ut til at til dømes seksuelle overgrep blir stadig vanlegare, iallfall utifrå det som kjem fram i media. Då dreiar det seg ofte om unge menn frå muslimske land som forgrip seg på forsvarslause eldre damer. Som Janne Myhre seier i nemnde artikkel om omsorgssvikt:

«Tegn og symptomer på vold kan bli forvekslet, eller bli forsøkt skjult, med aldersrelaterte endringer. Eldre kan ha vansker med å varsle […].»

Klart, dersom demente Klara på 93 påstår at «ein svarting» kjem og valdtek ho midt på svarte natta, vil nok dei fleste avfeie dette som vrangførestillingar knytt til demensdiagnosen, i tillegg til at den fargerike (!) skildringa av personar frå visse område i verda i unge øyre høyrest grådig rasistisk ut. Men i enkelte tilfelle kan desse overgrepa faktisk vere reelle.

Vidare står det å lese:

«Ytre risikofaktorer for å bli utsatt for vold kan være lav bemanning og mangelfull kunnskap hos pårørende og andre ansatte i eldreomsorgen, og fravær av rutiner og kultur for håndtering av overgrep.

Politikk, styringsrammer og holdninger til eldre i samfunnet, kan være andre risikofaktorer.»

Det største haldningsproblemet er at enkelte har fått det føre seg at eldre er ubrukelege etarar som bør avlivast ved fyrste og beste høve, slik at dei ikkje kostar samfunnet so altfor mykje pengar. Dei pengane skal nemleg brukast på ikkje-integrerbare innvandrarar frå MENA-land, er det nokon som hevdar. Myhre slår avslutningsvis fast at eldre i samfunnet «dessverre er en gruppe som ikke prioriteres. Det gjenspeiles også i fordeling av helsetjenester, der de eldre er taperne […].» Mellom anna vart eldreombodet lagt ned i 2023.

(Sjå òg «Eldreombodet skal leggjast ned frå 1.juli medan kriminelle FÅR eit ombod – openbert kven som blir prioriterte i dagens Noreg!», publisert 26.juni 2023.)

At eldre har blitt ein salderingspost, og at eutanasi ser ut til å få stadig meir fotfeste blant helsepersonell, kan ein finne i ymse anekdotar frå pårørande som har hatt sine kjære på sjukeheim. Som Roger Dyrøy fortel i kommentarfeltet til artikkelen:

«For vår del så hadde vi mormor på Betanien, et kristent sykehjem hvor hun stort sett ble godt ivaretatt på flere måter (Bergens beste). Likevel blir bleier brukt for å kompensere for mangel på pleiere og dobesøk. Da vi omsider gav beskjed om sterk urinlukt, gikk det ikke lang tid før de begynte å injisere morfin og de andre livsavsluttende ‘medisiner’… uten at vi, familien fikk noen form for beskjed at aktiv dødshjelp var iverksatt.»

Ein annan lesar ved namn «Rin» skriv at helse- og omsorgsyrket ser ut til å ha blitt ein «oppsamlingsstad» for arbeidsledige og dei på arbeidsavklaring, «da spesielt de som mangler arbeidsopplæring, -erfaring og -kompetanse. Det er som om det ikke kreves noenting for å jobbe tett på de yngste og de eldste – helt forsvarsløse mennesker – og da slippes de dessverre til en hel del folk som rett og slett ikke er egnet til omsorgsoppgaver.»

Som svar skriv «Rj Eber»: «Vi har jo utallige hendelser, med personer fra islamske land, som både voldtar og bruker vold mot eldre. De hater jo oss hvite, så da går det utover forsvarsløse eldre.»

Blir eit problem stort nok, blir det til slutt umogleg å unngå det. Og stoda rundt om på norske sjukeheimar blir forsøkt skjult av totalitær leiing som påfører munnkorg på dei utslitne tilsette. Men dei gløymer at det finst éi gruppe som teieplikta ikkje kan stanse kjeften på: dei pårørande. Dersom dei som gruppe held fram den viktige jobben med å varsle til media, so til slutt nokon gjere noko med dette alvorlege samfunnsproblemet. Det går på truverda og tilliten til helsepersonell, som i våre dagar diverre er minimal.

Dette er ein meiningsartikkel skriven av redaktøren i Saksyndig, som sjølv jobba på sjukeheim som helsefagarbeidar i mange år.

2 comments

Legg att svar til Lysalv Avbryt svar