Ytringsfridommen i fare: FN er pådrivar for global utsletting av «hattale»

Cindy Harper på nettstaden Reclaim the Net rapporterer:

I ei pressemelding gjeven i høvet «International Day for Countering Hate Speech» [«den internasjonale dagen for motverking av hattale»], kravde FNs generalsekretær Antonio Guterres ei global utrydding av sokalla «hattale», som han skildra som ibuande giftig og fullstendig utolererbart.

Temaet sensur av «hattale» skaper vesentleg kontrovers, primært på grunn av den tåkelagte og subjektive naturen til definisjonen av det. I hjartet av debatten ligg ei djup bekymring: den som definerer kva som er hattale, har essensielt makta til å avgjere grensene til ytringsfridommen.

Denne makta, brukt utan motkontroll, fører til for mykje sensur og undertrykking av avvikande meiningar, som er det stikk motsette av prinsippa til eit demokratisk samfunn.

Guterres sette søkjelys på den historiske og noverande skaden forårsaka av hattale, og kom med skrekkelege døme slik som Nazi-Tyskland, Rwanda og Bosnia for å antyde at tale fører til vald og til og med brotsverk mot menneskeheita.

«Hattale er ein markør for diskriminering, mishandling, vald, konflikt og til og med brotsverk mot menneskeheita. Vi har igjen og igjen sett dette spele seg ut frå Nazi-Tyskland til Rwanda, Bosnia og vidare. Der finst ikkje noko akseptabelt nivå av hattale; vi må alle arbeide for å utslette det fullstendig,» sa Guterres.

Guteress snakka òg om det han antydar er den bekymringsverdige auken av antisemittiske og anti-muslimske ytringar, som blir spreidde både på nettet og av framtredande figurar.

Guteress argumenterte at landa er juridisk bundne av internasjonal lov til å bekjempe oppfordring til vald, medan dei samstundes skal leggje til rette for mangfald og gjensidig respekt. Han oppmoda nasjonar om å følgje desse juridiske pliktene og å iverksetje tiltak som både hindrar hattale og vernar om ytringsfridommen.

FNs generalforsamling markerte 18.juni som den «internasjonale dagen for å motverke hattale» i 2021.

Guterres har lege fremja nettsensur, og klaga over problemet med nett-«feilinformasjon» fleire gonger, og skildra det som «svært alvorleg», i tillegg til å antyde at ein må lage ei internasjonal lov for å handtere det.

Strategien hans involverer ein partnarskap av regjeringar, tech-gigantar og det sivile samfunnet for å hindre spreiinga av «falsk» informasjon på sosiale media, trass risikoane dette inneber overfor ytringsfridom.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

  1. I Norge har en mann nylig blitt dømt for å si: «Jeg forstår hvorfor Hitler gjorde som han gjorde mot jødene.» For det fikk han 45 000 kroner i bot og jeg tror betinget fengsel. Kanskje smakløst å si, men da er ytringsfriheten i praksis avskaffet. Vi lever i et fryktregime hvor dissidenter kan fengsles vilkårlig på grunnlag av sine uttalelser.

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget