Krig forvandlar Russland om til eit «høginntektsland» trass sanksjonar mot dei

Dénes Albert på nettstaden Remix News rapporterer:

Trass runde etter runde med sanksjonar, har Russland no slutta seg til rekkjene av høginntektsland, jamfør klassifiseringa til Verdsbanken.

Verdsbanken oppdaterer inntektsklassifiseringa til økonomiane i verda 1.juli kvart år. Den finansialle institusjonen deler landa inn i fire grupper: låg, låg-middels, øvre-middels og høg inntekt. Kalkuleringa er basert på bruttonasjonalinntekt per hovud, eller BNP [GNI Gross national income per capita på engelsk].

Dette årets rapport viser at den økonomiske veksten i Russland har auka, noko som har flytta landet frå øvre-middels til høg inntekt, ifølgje data frå Verdsbanklen, etter å ha nådd eit BNP-nivå på 14 250 dollar [150 335 kroner], der krigsøkonomien dreg Russland oppover.

I Russland, som har gått over til krigsøkonomi, har militærsektoren og eksplosiv auke i handel forsterka økonomien trass sanksjonar. Ifølgje Verdsbanken-analysen, utvida handelen seg med 6,8%, finanssektoren med 8,7% og bygg og konstruksjon med 6,6%. Som eit resultat av desse komponentane, voks reell GDP [bruttonasjonalprodukt] med 3,6%, nominell GDP med 10,9% og GNI med 11,2%.

Ukraina har òg flytta seg oppover lista, frå låg-middels til øvre-middels inntektsstatus, etter å ha blitt i stand til å få sin eigen økonomi ut or armod det siste året takka vere hjelp frå Vesten. Deira reelle GDP voks med 5,3%, sjølv om det hadde falle med 28,8% året før. GNI voks med 18,5%, og byggindustrien, takka vere krigstidsrekonstruksjon, voks med 24,6%.

Derimot peikte Verdsbanken òg på ein tragisk statistikk: GNI-veksten til Ukraina er nært knutt til den stadig minkande befolkninga, som har kome opp i 15% sidan krigen braut ut, på grunn av det store talet flyktningar og omkomne i krigen.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

Kommenter innlegget