Britiske media: Presidentskapen til Biden er ein konspirasjon mot verda

Jack Montgomery på nettstaden The National Pulse melder:

Ei leiande britisk avis skildrar presidentskapen til Joe Biden som ein «konspirasjon mot verda». Timothy Stanley, ein artikkelforfattar og leiande skribent for The Telegraph, seier at konsernmedia har inngått samarbeid med regimet i å dekkje over det faktum at ein «zombie» styrer USA.

Biden, skriv Stanley, er «ein mann i total fornekting, mogleggjort av eit system med beina godt planta i ein paranoid fantasi». Det amerikanske media, legg han til, «slutta seg til administrasjonen i å danne beskyttelse» rundt «narsissisten som ikkje kan sjå sine eigne grenser» – og har gjort dette sidan 2020-kampanjen hans.

«Journalistar villeier USA,» held Stanley fram, og viser til MSNBC-programleiar Joe Scarborough si Pravda-liknande skildring av Biden som «langt ifrå overtydande» og sanneleg «betre enn han nokosinne har vore, intellektuelt og analytisk».

Etter ein debatt «svidd inn i hukommelsen vår som eit symbol på nasjonal tilbakegang», observerer briten, har Scarborough slutta seg til Demokrat-artikkelforfattar-klassen som plutseleg sit og lirer av seg «eit tusentals artiklar» mot Bidens kandidatur ved å krevje at han trekkjer seg.

Fyrstedame Jill Biden blir òg gjenstand for kritikk, der Stanley samanliknar ho med «Edith Wilson, kona til president Woodrow Wilson som, då Woodrow fekk slag, stengde ektemannen inne på soverommet, lest som han var i orden, og tok over styringa av landet».

Medan The Telegraph i det minste på papiret er ein høgreorientert britisk nyheitsformidlar, har britiske venstreorienterte media òg vendt seg mot Biden.

The Guardian har sagt at Demokrat-partiet «ikkje kan halde fram slik som dette» i ein redaktørartikkel om ståstaden deira, og har byrja å vise til Demokrat-kommentatorane og dei som sit med makta som har vendt seg mot han.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

Legg att svar til Plutselig ser de store mediene det: Biden er uskikket. - Derimot Avbryt svar