Attentatforsøket på Trump: Ei historie om liberal oppvigling

Jack Montgomery på nettstaden The National Pulse skriv:

Liberale kjendisar, journalistar og politikarar, opp til og inkludert den sitjande presidenten, har jamt intensivert oppviglinga mot Donald Trump i forkant av attentatforsøket mot han sist laurdag [13.juli 2024].

Kjendisar

Hollywood-liberale har truga med vald eller ønskt vald mot Trump i årevis. Blant andre kalla Robert De Niro Trump for ein «hund» og ein «gris» i 2016, og uttrykte rasande at han ønskte å «dra til han i trynet».

Den påståtte komikaren Kathy Griffin poserte på infamøst vis med ein blodig modell av Trump sitt avkappa hovud i 2017. Ho hevda at ho angra etter at ho fekk kritikk – og ein betydeleg nedgang i tilbod om oppdrag – men gjentok stuntet i 2023.

Teater-direktør Oskar Eustis regisserte ein versjon av Shakespeares Julius Cæsar, der den romerske leiaren vart portrettert som Trump, komplett med eit blodig attentat, same året.

Og so i Storbritannia i 2017, spurde Johnny Depp eit festivalpublikum: «Når var siste gongen ein skodespelar utførde attentat mot ein president? … Det har vore ganske lenge sidan, og kanskje er det på tide?» Han refererte til mordet på Abraham Lincoln av John Wilkes Booth.

Madonna sa at ho «tenkte grådig mykje på å sprengje Det kvite huset i lufta» under 2017 Women’s March.

Mickey Rourke, som De Niro, snakka om ønsket sitt om å gje Trump «ein venstrehook frå helvete» ved fleire høve, mest nyleg i 2019.

Journalistar

Konsernmedia har vigla opp folket mot Trump i mange år, og intensivert forsøka sine spesielt intensivt dei siste vekene, sidan han har blitt meir populær i spørjeundersøkingar.

Tidlegare denne månaden hadde The New Republic ei framside som portretterte Trump som Adolf Hitler, komplett med bart, under overskrifta «American fascism», og insisterte at han «jaggu er nær nok, og vi bør slåst».

I desember publiserte Washington Post (eigd av Jeff Bezos) ein artikkel med tittelen «Yes, it’s OK to compare Trump to Hitler» [«ja, det er greitt å samanlikne Trump med Hitler»].

2.juli publiserte nettsida til The Huffington Post ein artikkel om avgjerda til Høgsteretten om at presidentar har immunitet mot straffeforfølging – om ikkje òg tiltal – for offisielle handlingar [som dei gjer medan dei er presidentar] med tittelen «Supreme Court Gives Joe Biden The Legal OK To Assassinate Donald Trump» [«Høgsteretten gjev Joe Biden det juridiske OK til å utføre attentat på Donald Trump»].

På liknande vis svarte BBC-programleiar David Aaronovitch på rettsavgjerda med eit «satirisk» innlegg på sosiale media som tilrår at Biden «burde få ut fingeren og få Trump myrda på det grunnlag at han [Trump] er ein trugsel mot amerikansk tryggleik».

Joe Scarborough i MSNBC-programmet Morning Joe kom med litt av ei utskjelling i november, der han åtvara at Trump «stilte som kandidat for å øydeleggje det amerikanske demokratiet» og kom til å sende i eksil, fengsle og til og med «avrette» hans motstandarar so fort han vart gjenvalt.

Politikarar

Politikarar har òg spelt ei prominent rolle i å piske opp frykt og hat mot Trump, hovudsakleg ved å spreie skremselspropaganda om at han kjem til å bli ein diktator.

«Det er ikkje tvil om på dette punktet at den mannen ikkje kan få eit offentleg embete igjen. Han er ikkje berr uskikka, han er destruktiv mot demokratiet vårt, og han må bli eliminert,» sa Demokrat-representant Dan Goldman til den tidlegare pressesekretæren for Biden, Jen Psaki, i eit opptak som har blitt spreitt mykje i kjølvatnet av attentatforsøket sist laurdag.

Robert Kagan, den krigshissande nykonservative ektemannen til krigshauk og tidlegare Biden-tenestekvinne Victoria Nuland, skreiv eit essay på 6000 ord som erklærte at «Trump-diktatur blir stadig meir uunngåeleg», og la til: «Når ein røvar brasar inn i huset ditt, kastar du alt du får tak i mot han – gryter, kjelar, lysestakar – i håp om å stoppe han og få han til å snuble».

I april kom representant Bennie G. Thompson (Demokrat frå delstaten Mississippi), rangerande medlem i komiteen for Homeland Security, kom faktisk med eit lovforslag om å fjerne Secret Service-beskyttelsen til alle som blir dømt til eit år eller meir for eit føderalt eller delstatleg brotsverk, i påvente av ein mogleg fengselsdom for Trump på Manhattan. Dette vart av mange tolka som eit trekk for å gjere det lettare for nokon å drepe han.

I 2017 la Demokrat-delstatssenator Maria Chappelle-Nadal frå Missouri ut eit innlegg der ho skreiv: «Eg håper Trump blir utsett for attentat!» på Facebook. Kongresskvinne Maxine Waters sa at ho ønskte å «fare og skyte Trump!» same året.

So lenge sidan som 2015 sa medgrunnleggjaren av Lincoln Project Rick Wilson at «Republikanar-donorklassen kom til å måtte gå og gje» dåverande kandidat Trump «ei kule i hovudet».

Biden

Kanskje ingen annan politikar har gjort so mykje for å vigle opp folket mot Trump som Joe Biden. Den sitjande presidenten, heilt fram til dagen for attentatforsøket, la ut innlegg på sosiale media om at Trump har tenkt å bli ein diktator.

5.juli, med referanse til nemnde immunitetsavgjerd, hevda han at den tidlegare presidenten «verkeleg kunne» bli ein diktator om han vart gjenvalt.

«Donald Trump er ein genuin trugsel mot denne nasjonen. Han er ein trugsel mot fridommen vår. Han er ein trugsel mot demokratiet vårt,» sa han 28.juni, og la til: «Han er bokstavleg tala ein trugsel mot alt USA står for.»

Det er eit tema han har drive og spelt i årevis: «Donald Trump og MAGA-Republikanarar er ein trugsel mot sjølve sjela til dette landet,» skreiv han i eit innlegg i 2022.

Biden bruker den same flammande retorikken privat, og sa til donorar 8.juli, som vart rapportert av pressa: «Det er på tide å setje Trump midt i blinken.» [engelsk It’s time to put Trump in a bullseye», der «bullseye» refererer til blinken på eit dartbrett; oms.an.]

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

  1. «Alle» er enige i at det ville vært en nobel handling å reise tilbake i tid og skyte Hitler før han fikk gjort sine gjerninger, dersom man fikk fatt i et våpen og ei tidsmaskin. Dette tankespill har vært diskutert i skole, media og populærkultur så lenge jeg har levd og sikkert lenger.

    Nå har samtlige vestlige krefter med «definisjonsmakt» malt et bilde av Donald som den nye Adolf i årevis, og jeg kan ikke være den eneste som har fryktet at denne framstillingen før eller siden ville medføre et attentat(forsøk) på mannen, «legitimert» av nettopp disse karakteristikker og verdenshistorien slik den har blitt oss fortalt.

    Det sagt, virker den offisielle storyen rundt attentatet helt søkt, og «as clockwork» er det et vell av ’tilfeldigheter» rundt hendelsen utelukkende egnet til ytterligere polarisering framfor en plausibel logisk forklaring folk fra alle sider kan forstå og drøfte på like vilkår.

    Det hele blir atter en gang så Hollywoodsk at fortellingen synes å måtte være scriptet, dermed framstår det bortkastet å bruke særlig energi på. Samme hvor ekte det måtte være denne gangen.

    .. om det gir mening.

    Team Humanity!

    Likt av 1 person

    • Takk for kommentar, StormFrog 🙂

      Nokre dagar før attentatet skreiv Biden (eller dei som styrer han) eit innlegg der det står at Trump burde ha hamna i «bullseye», altso i blinken. Dette kan tolkast som ei oppfordring til at «nokon» burde ta han i siktet, innforstått å skyte han. At det i tillegg kjem frå ein sitjande president, gjer saka mykje verre.

      Har Biden blitt arrestert for å oppfordre til drap? Ingenting tydar på det. Det heile kan samanliknast med at sitjande statsminister i Noreg skriv på X at nokon burde utføre attentat mot Erna Solberg. Her i landet ville det ha vore ganske absurd og særs urovekkjande, for det tydar jo at Støre er viljug til å gå over lik for å bli kvitt sin «motstandar». Mykje tydar på at Biden og hans «regime» er viljuge til det.

      Ein mann vart for ein del år sidan fengsla for å skrive at Bent Høie burde få eit nakkeskot. So det ser ut til at maktpersonar i USA får lov til å kome med drapstrugslar mot motkandidatar (les: Trump), medan vanlege folk i Noreg ikkje får lov til det. Då gjeld nemleg lovverket, og desse maktpersonane ser ut til å vere heva over både lov og alminneleg folkeskikk.

      Likar

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar