Verda strevar med å gå tilbake til normalen etter det største IT-samanbrotet i historia

Cassie B. i Natural News melder:

Verda fekk ein aldri so liten smak av kor ille over-avhengigheita vår av teknologi kan slå tilbake på oss sjølve på fredag [19.juli 2024], då eit tech-samanbrot forstyrra den amerikanske naudtenesta 911 sine system, og sjukehusoperasjonar, sette fly på bakken, og fekk banktransaksjonar og forretningar til å liggje nede for teljing over heile verda.

Mange vart tekne på senga av sjølve alvoret som dette samanbrotet forårsaka, og ein av dei mest alvorlege konsekvensane var effekten det hadde på helseomsorgssystema. Naudresponssystem låg nede hjå ymse helseomsorgsaktørar og polititenester rundt om i USA, der enkelte område måtte sende ut politipatruljar og ambulansar manuelt. Ikkje-essensielle operasjonar og sjukehusbesøk vart avlyst på sjukehus i heile landet.

I mellomtida, i England, sa National Health Service [det britiske, offentlege helsevesenet, NHS] at systemet dei bruker til å handtere pasientjournalar og legetimar vart råka, og påverka mesteparten av allmennlegekontora deira. Det offentleg finansierte National Healthcare System måtte få personalet til å arbeide manuelt med papir i eit forsøk på å tilby behandling.

I USA vart større flyselskap slik som United Airlines, American Airlines, Delta Air Lines og Allegiant Air tvinga til å setje alle flya sine på bakken. Alle flyselskapa hadde åtvara at kundar kunne forvente å oppleve stadige forstyrringar i ruteplanane. Nesten 2000 fly som skulle til eller frå USA hadde blitt avlyst fredag morgon, medan nesten 4500 vart forsinka.

Desse forstyrringane hjå flyselskapa gjekk lenger enn USA, og påverka flyplassar rundt om i verda, inkludert Schiphol-flyplassen i Amsterdam, som er ein av dei travlaste i Europa. Gatwick i London var ein annan flyplass som òg rapporterte om utbreidde forstyrringar.

Offentlege tenester frå staten vart stengde eller forsinka i delar av USA. Til dømes var offentlege tenestepersonar i delstatane Georgia, Nord-Carolina og Tennessee ute av stand til å få tilgang til enkelte av drivartenestene sine, medan sosialkontor òg vart stengde for folket i heile landet medan byrået strevde med å gjenopprette tenester.

A&M University i Texas var ein av fleire institusjonar for høgare utdanning som avlyste førelesingar, medan UPS [ei bodbilteneste; oms.an.] åtvara kundar at pakkane deira kunne bli forsinka. Enkelte tavler i New York by sitt berømte Times Square gjekk i svart, medan talrike amerikanske TV-stasjonar ikkje kunne sende lokalnyheiter. Mange butikkar strevde med å prosessere betalingar.

Samanbrotet var ein teknisk feil og ikkje eit åtak, hevdar selskap

Samanbrotet var visstnok forårsaka av ei øydelagt oppdatering frå det Texas-baserte cybertryggleiks- og teknologiselskapet CrowdStrike for Windows-vertar, som fekk Windows-PC-ar og -nettbrett til å krasje og vise ein blå skjerm-feil. Ifølgje selskapet er meir enn halvparten av Fortune 500-selskapa avhengige av programvara deira, noko som illustrerer kor vidt omfang samanbrotet hadde.

Selskapet hevdar at dei allereie har identifisert og isolert problemet, og dei har sendt ut ei løysing. Derimot kan det ta ganske lang tid før denne korrigerande handlinga blir innført. Dei rapporterer at Linux- og Mac-vertar ikkje vart påverka av feilen.

Dei insisterer at det ikkje var forårsaka av eit cyberåtak eller ei tryggleikshending, og sjølv om dette var tilfellet, demonstrerer denne hendinga nøyaktig kor øydeleggjande eit bevisst åtak av denne naturen kan vere. Ekspertar trur at det kan ta fleire veker før ting vender tilbake til normalen, til og med no når enkelte tenester byrjar å dukke opp igjen på nettet.

Denne hendinga er ein gedigen vekkjar for verda, og viser dei alvorlege risikoane som er involvert i å overlate so mange av operasjonane våre til teknologi. Medan der er mange måtar teknologi kan gjere livet vårt lettare, understrekar dette behovet for ein sterk plan for å gjenopprette ting etter ein større teknologikatastrofe, for på denne måten å forhindre liknande samanbrot i framtida frå å ha slik ei utbreidd og potensielt farleg påverknadskraft.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

Legg att svar til Derimot: Er Russland teknologisk på etterskudd?Ble ikke påvirket av datacrashet for en uke siden. – Derimot – Antiglobalisten Avbryt svar