Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice rapporterer:
Joe Biden skildra seg sjølv som «tidlegare president» under ein tale i Texas måndag [29.juli 2024], før han gjekk over i nok ein forvirra tirade om Høgsteretten.
Mannen som sit på atomkodane snøvla og stotra seg gjennom den usamanhengande talen, før han møtte veggen og framstod som djupt forvirra medan han refererte til seg sjølv som ein tidlegare president.
Etter Bidens avgjerd om å trekkje seg frå novembervalet på grunn av si skjøre mentalhelse, sa topp-Republikanar-leiarar at han måtte gå av som president «med éin gong».
«Dersom Joe Biden ikkje er skikka til å stille som presidentkandidat, er han ikkje skikka til å vere president. Han må gå av frå embetet straks. 5.november kan ikkje kome snart nok,» sa House-speaker Mike Johnson i ei melding sist sundag.
Johnson skildra Bidens trekking – på eit seint stadium – som ein «hittil usett» historisk augneblink.
«Vi må vere tydelege om kva som akkurat skjedde. Demokrat-partiet tvinga den Demokrat-nominerte ut av valsetelen, berre litt over 100 dagar før valet,» skreiv han.
«Etter å ha ugyldiggjort stemmene til meir enn 14 millionar amerikanarar som valde seg Joe Biden som Demokrat-nominert for presidentembetet, har det sjølverklærte ‘demokratipartiet’ vist seg å vere nøyaktig det motsette.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

[…] Innlegget er hentet fra Saksyndig […]
LikarLikar
[…] Innlegget er hentet fra Saksyndig […]
LikarLikar