Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice rapporterer:
Biden-administrasjonen har lovt å «permanent stengje ned X» i eit forsøk på å gjere slutt på det dei kallar «altfor mykje ytringsfridom» i USA.
På fredag [20.september 2024] indikerte Bidens Securities and Exchange Commission (SEC) [«kommisjon for tryggleik og utveksling»] i ei rettsbegjæring at dei er ute etter å sanksjonere milliardær Elon Musk fordi han ikkje har vitna i deira undersøking av sosialplattforma Twitter som han kjøpte opp og døypte om til X.
Sputnik rapporterer [henta frå InfoWars]: Regulatorane, som viste til fleire tilfelle der Musk ikkje har svart på høve til å vitne om den 44 milliardar dollars Twitter-avtalen, antyda i rettshandlinga at dei berre utøvde varselet gjeve til hans rådgjevarar «at vi blant mange andre ting kan søkje sanksjonar mot herr Musk».
I kjernen av begjæringa er Musk si avgjerd om å informere styresmaktene at han ikkje kom til å kome på eit 10.september-møte berre tre timar før møtet byrja. Reportasjar indikerer at Musk hadde vore til stade i Florida den dagen for å sjå på oppskytinga av SpaceX sitt oppdrag Polaris Dawn.
SEC ønskjer å avhøyre Musk for å avgjere om han braut nokon føderale tryggleikslover då han kjøpte opp Twitter i 2022 og døypte det om til X.
Musk har skulda SEC for å prøve å «trakassere» han gjennom uberettiga etterforskingar. I tillegg seier advokatane hans at nemnde sanksjonar vil vere «drastiske» og unaudsynlege mot klienten deira.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

[…] Innlegget er hentet fra Saksyndig […]
LikarLikar
[…] Innlegget er hentet fra Saksyndig […]
LikarLikar