Trump stemplar Harris som «mentalt svekt»

Russia Today (RT) rapporterer:

Den tidlegare presidenten Donald Trump har stempla visepresident Kamala Harris som «mentalt svekt» for immigrasjonspolitikken som visstnok lét meir enn 400 000 dømde kriminelle vandre fritt inn i USA.

Ifølgje data offentleggjort av Immigrasjons- og tollpolitiet (ICE) førre veke, vandra 425 431 dømde kriminelle og 222 141 personar med straffesaker til behandling inn i USA ulovleg, og lever fritt i landet medan dei ventar på rettsmøte og utsendingsprosedyrar.

Desse inkluderer 62 231 dømde for overfall, 56 533 med narkotikadommar, og 13 099 dømde for drap. 15 811 ytterlegare har seksualdommar.

eit kampanje-rally i Wisconsin laurdag erklærte Trump at Harris burde bli «tiltala og fjerna frå embetet» for å ha sleppt so mange kriminelle inn i landet.

Harris sleppte inn «enkelte av dei verste mordarane de nokosinne har sett,» påstod han, «og då nemner vi ikkje eingong valdtektsmennene, gjengmedlemmene, doplangarane, barnerovdyra, og dei som driv med menneskehandel av kvinner».

«[President] Joe Biden vart mentalt svekt. Kamala vart fødd sånn. Ho vart fødd sånn. Og dersom de tenkjer på det, kan berre ein mentalt handikappa person late sånt skje med landet vårt,» sa han.

Det er uklart om alle dei kriminelle nemnt av ICE kom inn i landet medan Biden og Harris sat med makta. Derimot var ei av dei fyrste handlingane til Biden som president å gjeninnføre Obama-æra-politikken «catch and release» [«fang og slepp laus»], der ulovlege innvandrarar som tek seg inn i USA blir pågripne, og deretter straks sleppt lause med ordre om å møte opp på immigrasjonshøyringar i framtida. Under Trump vart innvandrarar som vart pågripne av politi frakta rett til forvaringssenter frå og med 2019.

Der budde rundt 10,2 millionar ulovlege innvandrarar i USA i 2020. under Biden, som i 2021 gav Harris i oppgåve å kontrollere grensetryggleiken, har minst 10,6 millionar fleire teke seg inn i landet, ifølgje tal frå amerikanske Customs and Border Protection (CBP) [toll- og grensepolitiet].

Dei 425 431 dømde kriminelle som har blitt talde av ICE kjem frå ei liste på over sju millionar innvandrarar som ventar på returprosedyre, men som ikkje sit i varetekt. Dermed er det reelle talet kriminelle innvandrarar i USA langt høgare.

Veljarar som er uroa over innvandring stoler i sterk grad på at Trump skal handtere problemet. I eit forsøk på å stengje dette hòlet, har Harris teke avstand frå sine tidlegare kommentarar om innvandring – til dømes det å samanlikne ICE med Ku Klux Klan og synge «ned med deportasjon» under ein demonstrasjon. Under eit besøk til grensa mellom USA og Mexico laurdag [28.september 2024] lovde Harris å auke tilbakesending og nekte asyl til innvandrarar som kryssar grensa utanfor dei lovlege innreisepunkta.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

  1. Donald elsker å spiss formulere og hva gjelder den svarte fru Harris har han uttalt at hun er dum. Man skal ikke se bort fra at fru Harris lider. Hun har hele denne tiden levd med et angst helvete for ikke å bli å avslørt som adskillig mer enn det. Denne evinnelige gapskrattingen avslører jo faktisk en person som frykter å bli avslørt, som keiseren uten klær. Fargede har fått ekstremt mye makt. I verden idag befinner seg rett under 8 milliarder svarte. Og rundt 1 milliard hvite!

    Likt av 1 person

Legg att svar til mia Avbryt svar