Vil DU bli valt ut til eutanasi?

Dr. Vernon Coleman skriv, her henta frå nettstaden The Exposé:

Regjeringar overalt har førebudd seg på Den store avlivinga i ein del år. Dei ønskjer å kutte verdas befolkning ned til 500 millionar. Det er det eutanasi handlar om. Det handlar ikkje om å hjelpe dødssjuke til å døy med verdigheit og utan smerte.

Politikarar rundt om i verda innfører eutanasiprogram for å bli kvitt skrøpelege, handikappa og dei menneska dei ser på som ubrukelege.

Tilbake i 2010 endra den britiske regjeringa den juridiske definisjonen på handikapp. Du tenkjer sikkert at du akkurat som pornografi vil gjenkjenne handikapp når du ser det. Du vil nesten heilt sikkert ta feil.

Under er ei liste av menneske som offisielt blir rekna som handikappa – og som vil vere optimale kandidatar for eutanasi.

Du blir no automatisk klassifisert som handikappa (og, difor, sannsynlegvis ein passande kandidat for eutanasi) dersom du har:

  • Kreft.
  • Ein HIV-infeksjon.
  • Multippel sklerose.
  • Kvar ein synsmessig skavank (sjølv mild synssvekking eller delvis sjåande – som tydar at mange som rett og slett berre treng briller for å lese eller køyre godt kan vere offisielt handikappa).
  • Kvar ein progredierande tilstand slik som Alzheimers sjukdom og Parkinsons sjukdom.
  • Kvar ei fysisk eller mental svekking som har ein vesentleg og langsiktig effekt på evna di til å utføre dagleglivets aktivitetar (terminologien «langsiktig» tydar meir enn 12 månader, men langsiktig kan òg tyde fluktuerande). Det er viktig å merkje seg at barn som er fysisk eller psykisk svekte kan bli vurdert for eutanasi, men at foreldra ikkje blir konsultert.
  • Kvar ein vanske med å kommunisere med andre menneske.
  • Kvar ein vanske med å fylle ut skjema.
  • Kvar ein vanske med å lage og ete mat.
  • Kvar ein vanske med å setje seg ned eller reise seg.
  • Kvar ein vanske med å bruke ei datamaskin.
  • Kvar ein vanske med å skrive.
  • Kvar ein vanske med å vaske seg og kle på seg.
  • Kvar ein vanske med å følgje instruksar.
  • Kvar ein utsjåandemessig skavank.
  • Long covid. (Sjølv om ekspertar meiner der er ingen spesifikk sjukdom som heiter «long covid», og at dei millionane som er heime frå arbeid og klagar over «long covid» anten skulkar eller lid av psykologiske problem framkalla av frykt og feilinformasjon. Som del av trekket mot Nullnetto, blir manipulerande hjernevask-teknikkar brukt meir og meir med sjukdommar som ein gong vart sette på som milde, naturlege eller til og med ikkje sjukdommar i det heile).
  • Menopause (bisart mange kvinner i klimakteriet ønskjer velkomen moglegheita for å klassifisere seg sjølve som «handikappa», medan kvinner i klimakteriet no har rett til å jobbe heimanfrå, noko som kan forårsake problem når styresmaktene innser at dette tydar at kirurgar, sjukepleiarar, bussjåførar, flymannskap, butikkmedarbeidarar og profesjonelle langdistanse-løparar alle skal byrje å jobbe heimanfrå).
  • Alle problema som no blir skildra som døme på nevromangfald (inkludert ADHD, autisme, dysleksi, dyspraksi og so vidare).
  • Psykisk sjukdom.

Alle menneska med sjukdommane som er lista opp ovanfor er moglege kandidatar for eutanasi. Det er verdt å merkje seg at eitt av ni barn no offisielt blir klassifisert som handikappa (og den proporsjonen stig dagleg).

Dersom du ønskjer å vete meir om eutanasi, ver greie og sjå videoen min (her) eller les Jack King si bok They Want to Kill Us (her). Dr. King si book er verdas bestseljarbok om eutanasi.

Ver vennleg og send videoen min til politikarar, journalistar, radiovertar eller alle andre de kan tenkje på som kan ha påverknadskraft. Ved å dele videoen min utgjer de verkeleg ein skilnad når det gjeld å eksponere vondskapen bak eutanasi-agendaen.

Vennlegast merk dykk at som med covid-bedrageriet, vil dei som fremjar eutanasi ikkje debattere verken med meg eller dr. King. Er dei kanskje redde for sanninga?

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

Legg att svar til HT Avbryt svar