Innvandrarar i amerikanske Maine får luksusleilegheiter på skattebetalarane si rekning

Nettstaden YourNews rapporterer:

Fullt møblerte leilegheiter blir gjevne til innvandrar i Maine på skattebetalarane si rekning, der lokale leigekostnader varierer mellom 1800 og 2300 dollar i månaden [19 100 til 24 500 norske kroner].

Ein nyleg reportasje frå Savanah Hernandez, ein korrespondent for Frontline Turning Point USA, avslører at lekre, fullt møblerte leilegheiter blir tilbodne innvandrarar i Brunswick i delstaten Maine, og skattebetalarane dekkjer alt. Reportasjen set søkjelys på at desse leilegheitene, som kjem med tilbehøyr slik som flatskjerm-TV-ar blir sett til disposisjon for innvandrarar i to år, gratis.

I videoreportasjen intervjuar Hernandez lokale innbyggjarar, der mange uttrykkjer frustrasjon over korleis bustadkrisa påverkar Maine-borgarar. «Der er på noverande tidspunkt ei bustadkrise for innbyggjarar, og desse bygningane vart opphavleg laga for Maine-innbyggjarar, og so vart det bestemt at heimlause innvandrarar skal bu her,» sa Hernandez i den eksklusive reportasjen.

Ifølgje videoen er leigekostnadene for desse leilegheitene mellom 1800 og 2300 dollar i månaden, avhengig av talet soverom. I mellomtida har snittprisen for eit hus i Brunswick skote opp til meir enn 480 000 dollar [5,1 millionar kroner]. I tillegg hadde 79,1% av Maine-familiar ikkje råd til ein heim i 2023, noko som reiser bekymring om kva ein vel å bruke ressursar på.

Reportasjen avslører i tillegg at Brunswick har fått betydelege midlar frå Federal Emergency Management Agency (FEMA) [«føderalt byrå for krisehandtering»] under deira «Shelters and Services»-program [«program for husly og tenester»]. I skatteåra 2023 og 2024 sette FEMA av ein milliard dollar til dette initiativet, som har som mål å busetje innvandrarar i heile landet.

Katolske veldedigheiter har spelt ei vesentleg rolle i denne innsatsen, ifølgje reportasjen, der dei har hjelpt til med å flytte innvandrarar til Maine og gjeve dei bustader. Denne partnarskapen har fått merksemda til lokale innbyggjarar, som stiller spørsmål ved effekten dette har på bustadmarknaden og ressurstildelinga under ei pågåande krise for innfødde Maine-familiar.

I det videoen held fram med å versere, stiller den vidare spørsmål om statlege midlar og bustadprioritering, som får mange til å debattere dei langsiktige implikasjonane til slike program for lokalsamfunnet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

  1. Tror vi skal se i øynene at det som skjer i Maine er like aktuelt i Norge. Hvem står bak ? Politikere vi aldri har valgt, ikke til å benekte. Når de samme åpnet opp for familier fra Ukraina ble det full stopp for Ola og Kari. De finner seg ikke et nytt hjem om de må flytte etter 3 år, eller hvis utleier finner for godt å «selge». Mange nordmenn blir idag kastet ut av namsmann. Utleiere har funnet en inntektskilde i å leie ut møblert. Og om det kan kalles luksus er en smaksak. Prisen blir deretter selvsagt. Og nordmenn kan ikke betale og fortsetter å lete. Helt til namsmannen kommer på banen. Mediene finner andre saker å formidle. Som saker om diverse sykdommer etter korona vaksinen. Saksyndig må gjerne komme på banen!

    Likt av 1 person

Legg att svar til mia Avbryt svar