Munnbindpåbod i helseinstitusjonar frå og med 1.november – i California

José Alberto Niño på Big League Politics sin Substack melder:

Frå og med 1.november 2024 skal fem fylke i San Francisco Bay Area påby tilsette på sjukehus og andre helseomsorgsfasilitetar å gå med munnbind for å hindre spreiinga av Wuhan-virus, influensa og andre sesongvirus.

Dei fylka som skal innføre denne endringa er Alameda, Contra Costa, Santa Clara, San Mateo og Napa. Santa Clara og San Mateo skal òg påby besøkande på helseomsorgsfasilitetar å maskere seg. På fleire stader kan individ som ikkje maskerer seg når desse påboda byrjar å gjelde, risikere å bli sikta for forseelse.

Sidan Wuhan-virus-pandemien tok av i 2020, har munnbindpåbod blitt eit av dei mest polariserande temaa i amerikansk politikk.

«Munnbindpåbod gjer eit comeback i California. Vi må velje dei rette folka for å sikre oss at historia ikkje gjentek seg,» erklærte den republikanske delstatsrepresentanten Kevin Kiley.

California er ei tapt sak. Det er ein éinpartidelstat der all slags venstreorientert sosial engineering blir innført når det passar dei som sit med makta. Munnbindpåbod er leiande blant dei. Når ein skulle tru at munnbindpåbod-æraen ligg bak oss, blir vi no mint nok ein gong på det faktum at California er ei grunnleggjande irrasjonell gruppe folk med kollektiv identitet [polity i originalartikkelen; oms.an.]

Ein kan gjere narr av den sprø venstrepolitikken i California. Men det er til sjuande og sist ein trendsetjar-delstat der enkelte av dei verste politikk-eksperimenta blir innført, for so å bli gjenskapt i andre delstatar. California burde til sjuande og sist tene som ei åtvaring for høgresida om at so fort ein delstat er fanga av det kulturelle venstre, blir den ei fullstendig tapt sak.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

  1. Forferdelige greier at man bruker smitteverntiltak mot smittsomme sykdommer. Som munnbind, som brukes overalt i helseinstitusjoner også ellers. Mitt forslag er at vi dropper alt av smitteverntiltak, vaksiner, antibiotika og håndvask fremover. Stol på naturlig immunitetåheihvordetgår…

    Likar

Legg att svar til HT Avbryt svar