Ny svensk studie: 88% av dei som speler inn porno har blitt seksuelt utnytta som barn

At dei som speler inn pornofilmar og fornedrar seg sjølv på denne måten har mental bagasje, er ikkje eit ukjent fenomen. Det krevst ein heilt spesiell mennesketype til for å liggje naken framfor kamera og vise seg fram. No har forskarane bak ein ny svensk studie intervjua pornoskodespelarar, og har følgjande dystre statistikk å slå i bordet:

88% vart seksuelt misbrukt som barn. 75% var barn då dei spelte inn porno for fyrste gong. 68% har på eitt eller fleire tidspunkt prøvd å ta sitt eige liv.

Nettstaden Frihetskamp.no rapporterer dette. Dei skriv:

«Forskerne bak studien ser på porno som en fortsettelse av overgrepene i barndommen.»

Studien er utført av Megan Donevan, Linda S. Jonsson og Carl Göran Svedin. 120 svenskar er intervjua, der (ikkje overraskande) ni av ti var kvinner. Dei vart intervjua om livet sitt, psykiske lidingar og korleis det er å jobbe i bransjen. I artikkelen står det vidare:

«Studien viser at så mange som 88 prosent av deltakerne har blitt seksuelt misbrukt som barn, mens 90 prosent ble psykisk misbrukt og 78 prosent ble slått. I tillegg hadde en tredjedel av dem blitt plassert i fosterhjem eller bodd på en slags institusjon.»

65% hadde blitt valdtekne, anten framfor kamera eller «bak kulissane». Fire av fem hadde på eit tidspunkt prostituert seg, og «mange misbrukte alkohol og narkotika». 80% av deltakarane i studien hadde i tillegg blitt diagnostisert med ei psykisk liding – dei vanlegaste lidingane var posttraumatisk stressyndrom (PTSD) og depresjon. Meir enn halvparten leid av eteforstyrringar, og 70% «vise en eller annen form for selvskading». Dei såg på det å delta i videoar eller selje sex som ein måte for dei å skade seg sjølv på.

Og meir urovekkjande:

«Både autisme og ADHD var overrepresentert i gruppen, noe som forfatterne relaterer til økt sårbarhet hos deltakerne, både som barn og vaksne, spesielt når det gjelder manipulasjon.»

Dess yngre personen var når vedkomande byrja med porno, dess større risiko var der for å utvikle alvorleg PTSD.

«Forskerne bak studien beskriver at de ser på hver deltaker ut fra et perspektiv som inkluderer hele livshistorien deres. Fra dette synspunktet kan «beslutningen» om å delta i pornofilm sees på som en fortsettelse av de overgrepene de ble utsatt for som barn. De mener at det ikke handler om en voksen som tar et eget valg i egentlig mening, men også om manipulering, tvang og selvskading. De konkluderer med at porno bør sees på som en form for prostitusjon og omfattes av de samme lovene.»

Det kan diskuterast om porno i det heile teke burde vere lovleg, sidan det ikkje berre øydelegg liva til dei som lagar porno, men òg kan alvorleg hemme den mentale og emosjonelle utviklinga til dei som bruker porno. Slike stimuli kan over tid føre til seksuelle vanskar i det verkelege liv, både på grunn av overstimulering av dopaminreseptorane i hjernen, og fordi ein utviklar urealistiske forventingar til korleis sex eigentleg er.

Den triste sanninga er at porno er ein milliardindustri, og dei same mektige kreftene står i kulissane der som i Big Pharma, Big Food og andre gigantkonsern. «Mister Global» vil dope ned saueflokken på alle tenkjelege (og utenkjelege!) måtar, og kven er meir føyeleg enn kua slavar som sit heime og runkar i staden for å samle seg og styrte det korrupte, gjennomrotne, vondskapsfulle regimet?

5 comments

  1. Alle hugsar vel gruppa «Pussy Riot» som vart heia fram av Vesten og som krenkte kyrkja i Moskva? Dei fekk pengar ifrå George Soros. Finansieringa stogga brått då ei av desse depraverte kvinnene fekk ideen om å laga stunt i IKsrael.

    Likt av 1 person

Legg att svar til HT Avbryt svar