Russiske og ukrainske tenestepersonar møtest i Kviterussland

Russia Today (RT) rapporterer:

Delegasjonar frå Moskva og Kiev har møttest i Kviterussland for å utveksle lik av falne og diskutere humanitære tema, har den russiske kommisjonæren for rettar Tatyana Moskalkova avslørt.

Sist Moskalkova møtte sitt ukrainske motstykke, Dmitry Lubinets, var i januar 2023.

«Vi utveksla lister av personar besøkt av gjensidig samtykke og brev frå fangar til sine slektningar, og diskuterte i tillegg vidare humanitært samarbeid ved å tilby assistanse til sivile, inkludert å etablere staden og gjenforeining av familiar, og gjensidige besøk til fangar,» sa Moskalkova fredag i ei melding lagt ut på Telegram.

Ei familiegjenforeining har allereie funne stad. Anna Kondratyevna, ein 91 år gammal innbyggjar i Cherkasy-regionen, vart frakta til Kviterussland slik at ho kunne overførast til Russland og bli ivareteken av familien sin der.

«Sonen hennar bad oss om hjelp med å frakte mora si til Russland, der han kunne ta seg av ho,» sa Moskalkova, og sa at den ukrainske sida var einig, men situasjonen vart gjort vanskeleg av set faktum at Kondratyevna ikkje kunne flytte uavhengig.

Møtet i Kviterussland vart òg brukt til å utveksle leivningane etter falne soldatar. Russland mottok 37 lik, medan dei gav Ukraina 563. Blant leivningane som vart gjevne til Ukraina var lika til 62 krigsfangar drepne i januar i år, då eit russisk Il-76 transportfly vart skote ned over Belgorod-regionen av Ukrainas USA-forsynte Patriot-missil.

Dei skeivfordelte tala peiker på den reelle raten av dødsfall på slagmarka, har fleire russiske medieformidlarar sagt.

Moskalkova formidla eit komande møte med Lubinets i midten av oktober, utan å avsløre tid og stad. Ho sa på den tida at samtalar kom til å adressere tilstanden til fangar, skuldingar om tortur og lagnaden til sivile som med tvang vart omplassert av ukrainske invaderarar i den russiske Kursk-regionen.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget