Ein medlem av Rothschild-familien har døydd i ein brann

Mac Slavo på nettstaden SHTFPlan rapporterer:

Ein eldre medlem av Rothschild-bankdynastiet (les: kartell-dynastiet) skal ha blitt drepen i ein husbrann i Los Angeles. Brannen på ein eigedom på Lookout Mountain Avenue i Hollywood-åsane braut ut onsdag [27.november 2024], der 45 brannmenn brukte like over ein halvtime til å sløkkje flammene, sa dei.

KABC-TV Los Angeles, som er tilknytt ABC News, har rapportert at styresmaktene enno ikkje har offentleggjort namnet til offeret. Derimot har naboar som snakka med journalistar identifisert han som Will Rothschild i den styrtrike Rothschild-familien. Liket til ein mann vart seinare oppdaga inni det brende huset, ifølgje medieformidlaren, som er ABC sin flaggskip-kringkastar på Vestkysten.

Familien har skildra Rothschild til KABC-TV som «ein eksentrisk millionær – eller til og med milliardær – som eigde fleire eigedommar og dusinvis av dyre bilar». Det høyrest korrekt ut, sidan han var ein medlem av bankkartellet.

Ifølgje ein reportasje om brannen frå RT, dukka Rothschild-familien opp frå den jødiske gettoen i Frankfurt på 1800-talet og vart ein av verdas rikaste og mektigaste finansdynasti, der dei finansierte krigar og hjelpe til med å forme Europa og USA si økonomiske og politiske historie.

Årsaka til brannen til for tida etterforska. Det er ikkje tydeleg om mannen døydde før, eller som eit resultat av brannen. Der var ingen andre dødsfall eller skadar i hendinga. «Med tanke på skaden, er det so å seie vanskeleg å avgjere kva som oppstod før brannen og i kor stort omfang,» sa bataljonkommandøren i Los Angeles brannvesen, Adam Knabe, til KABC-TV.

Lokale innbyggjarar hevdar at dei vart «sorgtyngde» av nyheitene om døden til Rothschild, der ein av dei sa at Rothschild var «ein god mann, ein god nabo».

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

One comment

Legg att svar til Lysalv Avbryt svar