Det er mange ting som ser fint ut på papiret, men som ikkje fungerer i praksis. Mangfald er eit av dei. Gjensidig inkompatible kulturar kan ikkje leve fredeleg saman, før eller seinare vil det bryte ut konflikt. «Like barn leiker best» er ikkje berre ein seiemåte, det er slik verda faktisk fungerer. Her i Noreg kan utlendingar få opphaldsløyve utan å kunne eit einaste ord norsk, og utan å kunne noko som helst om kulturen til vertsfolket – men dei ser alltid ut til å finne ut kor næraste NAV-kontor ligg, og kva dei har krav på frå staten.
Sjå òg «Særs sjenerøs sosialstøtte gjer det lukrativt å vere heime og føde mange barn – utnyttar innvandrarar dette?», publisert 16.oktober 2023.
Noreg og andre vestlege land ser ut til å ofre sin eigen nasjon og kultur på altaret til den globale progressivismen. Skaden er so alvorleg at det kan ta generasjonar med fokus og innsats for å gjenoppbyggje det som gjer kvart land unikt. Er det verdt det? Absolutt, meiner Revolver.news. Endringar må udiskutabelt gjerast for å reversere øydelegginga som er forårsaka av «mangfalds»-agendaen til globalistane – men arra vil vare i uoverskodeleg framtid.
I nettstaden sine ord (mi omsetjing):
«Den brutale realiteten til venstresidas «mangfalds»-press er ufatteleg. På berre nokre få år har denne rørsla tilinkjegjort kulturar, rasert nasjonar og øydelagt tallause liv.
Ein treng ikkje sjå lenger enn til den siste krimstatistikken frå Tyskland – eit land som i praksis gav frå seg nøklane sine til fiendtlege utlendingar. Tala gjev hakeslepp og er eit unekteleg bevis på at det å ønskje flyktningar velkomne var nærast som ein dødsdom å rekne.»
X-brukaren «I Meme Therefore I Am» kjem med følgjande dystre melding:
«Statistikk viser at minst éin person blir gjengvaldteken kvar dag i Tyskland, ifølgje Innanriksministeriet. I tillegg indikerer data at 78,1% av gjengvaldtektssaker kan tilskrivast personar med innvandrarbakgrunn.»
Sjå òg «Somaliarar ligg på topp i krimstatistikken i Noreg – men dette skal haldast hemmeleg!», publisert 9.januar 2025.
I den tyske byen Frankfurt er ifølgje Remix News utlendingar ansvarlege for 100% av alvorlege seksuelle overfall i byen, og 57,4% av alle brotsverk. Dei «stakkars, elskverdige flyktningane» sprengjer all kriminalitetsstatistikk, kan det sjå ut som. Politikarane som inviterte dei til landet bur naturlegvis sjølve langt unna områda der dei kriminelle innvandrarane bur – dette er naturlegvis stoda i Noreg òg.
For å oppsummere med ein parafrase av Revolver.news sin avsluttande kommentar:
Sanninga ligg der nærast på utstilling, folkens. Statistikken er unekteleg – utlendingar som blir ønskte velkomne under venstresida sin katastrofale «mangfald er styrke»-agenda, blir ikkje integrerte. Dei får valdskriminalitet til å nå nye høgder. Det har aldri nokosinne vore so openbert. Det er på tide at europeiske land vaknar, tek tilbake nasjonane sine, og byggjer opp igjen kulturen og tryggleiken som dei har mist på grunn av uvørden og dødeleg globalisme.
Det har lenge versert ein sokalla konspirasjonsteori om at eliten utfører befolkningsutskifting av kvitne, kristne menneske i Vesten. Dagleg evidens tilseier at dette ikkje lenger kan sjåast på som ein teori. Og kven inviterer svoltne ulvar til ei sauekve og er so naive at dei trur ulvane ikkje vil forsyne seg av sauene? Dette er anten dumskap eller vondskap – eller kanskje begge delar.

Søk opp Kalergi-planen.
LikarLikt av 1 person
Takk for tipset, Lysalv 🙂
LikarLikar